Stortinget - Møte onsdag den 25. mai 1994

Dato: 25.05.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til fiskeriministeren:

Ålesund hamn er i dag det viktigaste hamneanlegget mellom Bergen og Trondheim og fungerer som regionhamn for Nord-Vestlandet, Møre og Romsdal og delar av Sogn og Fjordane. Hamna har hatt ein sterk auke av eksport både av fisk/fiskeprodukt og av godstrafikk. Då Stortinget handsama Norsk havneplan i 1990 var Ålesund hamn peika på som aktuell for å få status som sentralhamn.

Vil statsråden medverke til at Ålesund kan bli sentralhamn for Nord-Vestlandet?

Statsråd Jan Henry T. Olsen: I november 1982 skipa Fiskeridepartementet eit utval som skulle fremje forslag om ein nasjonal hamneplan. Utvalet la samferdsleøkonomiske kriterium til grunn for forslaget til eit hamnemønster. Utvalet kom til at hamner som 1) greidde seg sjølv økonomisk, som 2) tok unna meir enn 200000 tonn stykkgods, og som 3) samstundes er eit knutepunkt i det generelle samferdslemønsteret, burde inngå i eit primærnett av viktige hamner. Av landets offentlege hamner kom utvalet til at det var 14 hamner som oppfylte desse kriteria, og som kunne få status som sentrale hamner.

Utvalet si utgreiing blei gjord offentleg i NOU 1987:19 Norsk Havneplan. På bakgrunn av denne fremja Fiskeridepartementet St.meld.nr.36 (1988-1989) Om Norsk havneplan, der departementet i det vesentlege slutta seg til utvalet sine forslag. Stortingets sjøfarts- og fiskerikomite handsama Norsk havneplan i Innst.S.nr.126 (1989-1990). Komiteen var einig i utpeikinga av 14 sentrale hamner. Av desse blei sju hamner peika ut som sentralhamner. Samstundes meinte komiteen at dei resterande sju hamnene, blant dei også Ålesund, burde handsamast i fylkesplansamanheng før deira status i hamneplanen blei endeleg fastlagd.

Stortinget handsama saka i plenum den 3. april 1990, og det kom ikkje innvendingar mot komiteen sine meiningar.

Kystdirektoratet fekk i oktober 1993 eit brev frå Ålesund kommune om hamnas status som mogleg sentralhamn for Nord-Vestlandet i Norsk hamneplan. I brevet blei det referert til at Ålesund hamn av Møre og Romsdal fylkesting var peika ut som sentralhamn for Nord-Vestlandet.

Eg er kjend med at det blir arbeidd med opprusting og utbygging av hamna i Ålesund og med langtidsplanlegging for transportsystem og infrastruktur i regionen.

Ålesund hamns status som sentralhamn i Norsk havneplan er framleis til handsaming i Kystdirektoratet. Direktoratet vil sjå Ålesund hamns komande status i ei meir samla vurdering. Det ligg enno ikkje føre eit godt nok grunnlag for endeleg å kunne avklare saka i Fiskeridepartementet.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret. Når den endelege avklaringa av saka no skal handsamast av statsråden, vil eg be om ei positiv vurdering av dei verknadene ein status som sentralhamn kan få for Ålesund hamn og for heile Nord-Vestlandet.

Eg peikar i spørsmålet mitt på kva Ålesund hamn kan ha å seie for eksport av fisk, fiskeprodukt og stykkgods. I tillegg tilhøyrer vi også ein landsdel som årleg eksporterer varer til EU-landa for 11-13 milliardar kr, så det er veldig viktig av vi har god linefart mellom Noreg og Europa.

I tillegg til dette vil eg peike på ein ting som sjøfart- og fiskerikomiteen var oppteken av, at måla i Norsk havneplan er at ein skal byggje ut, planleggje og gjennomføre også ulike typar av infrastruktur i eit område som peikar seg ut som sentralhamn.

Eg vil inderleg vone at denne saka snart kan bli avklara også i Fiskeridepartementet. Ser ein på strekninga mellom Bergen og Trondheim, så er det eit ganske langt område, der ikkje noka hamn har sentralhamnfunksjon. Eg vonar difor at Ålesund hamn vil bli vurdert i den samanhengen.

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Eg har merka meg representanten Kaland si oppmoding om at eg ser med eit positivt blikk på Ålesund hamn når vi no skal føreta ein gjennomgang. Dette arbeidet pågår no i direktoratet hos oss, og eg vonar at vi kan få dette på bordet om ikkje så lang tid, slik at vi får gjort ferdig vurderinga i Fiskeridepartement på basis av det vurderingsgrunnlaget eg gjekk igjennom her i stad.