Rita H Roaldsen (Sp):
Jeg vil få lov
til å stille ministeren følgende spørsmål:
Kunstskolen i Kabelvåg står i fare for
å bli nedlagt som en følge av Reform 94. Dette vil være svært uheldig for
kunstutdanningen i Nord-Norge. Skolen har vært en viktig stimulans for å få
ungdommer fra Nord-Norge til å ta videreutdanning ved kunsthøgskoler og
kunstakademier.
Hva kan statsråden gjøre for å hindre
nedleggelse av skolen?
Statsråd Reidar Sandal:
Tilbodet ved
Kunstskolen i Kabelvåg var tidlegare ein del av vidaregåande opplæring med
mellombels godkjende fagplanar. Denne utdanninga var i realiteten eit
tilbod for vaksne. Då Reform 94 blei innført, søkte Nordland fylkeskommune
om å få vidareføre den kunstfaglege utdanninga i Kabelvåg.
Tilbodsstrukturen for Reform 94 rommar ikkje denne utdanningsvarianten.
Departementet avslo derfor søknaden og viste til andre relevante
utdanningstilbod under tilbodsstrukturen i Reform 94.
Seinare har Nordland fylkesting
vedteke å opprette ei toårig grunnutdanning innanfor biletkunst,
kunsthandverk og film. Dette skal vere ei postgymnasial utdanning som gir
ei brei innføring i dei ulike fagområda. Skulen er no under etablering med
eigen rektor. Ansvaret for skulen er lagt til kulturavdelinga i
fylkeskommunen. Tilbodet er meint å vere ei førebuing for opptak til høgare
utdanning innanfor biletkunst, kunsthandverk og film. Høgskular for
kunsthandverk og film tek inn elevar med studiekompetanse frå vidaregåande
skule etter ei opptaksprøve, medan kunstakademia tek inn studentar berre på
grunnlag av opptaksprøver. Kunstakademia ser det som ønskjeleg at søkjarane
har bakgrunn frå ein kunstskule, men det er ikkje noko krav.
Det tilbodet det her er snakk om, vil
ikkje ha nokon formell status, korkje innanfor vidaregåande opplæring eller
i høgskuleutdanninga. Det er heller ikkje ein parallell til slike tilbod.
Elevtalet vil såleis ikkje kunne
reknast med i omfanget på minimum 375 % innanfor vidaregåande opplæring.
Det vil heller ikkje kunne gi formell kompetanse. Men det er ikkje noko i
vegen for at fylkeskommunen kan drive skulen vidare utan læreplanar
godkjende av departementet. Dette er det opp til fylkeskommunen sjølv å
avgjere.
Rita H Roaldsen (Sp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Inntil Kunstskolen i Kabelvåg ble
etablert, var det veldig få ungdommer fra Nord-Norge som kom inn på
høgskoler for kunst- og håndverk og kunstakademier. Men etter at
Kunstskolen ble startet i 1983, har nordnorske elever fått en mye større
mulighet til å ta en kunstutdanning. Av de 257 elevene som er utdannet i
Kabelvåg, er det 91 som er kommet videre på kunstskoler og kunstakademi. Så
det vil være svært uheldig hvis man som en følge av Reform 94 skulle miste
denne utdanningen i Nord-Norge.
Statsråden sier i svaret at elever kan
komme inn på akademier og høyskolene uten å ha gått på kunstskoler, og at
disse skolene ikke gir noen formell kompetanse. Men problemet er at elever
som er ferdig på videregående skole, er 19-20 år, mens gjennomsnittsalderen
for å komme inn på akademiene er 24 år. Kunstskolene gir dessuten en viktig
faglig kompetanse for å komme inn på kunstakademier. Derfor er det behov
for et postgymnasialt tilbud på dette nivået. Fylkeskommunen har heller
ikke økonomi til å drive skolen videre, og har derfor søkt om at den får
tilskudd som en privat forskole på lik linje med de åtte skolene som finnes
sør i landet.
Ser statsråden en mulighet for å sikre
driften, at skolen får tilskudd for å drive etter privatskoleloven?
Statsråd Reidar Sandal:
Det er riktig
som representanten Roaldsen òg peikte på, at Reform 94 set sperrer for å
godkjenne den skulen som det her er snakk om. Eg vil understreke at det
finst ei erstatning som er oppretta etter vedtak i Nordland fylkesting, og
eg vil òg få lov å understreke at dersom fylkeskommunen sjølv vel å drive
vidare, har ein høve til det, men utan at det ligg føre godkjende
læreplanar.
Når det gjeld det siste spørsmålet som
representanten Roaldsen tok opp, om korleis kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet vil stille seg til søknad om å etablere privatskule
og om statleg tilskot til den, har eg følgjande kommentarar:
Det er ikkje kjent for meg at slik
søknad ligg føre. Det er derfor ikkje grunnlag for noko signal i saka.
Rita H Roaldsen (Sp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Jeg var litt overrasket over å høre at
han ikke hadde fått noen søknad om privat tilskudd for å drive denne skolen,
for ifølge mine opplysninger skal det være søkt. Nå har ikke jeg datoen for
når søknaden ble sendt, men jeg hørte at skolen forventet å få svar på denne
søknaden i løpet av mars.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg har ikkje
noko å føye til den prinsipielle tilnærminga eg hadde til spørsmålet, men eg
vil stadfeste at det ikkje er kjent for meg, som eg sa, at det ligg føre ein
slik søknad.