Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996

Dato: 31.01.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til samferdselsministeren lyder slik:

Under valkampen i 1995 vart det kjent at det låg føre planar frå postverket om å leggja ned 1.000 postkontor. Arbeidarpartiet avviste dette og uttalte at det ikkje var aktuell politikk. Styret i postverket har no vedteke nedlegging av om lag 900 postkontor.

Kva er statsråden sin bodskap i dag til dei som i valkampen trudde på Arbeidarpartiet sine utsegner i denne saka?

Statsråd Kjell Opseth: Dei som trudde på det Arbeidarpartiet sa om postverket under valkampen i 1995, kan framleis ha tillit til partiet. Det låg ikkje føre planar om nedlegging av 1.000 postkontor i 1995. Det som like fullt var eit viktig poeng for meg gjennom heile denne valkampen, slik det òg er i dag, var å sikre eit postverk som kan gje posttenester over heile landet. Skal Posten også i framtida stå for eit slikt landsdekkjande tilbod, må verksemda møte minkande inntekter og trafikkbortfall med reduserte kostnader.

Eg lova ikkje varig vern av postkontornettet under valkampen. Tvert imot, eg var sterkt opptatt av å få fram det poenget at det kan vere god distriktspolitikk å byggje ned nettet av postkontor for å gje Posten økonomisk ryggrad som gjer det mogleg å halde oppe posttenestene i alle delar av landet.

Vi trygger ikkje posttenestene ved å snu ryggen til det som skjer på dette området. Det er ikkje politikk for framtida å seie at alt skal vere som det ein gong var, slik Senterpartiet gjer.

Bruk av skranketenester ved postkontora vil gå ned med over 40 % dei neste fire åra.

24 %, eller om lag 550 postkontor, har ei opningstid på frå 30 minutt til fire timar. Om lag 1.500 postkontor betener 250 eller færre husstandar. I snitt dreier det seg om 70 husstandar pr. kontor, og prisen for å halde dette tilbodet oppe er om lag 7.000 kr pr. husstand.

Skal vi bruke mellom ein og halvannan milliard kroner ekstra for å halde oppe ei teneste som for mange er dårlegare enn alternative løysingar? Gjer vi det, vil Posten snart vere utkonkurrert på område der vi kan vente vekst, med dårlegare og dyrare posttenester i distrikta som resultat.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for svaret og vil aller først seia at eg føler nok frå tid til anna at Senterpartiet blir tillagt meiningar som partiet ikkje har. Det er jo eit faktum at Senterpartiet både i og utanom regjering har vore med på å leggja ned postkontor der det er fornuftig. Men i dag snakkar vi altså om nedlegging i eit heilt anna omfang.

For fire-fem månader sidan, den 26. august 1995, stod følgjande å lesa i Aftenposten:

Stortingsrepresentant Solveig Torsvik fra Arbeiderpartiet sier at Postverket etter vedtak i Stortinget nå gjennomgår dagens posttjenester. Det er meningsløst å spekulere i at det nå skal legges ned over 1.000 postkontorer, sier Torsvik, som er Aps samferdselspolitiske talskvinne.

Statsråden sa den 18. januar 1995 i Stortinget:

Det er ikkje planlagt noka storstila nedlegging av postkontor. Eg skjønar ikkje kor representanten Myrvoll og andre i denne salen har fått det ifrå. Eg har prøvd å tilbakevise det.

Er det slik at statsråden er mangelfullt orientert om planlegging som går føre seg innafor hans eige ansvarsområde?

Statsråd Kjell Opseth: Berre for å slå det fast ein gong til: Det låg ikkje føre nokon planar om å leggje ned 1.000 postkontor i 1995.

Det er slik at Senterpartiet også kan tenkje seg å leggje ned postkontor, men igjen er det dei som sit med den heile og fulle fornuft - kva for kontor og kor mange kontor som skal leggjast ned. Dei som driv denne tenesta og på vegner av Stortinget og Regjeringa er sette til å drive denne tenesta, har altså ikkje greie på kva dette dreier seg om. Eg må seie at det er å gå relativt langt i å ha detaljkunnskap om kva for tenester og kva måte Posten skal drive sine tenester på.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dette handlar om kva for eit servicenivå ein politisk meiner postverket i Noreg skal ha, kva for ein del av infrastrukturen det skal ha. Det handlar om å lytta til korleis kommunane ønskjer at posttenestene skal vera organiserte, og det handlar om å lytta til brukarane. Men i tillegg handlar mitt spørsmål om å stå ved det som ein uttalar. Eg stilte ikkje spørsmål om talet på postkontor i 1995. Eg stilte spørsmål om det er slik at Arbeidarpartiet ikkje lenger står ved korkje det som Solveig Torsvik sa i august, eller det statsråden sa i januar i fjor. På kva grunnlag kan ein då lita på det Arbeidarpartiet i dag gjev av løfte som gjeld framtida, f.eks. det statsråden sjølv har sagt i dag, at han vil føra tilsyn med at løysingane gjev ein servicegrad på dagens nivå.

Statsråd Kjell Opseth: Eg skjøner det er eit stort poeng for representanten Meltveit Kleppa å prøve å få demonstrert at vi ikkje står ved noko vi har sagt. Eg står ved alt det eg har sagt. Det har eg no gjentatt to gonger, men eg kan gjenta det ein gong til. Det var ikkje nokon planar om å leggje ned 1.000 postkontor i 1995.

Det handlar om servicenivået. Eg har no i fleire rundar - også her i dag - sagt at servicenivået skal haldast oppe. Det har også postverket og postverket sitt styre med Eivind Reiten som leiar sagt, men det stolar altså ikkje Senterpartiet og Meltveit Kleppa på. Det får vi ta med oss.

Og så er det slik at dersom kommunane vil halde oppe postkontor, står dei fritt til det. Det er berre å betale det det kostar, så er det heilt sikkert at dei får halde oppe det kontoret. Men eg kan ikkje skjøne kvifor kommunane skal bruke ressursar på å halde oppe eit postkontor som etter kvart ikkje blir brukt. Det er jo det det dreier seg om, men det er det Senterpartiet ikkje vil ta innover seg, fordi det ikkje passar i deira politiske strategi.