Oscar D. Hillgaar (uavh):
Jeg har da
et spørsmål til samferdselsministeren:
Sivil luftfart påføres store
merutgifter grunnet uhensiktsmessig organisering av europeisk
lufttrafikktjeneste, senest bekreftet gjennom Europaparlamentets resolusjon
om flykontroll 27. september 1994. I regi av flere, internasjonale, EU- og
nordiske organer, arbeides det med forslag til rasjonalisering og
effektivisering ved å styrke faglig kompetanse og integrere
lufttrafikktjenestens ressurser på tvers av landegrensene.
Kan den norske tjenesten tilpasses en
slik effektiv modell?
Statsråd Kjell Opseth:
På slutten av
1980-talet vart samferdselsministrane i Den europeiske luftfartskonferansen
samde om at det måtte gjerast noko for å redusere forseinkingane i
flytrafikken i Europa, som då var eit stort problem. Med bakgrunn i dette
vedtaket vart ein samd om at det ville vere naudsynt å utforme dei tekniske
systema som den europeiske lufttrafikktenesta nyttar, mest mogleg likt og
sjå til at datasystema kunne samarbeide landa imellom. Måten flygeleiarane
skal gjennomføre sitt arbeid på, skal òg gjerast mest mogleg lik. Den
europeiske organisasjonen for flysikring, EUROKONTROL, fekk oppgåva med å
leie arbeidet i eit prosjekt som vart kalla EATCHIP.
Noreg har heile tida vore med på dette
arbeidet. Sidan arbeidet i EATCHIP starta opp, har flytrafikken i Europa
auka, men forseinkingane har likevel gått nedover. Noreg har no meldt seg
inn i EUROCONTROL.
Noreg vil fylgje opp arbeidet som er
sett i gang internasjonalt, og arbeider med å rasjonalisere den norske
tenesta for at denne skal vere tilpassa dei endringar som går føre seg i
Europa.
Døme på at Noreg fylgjer opp arbeidet
som går føre seg i Europa, er den nye kontrollsentralen for Aust-Noreg i
Røyken, som er tilpassa det europeiske samarbeidet. Det kan òg visast til
at Noreg i haust har sett på om det er mogleg å nytte radarsignal frå
svenske radarstasjonar for å betre overvakinga av norsk luftrom, og om
Sverige er interessert i å nytte norske radarsignal der dei sjølve ikkje har
god nok dekning.
Oscar D. Hillgaar (uavh):
Jeg takker
statsråden for svaret som var optimistisk. Jeg har en tilleggskommentar:
Etter at vedtaket om omorganisering av Luftfartsverket i Norge fant sted her
i Stortinget, gikk vi inn på en modell hvor man brøt opp denne tjenesten pr.
regionsnivå, og man satte sammen enheter som ikke hørte med i hverandre i
denne europeiske integrasjonsmodellen. Vil statsråden i fortsettelsen av
dette arbeidet med integrasjon og effektivisering også se på
organisasjonsmodellen slik at de naturlige tjenesteenheter som hører sammen
på europeisk nivå, også får en organisering her i landet som er tilpasset
dette?
Statsråd Kjell Opseth:
Så langt eg
kjenner til, er flygeleiartenesta organisert på ulike måtar i Europa, og i
Noreg har vi valt å regionalisere også flygeleiartenester. Eg kan ikkje sjå
at det er nokon erfaringar med det som tilseier at ein skulle revurdere ei
slik ordning.