Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Guro Angell Gimse, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, har forståing for at det kan verta krevjande å halda dei fristane og prosessuelle reglane som er sett for Konkurransetilsynet. Komiteen vil peika på at denne midlertidige lova er meint for å handtera ein situasjon der covid-19-pandemien gjer at det ikkje er mogleg å halda seg til dei gjeldande fristane. Hovudregelen må vera at dei gjeldande prosessuelle reglane i konkurranselova så langt som mogleg skal fylgjast. Komiteen vil òg peika på at det er ei uvisse om korleis konsekvensane av dei økonomiske tiltaka som fylgje av covid-19-pandemien vil påverka arbeidsmengda i Konkurransetilsynet framover.