Laila Kaland (A):
Eg vil stille
fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Tildelingane til dei statlege
høgskulane syner svært ulik fordeling målt i budsjettbeløp per student.
Dette gjeld også høgskular som er samanliknbare både når det gjeld
studietilbod, organisering og lokalisering. Taloversikt viser at utslaga er
spesielt negative for høgskulane i Volda og Molde.
Kva vil statsråden gjere for å endre
dette?
Statsråd Reidar Sandal:
Dei statlege
høgskulane er sidan 1990 blitt tildelte mange nye studieplassar. Ved
tildeling av midlar til desse studieplassane har departementet brukt
differensierte satsar ut frå kva for studium plassane er gjevne til. Det
følgjer av dette at eit studium som er vurdert å ha relativt store
kostnader, vil bli tildelt fleire ressursar enn eit studium som er vurdert å
gje relativt låge kostnader. Tildelt budsjettbeløp pr. student ved ulike
statlege høgskular viser derfor, som representanten Kaland gjer merksam på i
spørsmålet, forskjellar basert på studietilbod.
Tildelinga til statlege høgskular
baserer seg vidare på historiske tal. I desse tala er det bl.a. teke omsyn
til geografiske forhold, studietilbod og organisering. Departementet er
klar over at det likevel framleis kan eksistere historisk ulikskap mellom
dei statlege høgskulane som ikkje er grunna på slike forhold.
Departementet arbeider kontinuerleg
med å kartleggje ulikskap som eventuelt eksisterer i høgskulesektoren, og
ønskjer å skape mest mogleg like vilkår. På statsbudsjettet for 1994 og
1995 blei det i samband med omorganiseringa av sektoren bl.a. lagt inn
midlar som skulle dekkje kostnader knytte til den nye organiseringa. Desse
midlane er førte vidare i 1996. Vidare er det lagt inn særskilde midlar på
statsbudsjettet for 1994 og 1995 ut frå distriktsomsyn. Desse midlane er
òg førte vidare i 1996.
Departementet vil òg leggje større
vekt på å tildele høgskulane ressursar i høve til oppnådde resultat.
Departementet vil halde fram arbeidet
med å kartleggje ulikskap i høgskulesektoren. Dette er eit omfattande
arbeid der mange kriterium må takast omsyn til. Når det er grunn for det,
vil departementet leggje opp til å utlikne forskjellar mellom ulike
institusjonar i framtidige budsjett.
Når det gjeld dei to høgskulane som
representanten Kaland nemner, er ikkje departementet kjent med grunnlaget
for dei tala som det blir vist til. Slike utrekningar kan tolkast på mange
vis, og krev grundig analyse før det kan konkluderast. Eg ber derfor om
forståing for at eg ikkje kan kommentere dei to skulane som særskilt er
nemnde her.
Laila Kaland (A):
Eg vil takke
statsråden for svaret. Eg er nøgd med at statsråden vil arbeide for å få
til ei meir rettvis fordeling mellom høgskulane, og dette arbeidet hastar
det med.
Av dei 26 høgskulane som vi har her i
landet, kjem skulane i Volda og Molde klart dårlegast ut i høve til statlege
overføringar pr. student. Denne problemstillinga er ikkje ny, og skulane
har tatt opp denne saka både muntleg og skriftleg overfor KUF. Det er blitt
gitt lovnader frå KUF i fleire år om at denne situasjonen skal vurderast og
rettast opp, utan at noko har skjedd. Situasjonen når det gjeld
1996-budsjettet er verre enn nokon gong etter dei samtalene eg har hatt med
skulane.
Kyrkje-, utdannings- og
forskingskomiteen tok opp spørsmålet om skeivfordelinga mellom høgskulane i
si innstilling før jul i 1994, men lite har hendt etter dette. Skulen i
Volda driv kostnadskrevjande studieretningar, og dette blir det heller ikkje
tatt omsyn til. Ein har også hatt heiltidsstudentar i Kristiansund, som er
eit desentralisert skuletilbod.
Mitt tilleggsspørsmål er: Vil
statsråden ta initiativ til ein grundig gjennomgong av tildelingane til
høgskulane med sikte på å få fram årsakene til ulike kostnadstal pr.
student?
Statsråd Reidar Sandal:
Det er i gang
eit viktig arbeid i departementet med sikte på å få eit best mogleg grunnlag
for ei rettvis tildeling av ressursar til høgskulane, slik representanten
Kaland har ytra ønske om. Som eg gjorde greie for i det første svaret mitt,
er dette eit komplisert arbeid, og det er ikkje mogleg å gi noko svar i dag.
Men eg vil få lov å minne om at det i budsjettet òg for inneverande år er
teke omsyn til distriktsforhold, til dei geografiske forhold, og til
studietilbod og organisering.
Vi arbeider bevisst for å få fram eit
betre grunnlag. Så snart dette arbeidet er sluttført, vil vi kunne
konkludere meir konkret òg med tanke på dei skulane representanten Kaland
har vore særleg oppteken av.
Laila Kaland (A):
Eg har klare tal som
viser skilnaden mellom dei ulike høgskulane. Det er spesielt to høgskular
som ein kan samanlikne med t.d. skulane i Volda og Molde når det gjeld
studietilbod, organisering og geografi, og det er skulane i Nord-Trøndelag
og - eit fylke som statsråden kjenner til - Sogn og Fjordane. Desse kjem
langt betre ut enn dei to høgskulane i Møre og Romsdal.
I den vidare handsaming vil eg
innstendig be statsråden sjå på desse tala. Det gjeld ikkje berre
ressurstilgang. Det gjeld også kor mange elevar det er pr. tilsett, og det
gjeld arealtilskot for elevane. Det er, som statsråden peika på, fleire
omsyn og kriterium som må leggjast inn i desse vurderingane. Men det som eg
meiner gjer at det hastar, er at sjølv om desse skulane har god fagleg
kvalitet og gir elevane eit godt tilbod, er det grenser for kor lenge ein
kan drive berre av idealisme, utan at ein også får tilført ressursar.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg har gjort
greie for at departementet arbeider aktivt for å få fram det talmaterialet
som er nødvendig å ha på bordet før vi konkluderer. Eg kan love
representanten Kaland at eg sjølvsagt skal orientere meg skikkeleg om
tildelinga for dei ulike høgskulane, også dei som representanten Kaland tok
opp, når eg har eit tilstrekkeleg materiale til å kunne konkludere.
Presidenten: Vi går så tilbake til
spørsmål 3.