Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Sammendrag

Det blir foreslått å auke løyvinga til svalbardbudsjettet med 27 mill. kroner.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) har gjennom mange år gitt stabile heilårlege arbeidsplassar på Svalbard. Ein vesentleg reduksjon i kolprisen dei siste åra har ført selskapet inn i ein svært krevjande situasjon. Selskapet har derfor måtte seie opp tilsette. Regjeringa vurderer no situasjonen og dei vidare rammene for Store Norske. Eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk er oppretthalding av norske samfunn på øygruppa. For å støtte opp om dette målet foreslår regjeringa at det totalt løyvast 50 mill. kroner som på kort sikt skal bidra til arbeidsplassar og omstilling i Longyearbyen. Samtidig vil forslag til løyving byggje grunnlaget for ny næringsaktivitet også på lengre sikt mellom anna ved å gje Innovasjon Norge ei rolle i omstillinga av Longyearbyen. Sjå også nærmare omtale i Nærings- og fiskeridepartementet sin nysalderingsproposisjon. Regjeringa vil kome tilbake til ei vurdering av behovet for ytterlegare tiltak i ny melding til Stortinget som skal leggjast fram i 2016.

Løyvinga på svalbardbudsjettet skal dekke tilskot til Longyearbyen lokalstyre på 22 mill. kroner for raskt å setje i gang arbeidet med vedlikehald og utbetring av infrastruktur i Longyearbyen som til dømes vegar, vassforsyning, bygningsmasse mv. Tiltaket vil gje etterspørsel etter arbeidskraft i anleggs- og byggjebransjen og redusere etterslep i vedlikehald.

For å sikre ei lokal forankring av arbeidet med omstilling og næringsutvikling i Longyearbyen, blir det også foreslått å løyve 4,5 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre og 0,5 mill. kroner til Svalbard Næringsforening.