Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996

Dato: 31.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Trond Mathisen (A): Jeg skal få stille et spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

I St.prp.nr.1 (1992-1993) fremgår det at grunnutdanningen for brannfolk i Sør-Norge og visse spesialkurs m.v. er tenkt gjennomført ved Tjeldsund og de regionale kurssentra i Borre og Haugesund.

Hvilke muligheter ser statsråden for videre utbygging i Borre med tanke på å gjøre dette til et regionalt kurssenter, slik departementets egen strukturplan legger opp til?

Statsråd Reidar Sandal: I samband med vedtak hausten 1990 om å flytte Norges Brannskole til Tjeldsund i Nordland orienterte departementet Stortinget om at ein tok sikte på å organisere den framtidige brannvernutdanninga i ein struktur der hovuddelen av befalsutdanninga og grunnopplæringa for personell i Nord-Noreg blei lagd til Norges Brannskole sitt hovudsete i Tjeldsund. Grunnutdanninga for brannfolk i Sør-Noreg og visse spesialkurs m.v. var tenkt gjennomført ved dei regionale kurssentra i Borre og Haugesund. Departementet har vidare meint at hovudsetet i Tjeldsund skulle vere ferdig utbygt før ein tok til med utbygginga av dei regionale sentra i Borre og Haugesund.

Det har teke noko lengre tid enn ein før rekna med, å få anlegget i Tjeldsund ferdig utbygt til eit fullverdig og funksjonelt anlegg. Det er dessutan frå styret si side nyleg lagt fram planar om ei utviding av byggeprogrammet ved Norges Brannskole utover den ramma på 40 mill. kr som blei fastsett ved flyttinga av skulen våren 1992. Leiinga ved skulen har i samband med desse planane sagt at ein ikkje reknar skulen som funksjonell og komplett før desse planane er realiserte. Dei nye og utvida planane om utbygging av anlegget i Tjeldsund er av Statsbygg vurderte til å koste mellom 17 mill. og 18 mill. kr.

Eg viser til at Regjeringa i St.prp.nr.1 (1995-1996) seier at gjennomføringa av den påtenkte utbygginga av anlegg for brannvernutdanning i Borre og Haugesund « må vurderes ut fra den kapasitet som nå kan tilbys i Tjeldsund ». Departementet greier no nærare ut behovet for anlegg til brannvernutdanning i Borre og Haugesund sett i lys av kapasiteten ved Norges Brannskole i Tjeldsund. Dei førebels utrekningane over kostnadene ved utbygging av anlegga i Borre og Haugesund viser at det vil bli kostnadskrevjande prosjekt, både på investerings- og driftssida. Det er her tale om små, men kostbare einingar, og ein må derfor òg vurdere om ein skal etablere to anlegg med tilnærma same storleik eller eitt anlegg med same kapasitet som to.

Eg tek sikte på å kome tilbake til dette i budsjettproposisjonen for 1997. Etter mi meining må behovet for utvikling og dimensjonering av dei regionale opplæringssentra bli sett i samanheng med dei retningslinjer som er fastsette for brannvernutdanninga, og dei utdanningsbehov som ikkje blir dekte gjennom utdanningstilbodet i Tjeldsund.

Trond Mathisen (A): Jeg vil takke for et fyldig svar og er glad for at ministeren nå ønsker å komme tilbake til Stortinget i høstens budsjett når det gjelder den videre framtiden. For det berørte personalet og administrasjon i Borre har det vært mange år med usikkerhet omkring Borre Havarivernskole. Det er mitt håp at statsråden sørger for å finne en endelig løsning i saken ved høstens budsjettbehandling.