Stortinget - Møte onsdag den 14. desember 1994

Dato: 14.12.1994

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Jon Lilletun (KrF): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Fleire søknader om godkjenning av privatskular har lege svært lenge i departementet. Dette gjeld til dømes Framnes vidaregåande skule og Møre ungdomsskule sine søknader frå årsskiftet 1992-93. » - I parentes må eg nemne at dette gjeld den siste skulen.

« Vil statsråden no gje desse skulane svar, og vil han for framtida leggje opp til betre og raskare rutinar for slike saker?

Statsråd Gudmund Hernes: Godkjenning av private skolar med rett til tilskott etter privatskolelova er ein tidkrevjande prosess. I samsvar med privatskolelova skal søknaden sendast til forskjellige instansar til fråsegn. Skolens faglege innhald skal godkjennast av faggrupper i departementet eller av Statens Utdanningskontor. Sidan ein søknad om godkjenning med rett til statstilskott er innom fleire instansar, vil det ta tid frå søkjaren sender søknaden til han er ferdigbehandla. Det hender også at søkjaren må kontaktast på grunn av manglande opplysningar som er vesentlege for at søknaden kan ferdigbehandlast. Slike ting vil også forlengje saksbehandlingstida.

Det heiter i forarbeida til lova, Ot.prp.nr.58 (1983-1984), side 51:

- Ingen skole kan pårekne å bli godkjent og få tilskudd fra samme år som søknaden fremmes, jf. foran om departementets synspunkter på forståelsen av stikkordet « overslagsbevilgning

- Søknader som fremmes innen 1. februar, som fyller lovens krav for godkjenning, og som departementet etter en samlet vurdering finner bør godkjennes må søkes innpasset i departementets budsjettframlegg for det etterfølgende år.
- Søknader som fremmes etter 1. februar, vil av hensyn til tidsfrister m.v. for departementets budsjettarbeid som hovedregel måtte vente til det derpå følgende budsjettframlegg. »

I Innst.O.nr.53 (1984-1985), side 15, uttaler fleirtalet i komiteen mellom anna:

« Som hovudretningsliner for det vidare arbeidet med godkjenning av private skular, skisserer departementet eit opplegg som fleirtalet kan slutta seg til ...
Fleirtalet finn det naturleg at departementet arbeider vidare etter desse hovudlinene. »

Når det gjeld dei to søknadene om godkjenning av skolar som det er vist til i dette spørsmålet, er det å seie: Sunnmøre Indremisjons søknad er datert 29. januar 1993. Etter grunnskoleloven § 14 er det Statens Utdanningskontor som skal godkjenne undervisningsplanane. Statens Utdanningskontor i fylket har gitt søkjaren rettleiing om å utarbeide undervisningsplanar. Slike undervisningsplanar mottok Statens Utdanningskontor til godkjenning i brev datert 4. juni 1994. Saksbehandlingstida må i dette tilfellet sjåast i samanheng med tidspunktet då dei nødvendige opplysningane vart sende inn til utdanningskontoret.

Når det gjeld Framnes vidaregåande skole, vart søknaden om godkjenning med rett til statstilskott etter privatskolelova send til departementet via Statens Utdanningskontor i brev datert 24. mars 1994. Den tida som er brukt i denne aktuelle saka, er såleis ikkje spesielt lang samanlikna med saksbehandlingstida i tilsvarande saker.

Departementet har lagt opp til betre rutinar på området. Statens Utdanningskontor skal ha same rettleiings- og informasjonsoppgåver overfor private skolar som overfor den kommunale grunnskolen. Det vil gjere det enklare for privatskolane å få konkrete svar på sine spørsmål, og det vil avlaste departementet.

Departementet har omorganisert arbeidet med privatskolar frå 1. juni 1994. Målsetjinga er å få ein meir effektiv og formålstenleg struktur også for behandlinga av privatskolesaker.

Departementet arbeider med

  • retningslinjer og krav for godkjenning av undervisningsplanar, særleg knytte til minimumskrav og avvik når det gjeld det faglege innhaldet i undervisninga
  • retningslinjer for departementet og Statens Utdanningskontor sitt arbeid med godkjenning og oppfølging av private skolar, t.d. rettleiing om utforminga av søknader

Retningslinjene vil medverke til raskare saksbehandling

  • ved at søknadene blir meir fullstendige
  • ved at saksbehandlinga i Statens Utdanningskontor og departementet blir meir systematisert

For å styrkje saksbehandlingskapasiteten har departementet auka bemanninga på området.

Gunnar Breimo: hadde her overtatt presidentplassen.

Jon Lilletun (KrF): Eg takkar statsråden for svaret. Det er ein del av svaret som gjev grunn til å forvente forbetring. For denne representanten er håp eit sentralt omgrep, og det er håp i svaret som ligg føre frå statsråden. Eg må nok seie at når ein går inn i desse to einskildsakene og ser kvar det har teke tid før ein har fått klarlagt ting, trur eg nok ein kunne omtale det som ei slags lidingshistorie, i alle fall når det gjeld den eine søknaden. Det skal vi ikkje leggje mest vekt på no, men når ein opplever at dette skjer, verkar det som om det er for å avgrense talet på privatskular. Men kan desse to skulane no rekne med at dei får svar før jul, slik at dei kan planlegje sitt arbeid ut frå dei føresetnadene som dei hadde lagt?

Statsråd Gudmund Hernes: Representanten Lilletun er jo kjent med at de største lidelseshistoriene er de som ender med de største løft.

Når det gjelder spørsmålet om vi her kan love at de skal få svar til jul, bør man i julen mer enn i noen annen tid være varsom med å gi løfter som kanskje ikke kan holdes, så jeg tror ikke at jeg skal love det her og nå. Men det jeg skal love, er at vi raskt skal behandle denne saken etter de nye rutinene som er lagt opp. Det forutsetter selvsagt at vi nå har fått alle tilgjengelige opplysninger, og at de øvrige instanser som slike saker må gå gjennom, har gjort seg ferdig med sitt arbeid.

Jon Lilletun (KrF): Etter det søkjarane har sagt, vart det stadfesta i juni og tidleg i haust at samtlege opplysningar ein trong, var på plass i departementet.

Eg tykkjer at dei har hatt såpass god tid til disposisjon at det må kunne gå an ikkje berre å ha eit fromt juleønske om å få svar, men at ein verkeleg må kunne få eit svar. Når det gjeld for eksempel Framnes, er det snakk om å byggje ned ein skule og setje i gang ein heilt annan. Det er to prosessar der mange tilsette er involverte. Derfor er det ei klår plikt for det offentlege å gjere dette på ein ryddig måte. Det er heller ikkje lagt til grunn auka utgifter for staten, for utgiftene er der allereie gjennom ein folkehøgskule, som går over til å verte ein vidaregåande skule. Derfor er det heller ikkje nødvendig med tilleggsløyvingar. Men det er nødvendig at departementet behandlar saka raskt. Eg ber derfor no ein gong til - ikkje om ei mjuk julepakke, men om ei hard julepakke, som er konkret, og som gjev desse skulane ein tryggleik før jul.

Statsråd Gudmund Hernes: Dette var jo et kraftig juleønske! Jeg trodde ellers at representanten Lilletun kom fra et parti som la større vekt på det som treet symboliserte, enn på det som lå under treet.

Når det gjelder det ønsket som uttrykkes her, skal jeg imøtekomme det - i hvert fall så langt som til å si at vi skal arbeide med denne saken så raskt som mulig. Det som selvsagt er situasjonen, er at dette ikke er den eneste saken som ligger i departementet. Vi er nødt til å se de ulike saker som ligger der i sammenheng, også når det gjelder den behandlingstid som går med. Vi skal allikevel gjøre det vi kan for at saken skal bli raskt avgjort.