Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 1996

Dato: 21.02.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Arne Haukvik (Sp):

Eg vil gratulere statsråden og NSB med oppdaginga av Lodalen som mogleg stad for Gardermo-, Gjøvik- og hovudbanen i tråd med Senterpartiet sitt framlegg for ikkje meir enn snart eitt år sidan. NSB-prisen er òg om lag kva Senterpartiet, med støtte frå fagfolk på Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim, kom med.

Kan statsråden forklare kvifor NSB held fram med tunnelen frå Etterstad etter at Stortinget vedtok å legge jernbanen i tunnel gjennom Gamlebyen?

Statsråd Kjell Opseth: Eg takkar for gratulasjonen, men den byggjer på feil grunnlag. I den idéfasen NSB og Samferdselsdepartementet no har vore gjennom, har ein vurdert ei rekkje moglege traséar for tunnel gjennom Gamlebyen.

Fase 1 av utgreiingsarbeidet er no avslutta. Sju alternativ er vidareførte og vil bli underlagde full konsekvensutgreiing. Eitt av desse alternativa går gjennom Lodalen. Løysinga er ei anna og har eit anna omfang enn dei framlegga Samferdselsdepartementet har motteke frå Senterpartiet si stortingsgruppe. Kostnadene med dei ulike alternativa er det for tidleg å seie noko om.

I samband med handsaminga av Dok.nr.8:50 (1994-1995) frå representanten Carl I Hagen stadfesta Stortinget tidlegare vedtak om at Gardermobanen skal stå ferdig og vere operativ når flyplassen på Gardermoen opnar i oktober 1998, jf. Innst.S.nr.178 (1994-1995). Det vil ikkje vere mogleg å ha ein eventuell jernbanetunnel under Gamlebyen ferdig til dette tidspunktet. Difor pågår bygginga av Romeriksporten frå Etterstad for fullt.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Eg skjønar godt at det ikkje er råd å få ferdig Gardermobanen til opninga av Gardermoen flyplass når Stortinget òg godtok at ein kom så skeivt ut av hoppet som ein gjorde, så det får vi leve med. Men det som eg er overraska over, er at stigninga opp til Etterstad er på 22-23 promille, og ønskjeleg stigning er berre halvparten. Eg kan ikkje skjøne kvifor ein da investerer så mykje pengar for å kome opp på ei høgd dei ikkje burde vere på. Derfor vil eg be statsråden ta vel imot utsendingane frå Bryn Vel og bydelsutvala som har laga enda meir detaljerte planar enn vi i Senterpartiet har, planar som så vidt eg kan skjønne er veldig interessante, og som eg håper kan vere til nytte for statsråden. Eg vil be statsråden ta vel imot dei ivrige sjelene og dei som bur i strøket, dei har sett seg veldig godt inn i dette. Dei vil sjå det som ei ulykke om ein ikkje kan kome til ei god løysing.

Statsråd Kjell Opseth: Eg har for vane å ta godt imot alle som ber om å få vitje meg, og skal nok også gjere det når det gjeld representantane frå Bryn Vel.

Arne Haukvik (Sp): Takk for det hyggelege svaret, eg reknar med at det skal gå bra.

Lat meg så få lov til å bry statsråden med ein liten ting til. NSB har tradisjon for å ha vore veldig flinke berarar av god byggeskikk, og stasjonar rundt om i landet har vore mønster på fine, koselege bygningar. Korleis kan det da ha seg at den nye tradisjonen nå blir firkanta glaskasser? Nå har dei planar om det ved Gardermoterminalen på Østbanen, og det same skjer nå til forskrekkelse når dei skal bygge eit glaslagerskur på Eidsvoll.

Eg skjønar at statsråden har det travelt. Kan eg håpe at statsråden får tid til også å ta eit blikk på dette spørsmålet og få med seg dei som skal passe på norsk byggeskikk, for å sjå om det ikkje kan finnast betre løysingar enn desse glasbura?

Presidenten: Presidenten vil minne om at tilleggsspørsmål skal ha relasjon til hovudspørsmålet.

Arne Haukvik (Sp): (frå salen): Det hadde med jernbanen å gjere.

Statsråd Kjell Opseth: Det er rett som presidenten påpeika, at dette nok var litt på sida av det opphavlege spørsmålet. Eg vil berre gjerne seie at samferdselsministeren nok går inn i mange detaljar, men dette er først og fremst eit spørsmål som ligg til utbyggjaren og reguleringsmyndigheitene i Oslo kommune.