Stortinget - Møte onsdag den 24. april 1996

Dato: 24.04.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Johanne Gaup (Sp): Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Som en sterk begrunnelse for å liberalisere luftfarten framhevet Regjeringen at det ville gi billigere flyreiser. En undersøkelse fra Transportøkonomisk institutt (TØI) viser tvert om at prisene er økt.

Hvorfor har Regjeringen tatt feil i denne saken?

Statsråd Kjell Opseth: Det må først nemnast at det var fleire grunnar til at Regjeringa fremja St.prp.nr.69 (1992-1993), Om rammevilkåra for luftfartsselskapenes virksomhet. Det var m.a. ønskjeleg å føre vidare tidlegare avtale om sivil luftfart mellom Noreg, Sverige og EF for ikkje å setje seg utafor utviklinga i Europa. Gjennom dette kunne vi vidareføre det skandinaviske luftfartssamarbeidet og gje norske flyselskap same rammevilkår som europeiske selskap.

Sjølv om det berre er to år sidan ein deregulerte luftfarten på stamnettet, er det gjennomført evaluering av utviklinga. Rapporten frå TØI syner at den prisreduksjonen som ein har sett i andre land ved deregulering, ikkje har kome i Noreg. Det kan vere fleire grunnar til dette. Kapasiteten på Fornebu har sett grenser for talet på aktørar i den norske marknaden. Vidare skjedde dereguleringa i ein oppgangsperiode i norsk økonomi.

Ein må likevel allereie no kunne slå fast at dereguleringa har positive utviklingstrekk. Det har altså ikkje ført til dei negative tilstandane som m.a. Senterpartiet spådde. Endringa har ført til fleire avgangar mellom dei fleste flyplassane. Tilbodet på rabatterte sete har blitt betre. Særleg har dette tilbodet vore nytta av reisande til og frå Nord-Noreg.

Kven som har teke feil i denne saka, vil den som gjev seg tid til å lese Innst.S.nr.199 (1992-1993), finne svaret på.

Johanne Gaup (Sp): Det er selvfølgelig også slik som statsråden sier, at det nok var flere årsaker til å liberalisere luftfarten. Men i et svar på et spørretimespørsmål den 2. februar 1994 sa statsråden bl.a. at det skulle bli fri prisfastsetting på ruter med fri konkurranse fra 1. april 1994, og at det i dette lå at det ville oppstå et press i retning av lavere priser.

Videre uttalte avdelingsleder Lian ved TØI i en artikkel i Aftenposten den 18. april 1996:

De bruker i likhet med andre selskaper i Europa den nåværende situasjonen til konsolidering og nedbetaling av gjeld », og peker på at « begge flyselskapene har store overskudd

Var det en av hensiktene med liberaliseringen av luftfarten at den skulle gi store overskudd til selskapene og ikke komme kundene til gode?

Statsråd Kjell Opseth: No er det i og for seg ikkje noko gale i at flyselskapa har store overskot og kan nedbetale gjeld. Det gjer dei betre rusta til å møte konkurransen som vil kome når Gardermoen opnar i 1998, og ein får større kapasitet og fleire aktørar inn på marknaden.

Så kan ein gjerne, som eg òg sa i mitt hovudsvar, vedgå at den prisreduksjonen som vi såg i andre land ved deregulering, ikkje har kome. Men ein skal ikkje underslå at ein har fått eit betre tilbod, og at dei som har noko betre tid enn dei fullt betalande, har fått eit langt betre tilbod. For dei har prisen faktisk gått ned, i tillegg til at det har blitt fleire sete som er rabatterte. Og eg synest at representanten Gaup, som representant frå Nord-Noreg, burde vere glad for det.

Johanne Gaup (Sp): Jeg må si rett ut til stasråden at jeg har ingenting å være glad for, for vi har fått økt flyprisene mest, og det er ikke liberalisert lenger nord enn til Tromsø. Vi kan ikke gjøre som i Trondheim. Vi kan ikke la være å bestille billett og gå på det flyet som passer - et halvtomt fly - eller vente en halvtime på at det skal komme et nytt.

Jeg må takke for de svarene jeg har fått. Det var vel forventet at de skulle bli slik. Mitt spørsmål til slutt er: Tror statsråden - at prisene vil gå ned når Gardermoen åpner og man får enda mer konkurranse og kanskje enda flere avganger?

Statsråd Kjell Opseth: Det er godt mogleg at representanten Gaup ikkje føler at ho har noko å vere glad for. Men det er dei som betaler full pris, som representanten Gaup, som har fått høgare prisar, og det er då andre enn representanten som betaler. Dei som reiser mest av vanlege folk frå Nord-Noreg, har verkeleg fått eit betre tilbod og lågare prisar, så eg synest representanten Gaup burde revurdere si haldning - for ho har grunn til å gle seg.