Stortinget - Møte onsdag den 29. november 1995

Dato: 29.11.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Arne Haukvik: « Vil statsråden arbeide for at trafikken til og frå NSBs godsterminal på Alnabru kan skje direkte via E6 ved at det blir bygt av- og påkøyringsramper på Alnabru, slik at trafikken på boligvegane blir redusert til eit minimum? »

Statsråd Kjell Opseth: I samband med utbygginga av godsterminalen på Alnabru vart det stilt krav om at terminalområdet måtte få direkte samband til riksvegnettet innan 1. januar 1994. Grunngjevinga for dette kravet var å avlaste tilstøytande bustadområde for unødig trafikk og leie transportane mest mogleg direkte til hovudvegnettet.

Statens vegvesen gjennomførte i samarbeid med dei kommunale styresmaktene to utgreiingar der aktuelle samband mellom Alnabru-terminalen og riksvegnettet vart vurderte. Begge utgreiingane konkluderte med at full utbygging av krysset mellom E6 og Tvetenveien/Nedre Kalbakkvei, kombinert med omklassifisering til riksveg av Alfasetveien og delar av Tvetenveien/Nedre Kalbakkvei, ville vere både økonomisk og trafikalt den gunstigaste løysinga.

I tråd med dette vart kryssutbygginga og tilhøyrande omklassifisering av vegnettet gjennomført i 1993. Godsterminalen på Alnabru har ved denne løysinga direkte samband til både E6 og Rv 163, Østre Aker vei. På strekninga mellom desse to riksvegane ligg det i dag ikkje bustader. Dagens samband mellom godsterminalen og hovudvegnettet er derfor også ei miljømessig god løysing.

E6 har på den aktuelle strekninga ved Alnabru i dag fire køyrefelt i kvar retning. I tillegg ligg også to kommunale vegar nær inntil motorvegen på denne strekninga. Eg meiner, på same måten som Statens vegvesen, at det av arealmessige, trafikktekniske og tryggleiksmessige årsaker ikkje er aktuelt å etablere eit nytt kryss i dette området.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar statsråden for svaret, som for så vidt var fornuftig. Men det er ikkje fullstendig. Saka er at i Gamle Strømsvei køyrer det tungtrafikk som berre det. Trafikantane tar ikkje omsyn til at dei kan kome fram til godsterminalen ved å køyre lovleg.

Derfor må eg bare oppmode statsråden om saman med sine folk å sjå til at ein får eit forbod mot gjennomkøyring i Gamle Strømsvei ved Alnabru, slik at tungtrafikken blir nøydd til å køyre anten Østre Aker vei eller E6 for å kome dit. Og da får dei finne seg i å køyre ein liten omveg, for slik det er nå, blir dei som bur der oppe og kanskje har budd der i aldri så lang tid, innesperra av ein forferdeleg trafikk. Og den trafikkplagen skapar vanskar både for fotgjengarane og for dei som bur der.

Bjørg Hope Galtung hadde her teke over presidentplassen.

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Haukvik er nok meir lokalkjend i dette området enn eg, men dersom det er slik at tungtrafikken følgjer andre vegar enn det som var meininga, nemleg at dei køyrer Gamle Strømsvei, er det eit spørsmål eg skal ta opp med Vegdirektoratet og be dei sjå nærare på. Den løysinga for trafikken der oppe som eg nemnde i mitt hovudsvar, bygde på at trafikken ikkje skulle få følgjer for nokon av bustadene.

Arne Haukvik(Sp): Eg takkar for nok eit positivt svar. Det ser ut til at vi skal finne ei skikkeleg løysing på dette problemet.

Eg vil bare minne statsråden på at ved at NSB skipa sin terminal der oppe, har det dukka opp ei mengd transportfirma i strøket som har ført til mykje trafikk, og eg må be statsråden snarast mogleg ta kontakt med sine folk for å finne ei løysing som gjer at tungtrafikken må køyre der den er pålagd å køyre, og få køyreforbod i dei andre bustadvegane.