Øystein Hedstrøm (Frp):
Jeg har
følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Politiet har lenge hatt indikasjoner
på at regelverket brytes ved frakt av farlig gods på norske ferger. Moss
politikammer har avdekket at sjåfører smugler farlig gods med Bastøfergene.
Merkingen fjernes eller byttes før bilene kjører om bord. Dermed fraktes
gods som er ulovlig på passasjerferger.
Hva kan statsråden bidra med for å
bedre forholdene?
Statsråd Kjell Opseth:
Det er visse
restriksjonar med omsyn til kva som kan takast med av farleg gods på dei
einskilde ferjene. Dessutan er det høgare ferjetakstar enn for anna gods.
Dette kan gjere det lønsamt for somme transportørar å ikkje deklarere farleg
gods. Problemet er kjent, og tenestemenn frå Statens vegvesen og politiet
føretek difor jamlege kontrollar m.a. på sambandet Moss - Horten.
Kontrollane blir føretekne både på ferjekaiene og, i samarbeid med
Skipskontrollen og ferjeselskapet, om bord under overfarten. Lasta blir
fysisk kontrollert, og ved eventuell feil merking eller andre brot på
føresegnene blir brotet meldt til politiet. Dette har ført til bøtelegging
av dei som bryt føresegnene.
Etter det som er registrert, har
omfanget av feilmerking gått klårt ned dei siste åra. Statens vegvesen og
politiet vil likevel halde fram med kontrollane, og vil fortløpande vurdere
om denne verksemda bør trappast opp.
Øystein Hedstrøm (Frp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Etter den informasjon jeg har fått, er
det fortsatt relativt hyppig forekommende at man tar transporter med ulovlig
gods. Etter hva jeg også har forstått, er det relativt høye bøter for dem
som blir tatt.
Mener statsråden man kunne bruke en
annen innfallsvinkel enn kontroller med den frekvens man har i dag, ved
f.eks. å satse mer på informasjonskampanjer overfor de ansvarlige
transportørene?
Statsråd Kjell Opseth:
Det er jo slik
at talet på aktørar som driv med transport av farleg gods, er relativt lite
i forhold til det totale transportomfanget, og eg har ikkje noko særleg tru
på at dei som driv i denne næringa, ikkje kjenner til reglane for transport
av farleg gods. Når det då viser seg at dei likevel bryt dette regelverket,
er det etter mitt skjønn berre ein måte å handtere det på, og det er gjennom
kontrollar og ved å melde dei til politiet viss dei bryt regelverket.
Presidenten:Vi går tilbake til
spørsmål 12.