Stortinget - Møte onsdag den 21. februar 1996

Dato: 21.02.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Arne Haukvik (Sp): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål:

Kulturdepartementet har i fleire år løyvd pengar til ein kampanje for språkleg miljøvern som Norsk språkråd står for. NSB gjev ut eit blad som heiter Travel, der kundane stort sett er norske, og der innhaldet i bladet er på norsk. Det same gjeld for Luftfartsverket sitt blad Airport Norway.

Kan statsråden forklare kvifor blad på norsk for norske lesarar må ha engelske namn?

Statsråd Kjell Opseth: Eg meiner at samferdselsverksemdene saman med andre statlege verksemder i dei fleste høve bør nytte norsk namn på blad og anna informasjonsmateriell dersom stoffet primært er retta mot norske lesarar. Eg kan likevel ikkje sjå at vi skal påleggje NSB og Luftfartsverket å bruke andre namn enn det dei sjølve meiner tener dei best.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Eg skjønar godt at statsråden ikkje kan blande seg bort i alt mogleg, men det er lov å gje råd - også til folk i statsforvaltninga. Språkleg samvit og språkkjensle er det lov å bruke til og med for staten. I namna på desse to blada ligg det ein sterk signaleffekt. Det er ein effektiv og klar bodskap som her blir forkynt av statsinstitusjonar: Det er best med engelsk. Slike landingslys får det verkeleg til å lysa i stille språkgrender, for Kulturdepartementet har kampanje for språkleg miljøvern, og det vil Språkrådet følgje opp. Mellom anna har dei sendt tusenvis av postkort ut av landet med dette slagordet: « Engelsk er bra, men norsk er bedre i Norge. » Skulen prøver å lære borna å verdsette eige språk. Travel og Airport Norway motarbeider dette.

Kan statsråden likevel ta ein telefon til sine undersåttar?

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Haukvik kjenner til at det her føreligg generelle retningsliner. Når desse to verksemdene likevel finn det føremålstenleg å bruke andre namn på desse blada, reknar eg med som sikkert at det er etter ei nøye vurdering i marknadsføringssamanheng.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Dette er eit prov på at marknadsføring ikkje alltid er like bra. Det er jåleri ute og går når det gjeld engelske uttrykk i reklamebransjen. Det er ein uting, derfor synest eg statsråden burde hjelpe dei å kome på rett bane.

Bladet Airport Norway har ein ansvarleg redaktør og eit redaksjonsråd. Noko tilsvarande gjeld også for Travel. Godtfolk i råd og redaksjon, stå fram og forklar oss kvifor eit blad på norsk for eit norsk publikum har engelsk namn! Dette gjeld vørnad for vår eigen kultur og har noko med vår eigen identitet å gjere. Kan statsråden kan hjelpe til å få dei på rett spor?