Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
Mitt
spørsmål til samferdselsministeren lyder slik:
Ifylgje medieoppslag går Postens
sentralleiing inn for å redusera tenestene frå landpostbuda. Pakkepost og
verdipost skal berre omdelast to gonger i veka. Også pengetenester skal
berre utførast to vekedagar.
Er dette eit postservicenivå
statsråden går god for?
Statsråd Kjell Opseth:
Postverket
opplyser at det frå deira side er planlagt å redusere utlevering av bokførte
sendingar til to dagar i veka. Dette grunngjev dei med at kundane faktisk
ikkje etterspør desse tenestene oftare.
Postverket har opplyst at det i
planane for ekspedisjonsnettet blir lagt stor vekt på å tilpasse
servicenivået til det kundane faktisk etterspør av tenester, og til den
bruken kundane gjer av tenestene.
I regi av Norsk Gallup Institutt
gjennomførte Postverket i 1992 ei marknadsundersøking. 95 % av dei spurde
ønskte dette tilbodet ein gong i veka eller sjeldnare. Dei resterande 5 %
sa at dei ville ha dagleg service, og peikte særleg på betalingstenester og
utlevering av pakker som tenester dei ville ha dagleg tilgang til.
Postverket meiner marknadsundersøkinga
generelt er dekkjande i høve til kundane sin faktiske bruk av tenestene.
For nokre av produkta, som t.d. hastesendingar til private mottakarar og
sendingar til og frå verksemder i område som får tenestene utførte av
landpostruter, kan det vere behov for daglege tenester.
Så seint som i spørjetimen i
Stortinget 31. januar, på spørsmål frå representanten Inge Myrvoll, sa eg at
servicegraden til Postverket skal haldast oppe på dagens nivå. Eg vil føre
tilsyn med at dette blir følgt opp. For somme vil omstillingane som no
skjer, faktisk føre til ein betre service.
I Samferdselsdepartementet arbeider vi
for tida med ei stortingsmelding om postverksemda i Noreg. I samband med
dette vil samfunnspålagd servicegrad og servicenivå bli handsama. Eg vil
difor be Postverket om ikkje å setje i verk ei ordning med utlevering av
bokførte sendingar frå landpostbod to gonger i veka, men avvente handsaminga
av nemnde stortingsmelding.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
Eg vil
takka for svaret.
For to veker sidan sa statsråden - og
gjentok i dag - at han vil føra tilsyn med at dei framtidsløysingane som
postverket no vel, skal gje servicegrad på dagens nivå. Han viste til ei
undersøking. No trur nok eg at det er stor forskjell på ei undersøking som
viser i kva omfang kundane får besøk, og ei undersøking som viser i kva
omfang dei har bruk for å få tenester, pakke-/pengetenester osv. - altså ha
tilgang til dette. Ikkje minst har det vore reaksjonar frå små og
mellomstore bedrifter på den reduksjonen som det siste forslaget kan medføra
når det gjeld servicenivået.
Eg vil då be statsråden sjå også på
dei samfunnsøkonomiske kostnadene som eit redusert nivå kan innebera når det
gjeld landpostbodtenestene, og ikkje minst når det gjeld det nivået som
postservicen no blir lagt opp til i dei store byane våre.
Statsråd Kjell Opseth:
Det er faktisk
slik at det ikkje er nokon skilnad mellom det som er bedriftsøkonomisk
fornuftig, og det som er samfunnsøkonomisk fornuftig når det gjeld å tilby
ein servicegrad som kundane etterspør. Det blir i alle fall ikkje økonomisk
- korkje bedriftsøkonomisk eller samfunnsøkonomisk - å tilby ein servicegrad
som er betre enn det kundane spør etter. Det er jo det heile diskusjonen
går om når det gjeld Posten si framtid. Difor er nok denne diskusjonen om å
halde oppe dagens tenester, sjølv om ein på andre måtar kan gjere dette
billigare og betre, ein diskusjon meir om kjensler enn realitetar.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
Eg
tykkjer det er bra at statsråden inntil vidare ikkje vil la postverket her
setja i gang med denne reduserte tenesta, for då vil han òg ha moglegheit
for å få fram dei reaksjonane som dette forslaget vil innebera.
Til dette med servicenivå vil eg nemna
som eit eksempel ei erfaring som er framboren gjennom Stavanger Aftenblad på
måndag, og som gjeld Stavanger-området. Det galdt ein kunde som skulle
senda ei pakke til utlandet. Postkontoret nærmast arbeidsplassen var lagt
ned, kunden måtte til hovudpostkontoret, kom i ein kø, blei nr. 42, fekk
ikkje utført ærendet sitt i den matpausen, prøvde ein laurdag føremiddag på
eit anna postkontor med same resultat - tre-fire forsøk, ti minutts
ventetid. Då er altså spørsmålet: Er dette innrekna i omgrepet
samfunnsøkonomi? Kan statsråden no lova i samband med den nemnde
stortingsmeldinga at han ser noko vidare på dette omgrepet og får inn også
alle dei tilleggskostnadene som eit redusert nivå her kan representera?
Statsråd Kjell Opseth:
Det kan heilt
sikkert finnast døme på at det er ventetid på postkontor, som det finst på
alle tenester, anten dei er i privat eller offentleg regi. Det kan ikkje
vere eit mål i seg sjølv at ein skal ha eit så godt tilbod at det ikkje til
noka tid kan oppstå kø. Det må iallfall framskaffast meir enn eitt døme før
eg skal ta det på fullt alvor og seie at servicen generelt er for dårleg.
Men når vi i departementet har bestemt oss for å vente med reduksjonar frå
seks til to dagar når det gjeld pengetenester og andre tenester frå
landpostbodet, er det fordi vi meiner landpostbodet er eit godt alternativ
til postkontor som har ope frå ein halv time til fire timar for dagen. Vi
vil sjå dette i samanhang og leggje det fram for Stortinget.