Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Modulf Aukan (KrF): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Trafikkreglar for syklistar har vorte forseinka. I St.meld.nr.34 (1992-1993), Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97, er det uttala at dette emnet skal prioriterast i perioden. Enno er ikkje nye reglar på plass.

Kan statsråden seie når nye utkast til trafikkreglar for syklistar vil koma?

Statsråd Kjell Opseth: Trafikk- og skiltreglar for dei syklande blir reviderte samstundes som Vegdirektoratet held på med ein samla gjennomgang av regelverket for planlegging, bygging og vedlikehald av gang- og sykkelvegane. Ein må sjå utforminga av gang- og sykkelvegar i samanheng med trafikk- og skiltreglane for syklistar, fordi ei endring i desse vil påverke val av tekniske løysingar i den vidare utbygginga av nye vegar for gåande og syklande. Den samla gjennomgangen har vore meir komplisert enn føresett. Det har såleis blitt forseinkingar i arbeidet.

Vegdirektoratet opplyser at eit høyringsutkast skal vere klart innan utgangen av 1996.

Modulf Aukan (KrF): Eg takkar for svaret.

Regelverket i dag er ikkje konsekvent og er til dels svært vanskeleg å forstå. Dette fører til usikre trafikantar og mange farlege situasjonar.

Denne utryggleiken omkring forståinga av trafikkreglane fører til ueinsarta atferd og ukultur elles blant syklistar. Likeins som det vert stilt krav til motorisert ferdsel, må det kunna stillast krav til syklande. Men utan klare, enkle reglar er det umogleg å seia kva som er riktig atferd.

Planleggjarane på fylkesvegkontora ventar på ei avklaring om endra trafikkreglar og vegnormalar. Dette kan føra til forseinking av vegprosjekt m.a.

Informasjonsarbeid retta mot sykkelbrukarar lid også under dette med regelmangel. Det seier seg sjølv at å informera om trafikkreglar som er på veg ut, er ikkje god pedagogikk. Spørsmålet vert då: Er reglane under arbeid?

Statsråd Kjell Opseth: Som det går fram av hovudsvaret mitt, sa eg at eit høyringsutkast skal vere klart innan utgangen av 1996. Det betyr at svaret på representanten Aukan sitt spørsmål er ja. Eg vil berre i tillegg få gje uttrykk for at vi er alle opptatt av å få enkle og klare reglar for alle delar av trafikken, også for dei syklande, og at ein gjennom det også får reglar som gjer at vi kan gripe inn når trafikkreglane ikkje blir følgde, noko som også er eit problem i dag.

Modulf Aukan (KrF): Eg takkar igjen for svaret. Det gler meg at arbeidet etter alt å dømma no er i gang. Og det er heilt nødvendig, for som eg peikte på i tilleggsspørsmålet mitt, lid ein del av planleggjarane under dette. Det seier seg sjølv at å planleggje med reglar frå i dag mens ein ventar på nytt regelverk, det er ikkje ei god sak for dei som skal driva den tekniske planlegginga. Det er heller ikkje ei god sak å driva undervisning av syklistar når ein ikkje har eit konkret regelverk å halda seg til. Men eg konstaterer det som statsråden seier, og eg er glad for at arbeidet er i gang.