Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996

Dato: 31.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): « Ifølge NRK Dagsnytt misser kvar sjette tilsett i Postbanken arbeidet sitt i løpet av 1996.

Meiner statsråden eit slikt vedtak samsvarer med Stortinget sine føresetnader då Postgiro og Norges Postbank vart fusjonerte? »

Statsråd Kjell Opseth: Formålet med verksemda til Postbanken er å sikre og styrkje eit likeverdig tilbod av bank- og betalingstenester i heile landet, knytt til postverket sitt nett. Banken skal søkje etter eit overskot, slik at banken sin eigenkapital får ei avkasting på line med det som er vanleg i næringa. Dette er i samsvar med premissane for opprettinga av banken, som blei stadfesta i finanskomiteen si Innst.S.nr.212 (1993-1994), der representanten Meltveit Kleppa var saksordførar.

Som ein lekk i arbeidet med omstilling og for å nå dei overordna måla har styret for banken funne det naudsynt å redusere talet på tilsette med 385 årsverk fram til utgangen av 1996. I dette talet ligg òg dei 100-140 årsverka som i St.prp.nr.38 (1993-1994) vart rekna som overtalige som ein direkte verknad av samanslåinga. Om lag 170 av dei nemnde 385 årsverka gjeld mellombels innleigde vikarar i samband med omlegginga til ny teknologi, som Postgiro hadde starta opp før fusjonen.

I St.prp.nr.38 gav departementet uttrykk for at ein ikkje såg bort frå at ei fusjonert eining på lengre sikt ville kunne drive med lågare bemanning enn Postgiro og Postbanken kvar for seg, og at Postgiro og Postbanken sine omstillingsprosessar, uavhengig av spørsmålet om fusjon, ville måtte omfatte tiltak som kunne innebere reduksjon i bemanningsbehovet. Press på inntektene gjer at ein må redusere kostnadene.

Bemanningsreduksjonen skal så langt det er mogeleg gjennomførast utan oppseiingar. Styret for Postbanken har vedteke ei omfattande pakke av tiltak for å lette omstillinga. Der ein finn andre høvelege arbeidsplassar i banken, vil det bli gitt tilbod om omplassering. Vidare vil det bli gitt tilbod om førtidspensjonering, støtte til kompetanseheving og skulegang m.m. Det er òg oppretta ei eiga omstillingseining i banken for å støtte dei overtalige.

Ein bemanningsreduksjon i Postbanken er naudsynt om banken skal makte å innfri dei politiske forventningane om å medverke til å halde oppe eit likeverdig tilbod av bank- og betalingstenester gjennom postverket sitt nett.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Framtida for dei tilsette var eit eige tema då saka om fusjon blei behandla i Stortinget. I Innst.S.nr.212 (1993-1994) står det m.a. følgjande:

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse, har vidare merka seg at sjølve fusjonen ifølge departementet kan medføra ein reduksjon i personellbehovet på omlag 100 personar, men at ingen skal seiast opp som ei direkte følgje av fusjonen. Fleirtalet vil understreka at det må arbeidast målretta med å gje eit vidare tilbod til dei såkalla « overtalige », gjennom omplassering, kompetanseheving og andre aktive tiltak.

Det var altså då snakk om om lag 100, i dag er det snakk om 385. Eg registrerte ikkje at statsråden svarte på om Stortinget sine føresetnader framleis ligg til grunn.

Statsråd Kjell Opseth: I St.prp.nr.38 (1993-1994) vart det rekna med eit tal overtalige på 100-140 årsverk. I tillegg er altså 170 årsverk innleigde vikarar. Det viktige er at ein får til denne omstillinga utan at nokon blir sagt opp, og på det området er Postbanken i ferd med å handtere dette innanfor dei rammer som Stortinget har sett.

I førre spørsmålet frå representanten Kleppa galdt det effektivisering av postverket og postnettet, i dette tilfellet gjeld det effektivisering av Postbanken, som er ein viktig føresetnad for å halde oppe postnettet. Det er ikkje slik at ein kan velje på øvste hylle, ein må gjennomføre dei tiltaka som er nødvendige dersom ein ønskjer eit postverk som består av alle delane i desse tenestene.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg merka meg at statsråden her brukar både tenester i heile landet og effektivisering som grunngjeving. Og eg vil håpa at tenester i heile landet kunne vera overordna effektivisering. Eg kjenner frå mitt eige fylke at postverket si effektivisering i bynære strøk medfører kutt i opningstider, auka gebyr på skranketenester og forlenging av køane ved dei andre bydelskontora. Den slags effektivisering trur eg ikkje er rette vegen å gå.

Men så til tilbake til det som saka i dag gjeld. Det gjeld ein arbeidsplass med stor uro, med mange kvinnearbeidsplassar. Det er vel ikkje slik at statsråden her går god for at det ikkje er oppseiingar på gang? På kva måte har han brukt det ansvar og den makt han har til å ta vare på dei tilsette på den måten som Stortinget i si tid la til grunn?

Statsråd Kjell Opseth: Eg kunne nok gripe inn og hindre ei effektivisering av Postbanken, men det ville medføre at eg også seier at Postbanken ikkje skal drive rasjonelt. Og langtidsverknaden av det er at denne banken vil bli utkonkurrert, med dei følgjene det vil ha ikkje berre for banken sine kundar, men også for Posten sitt nett. At ikkje dette uroar representanten Meltveit Kleppa, er for meg vanskeleg å forstå, men vi har sannsynlegvis vidt forskjellig syn på korleis den verkelege verda ser ut.