Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 38

Marit Lefdal (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Ifylgje forskrift for opptak til høgare utdanning vert det ikkje gitt dispensasjon frå kravet om bestått eksamen for søkjarar som er sjuke til eksamen.

Ser statsråden det som rimeleg at desse elevane får eit års utsetjing før dei kjem i gang med høgare utdanning?

Statsråd Reidar Sandal: For opptak til høgare utdanning gjeld normalt krav om generell studiekompetanse. Til enkelte studium blir det i tillegg stilt krav om bestemte studieretningsfag frå vidaregåande skule. Dette går fram av lov om universitet og høgskular som tok til å gjelde frå 1. januar i år. Gjeldande forskrift om generell studiekompetanse gjeld for opptak for studieåret 1996-97. Den har ingen generell heimel til å dispensere frå kravet om generell studiekompetanse.

Søkjarar frå dei studieretningane i vidaregåande skule som gjev generell studiekompetanse, må ha vitnemål som viser at utdanninga er fullført og bestått, for å kunne konkurrere om ein studieplass.

Kvart år er det blant søkjarane til høgare utdanning nokre som er uheldige og blir sjuke når dei skal ta avsluttande eksamen i vidaregåande skule. Desse elevane må gå opp til ei utsett prøve og får ikkje vitnemål om fullført og bestått vidaregåande skule innan 25. juli, som er datoen for hovudopptaket til universiteta og høgskulane.

Eg kan sjå problemet for dei få elevane som blir sjuke, og som derfor ikkje fyller krava for opptak og ikkje får konkurrere om studieplass ved hovudopptaket 25. juli. Eg vil vurdere dette spørsmålet nærare.

Ein må unngå at det blir mogleg for elevar å spekulere i fråvær frå eksamen.

Så lenge det er langt fleire søkjarar til høgare utdanning enn studieplassar, ville det òg lett bli oppfatta som urettferdig om nokon utan fullført og bestått eksamen i vidaregåande skule fekk studieplass, medan andre, som har fullført og bestått, fekk avslag.

Marit Lefdal (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Så vidt eg har fått opplyst, er det ikkje så mange elevar det er snakk om - ca 200 elevar på landsplan. Når det offentlege har lagt til rette for utsett eksamen for elevar som er sjuke ved den ordinære eksamenen, bør det etter mi meining vere høve til at desse elevane sine vitnemål vert vurderte etter hovudopptaket. Det må vere mogleg for dei elevane det gjeld, å få byrje på sine studium ved ordinær semesterstart.

Eg er svært glad for at statsråden vil sjå nærare på dette spørsmålet, for det har store konsekvensar for den einskilde elev.