Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2018 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – BERIKTIGET

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med desse reglane blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2018. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2018.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.

1.2 Utvikling i 2018 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 385 personar fekk ved utgangen av 2018 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.2.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2018 var det 271 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på 12 personar. Per 31. desember 2018 var talet på alderspensjonistar derfor 274 personar.

1.2.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2018 var det tre uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon avgang eller tilgang på uførepensjonistar i løpet av året. Per 31. desember 2018 var derfor talet på uførepensjonistar tre personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2018.

1.2.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2018 var det 115 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på 10 personar og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2018 var talet på ektefellepensjonistar derfor 107 personar.

I 2018 blei to personar innvilga ektefellepensjon.

Ved inngangen til 2018 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2018 var det derfor éin mottakar av barnepensjon i ordninga.

1.2.4 Rekneskap for 2018

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 66 669 840 kroner til pensjonar. Dette er en nedgang frå 2017. Årsaka til det er at fleire representantar får utbetaling frå nytt regelverk. Administrasjonskostnadene var i sum 1 603 716 kroner. Dette er om lag som i 2017.

1.3 Utvikling i 2018 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2018 fekk totalt 107 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2018 var det 73 alderspensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på fem personar. Per 31. desember 2018 var talet på alderspensjonistar derfor 74 personar.

1.3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2018 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på éin person. Per 31. desember 2018 var talet på uførepensjonistar derfor éin person.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2018.

1.3.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2018 var det 26 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har vore ein avgang på éin person og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2018 var talet på ektefellepensjonistar derfor 29 personar.

I 2018 tok fire personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong.

Ved inngangen til 2018 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har vore ein tilgang på éin person med barnepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2018 var det derfor tre mottakarar av barnepensjon i ordninga.

1.3.4 Rekneskap for 2018

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 15 723 714 kroner til pensjonar og 391 167 kroner til administrasjonskostnader. Dette er litt meir enn i 2017.

1.4 Sentrale hendingar i 2018

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar, moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontroll på dei ni som tok imot pensjon etter 75-årsregelen, blei utført i byrjinga av 2018. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2016.

Hausten 2018 blei det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2017 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Arild Grande, Eigil Knutsen, Anne Sandum og Hadia Tajik, frå Høgre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, frå Framstegspartiet, Helge André Njåstad og leiaren Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, frå Venstre, Terje Breivik, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, syner til Meld. St. 16 (2018–2019) Årsmelding 2018 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Meld. St. 16 (2018–2019) – Årsmelding 2018 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – blir lagd ved møteboka.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 9. april 2019

Erlend Wiborg

Terje Breivik

leiar

ordførar