Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 37

Ottar Kaldhol (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til statsråden:

Opplæringsreformene er ei stor utfordring for skuleleiinga på den enkelte skulen.

Kva tiltak vil statsråden sette i verk for å sikre ei utvikling som gjev god kvalitet på leiinga i skulen?

Statsråd Reidar Sandal: Leiinga ved kvar einskild skule spelar ei avgjerande rolle for planlegging, gjennomføring og oppfølging av reformene i grunnskule og vidaregåande opplæring. Departementet vil derfor følgje nøye med i utviklinga av skuleleiarane sin kompetanse og dei opplæringstilboda kommunar og fylkeskommunar har for denne gruppa mellomleiarar.

I St.meld.nr.37 (1990-1991) Om organisering og styring i utdanningssektoren blei det lagt stor vekt på samanhengen mellom grunnskulen og vidaregåande opplæring når det galdt opplæringa av skuleleiarar. På denne bakgrunnen utarbeidde departementet i 1992 eit program for leiarutvikling, LUIS-programmet. Innanfor ramma av LUIS har skuleleiarar fått opplæring i stort omfang. I samanheng med Reform 94 og grunnskulereforma har departementet funne det nødvendig å presisere og styrkje visse sider ved det opphavlege LUIS-programmet. Målet er å setje skuleleiarane betre i stand til å setje i verk og følgje opp arbeidet med reformene, når det gjeld både innhald og struktur. Departementet har derfor utarbeidd kompetansemål for skuleleiing. Når det gjeld grunnskulen, har departementet bedt om at kommunane i 1996 m.a. prioriterer dei kompetansemåla som omhandlar dei nye læreplanane.

Kompetansemåla fokuserer på pedagogisk leiing og på skuleleiaren si arbeidsgjevarrolle. Eg forventar at kommunar og fylkeskommunar, som er dei ansvarlege arbeidsgjevarane, legg kompetansemåla til grunn for opplæringa. Eg reknar òg med at denne går inn som ein integrert del av den kommunale leiaropplæringa. Departementet vil gje noko økonomisk støtte.

Når det gjeld saka om « Tid til leiing », vil eg nemne avgjerda som no ligg føre. Departementet har i dommen fått medhald i sitt prinsipielle syn om at dei administrative tidsressursane må sjåast som ein samla ressurs for skulen. Dette vil gje betre utnytting og ta omsyn til dei lokale behova. Dommen gjev òg meir ressursar til leiing, slik at det samla blir meir tid til leiaroppgåvene og dermed betre kvalitet.

La meg streke under at det er kommunane og fylkeskommunane som har arbeidsgjevaransvaret for skuleleiarane og dermed hovudansvaret for god kvalitet på skuleleiinga. Men eg vil sjå til, i samsvar med intensjonane i St.meld.nr.37 (1990-1991), at kommunar og fylkeskommunar får dei nødvendige føringane og rammevilkåra i arbeidet med å sikre god kvalitet på leiinga.

Departementet vil i august 1996 arrangere regionale konferansar for kommunar og fylkeskommunar der kompetansemåla for skuleleiarar blir drøfta. Universitet og høgskular vil òg bli inviterte til desse konferansane.

Departementet legg vekt på at dei høgre lærestadene som har ansvar for lærarutdanninga, utviklar tilbod om etter- og vidareutdanning for skuleleiarar på grunnlag av dei nye kompetansemåla. Departementet vil medverke til at tilboda er av god kvalitet, og at dei er relevante for arbeidsgjevarane i kommunar og fylkeskommunar.

Ottar Kaldhol (A): Eg vil takke statsråden for svaret, eit svar som etter mi oppfatning var både opplysande og avklarande i forhold til tiltak som allereie er i gang for å medverke til å sikre kvaliteten på skuleleiinga rundt om i landet.

Statsråden peikte også på tiltak for framtida som kan sikre større forståing i kommunane og fylkeskommunane for kor viktig det er å ha god kvalitet på skuleleiinga. I tillegg registrerte eg at statsråden nemnde at arbeidsgjevaransvaret for skuleleiarane ligg i kommunane og fylkeskommunane, slik at dei har ansvaret for å sikre denne kvaliteten. Har statsråden ei oppfatning av om det er aukande forståing for dette med god skuleleiing ute i kommunane og fylkeskommunane, eller ser statsråden at det kan vere behov for konkrete tiltak i forhold til kommunane og fylkeskommunane?

Statsråd Reidar Sandal: Til det konkrete spørsmålet frå representanten Kaldhol trur eg eg vil driste meg til å svare at generelt sett er det ei forståing, eg trur òg ei veksande forståing både i kommunar og fylkeskommunar for at skuleleiarane skal få betre kompetanse, og at det skal leggjast til rette slik at det blir gjeve tilbod som kan fange opp leiarnivået på ein best mogleg måte.

Når det gjeld det andre spørsmålet som representanten Kaldhol stilte, om kva konkrete tiltak som kan vere nødvendig å gjere elles, vil eg få minne om dei utdanningsspesifikke kompetansemåla som departementet har utarbeidd, og som både kommunar og fylkeskommunar no er gjorde kjent med, og som går fram av det nyleg utkomne heftet som har tittelen « Skuleleiing mot år 2000 ».

Ottar Kaldhol (A): Eg takkar igjen for svaret frå statsråden.

Eg registrerte at på slutten av det opphavlege svaret som han hadde, nemnde han ein del regionale konferansar som skulle gjennomførast i 1996, både for kommunane og fylkeskommunane, der kompetansemåta for skuleleiarane vert drøfta. Eg går ut frå at dei signala og den kunnskapen som kjem fram på dei konferansane, vil verte ein del av vurderings- og avgjerdsgrunnlaget for departementet i tida framover når ein skal treffe tiltak. I tillegg til det vil eg også spørje statsråden om det kan vere aktuelt å sette i gang ei grundigare utgreiing, eventuelt eit forskingsprosjekt på dette området, slik at ein kan skaffe fram eit godt avgjerdsgrunnlag og kanskje kan få fram større tryggleik for at dei tiltaka som då vert sette i verk i samarbeid med kommunane og fylkeskommunane, kan vere så målretta som mogleg.

Statsråd Reidar Sandal: Frå departementet si side har vi prioritert dette arbeidsfeltet veldig sterkt, og eg vil i den samanhengen få lov å understreke at dei kompetansemåla for skuleleiarar som vi har formulert, håpar vi vil bli integrerte i både kommunane og fylkeskommunane sine planar for leiaropplæring. Viss vi lykkast med å få det til, føler eg meg trygg på at vegen framover vil bli lett å gå, slik at vi får eit korps av skuleleiarar rundt om i landet som er vel skikka for oppgåva si.

Når det gjeld det konkrete spørsmålet som representanten Kaldhol stilte til slutt, vil eg seie at departementet sjølvsagt vil følgje denne utviklinga nøye. Vi har ikkje teke noka stilling til korleis vi konkret skal gå fram - noko forskingsprosjekt på dette konkrete feltet har vi ikkje planlagt - men eg kan love representanten at vi vil ha eit vake blikk på utviklinga i tida framover.