Øystein Djupedal (SV):
Jeg vil gjerne
stille kirke-, utdannings- og forskningsministeren følgende spørsmål:
En stor del av elevene som går VK II i
skolen, blir utplassert i bedrifter i lengre perioder av skoleåret. Det
følger ingen forpliktelser for bedriftene, og dette kan derfor gå til
fortrengsel for ordinært lærlinginntak. Det er grunn til å tro at
retningslinjene som departementet trekker opp i et eget rundskriv, ikke er
tilstrekkelige.
Vil statsråden ta initiativ for å
skjerpe inn retningslinjene, og hvordan følger departementet opp at det ikke
foregår misbruk av ordningen?
Statsråd Reidar Sandal:
Hovudmodellen
for fagopplæringa med to år i skule og to år som lærling i bedrift står
fast. Fylkeskommunane og partane i arbeidslivet har arbeidd aktivt for å
skaffe lærlingplassar, utan å komme heilt i mål. Eg vil likevel peike på at
det i 1996 er teikna til saman ca 16.500 lærekontraktar mot 10.000 i 1995 -
altså ein formidabel auke. Men for at all ungdom med rett til vidaregåande
opplæring skal få avslutta fagopplæringa si slik retten fastset, må
sluttopplæringa fram mot yrkeskompetanse tilretteleggjast som VK II i skule
om det ikkje er mogleg for fylkeskommunen å skaffe nok lærlingplassar i
bedrift. Dei siste tala tyder på at ca 3.000 elevar får slik alternativ
opplæring, og at ni fag utgjer 2/3 av desse elevplassane.
Fylkeskommunen har ansvar for å gje
eit så godt tilbod som mogleg for desse elevane. For å få til dette kan
skulen samarbeide med bedrifter om delar av opplæringa, mellom anna ved
utplassering. Men skulen har heile tida det faglege ansvaret og ansvaret
for å følgje opp elevane. Den kan ikkje overlate dette til bedriftene.
Eg er einig med representanten
Djupedal i at desse tilboda ikkje må komme til fortrengsel for ordinære
lærlingplassar i bedrift, og departementet har derfor understreka dette i
brev av 4. oktober d.å. til partane i arbeidslivet, fylkeskommunane og
Statens utdanningskontor. Det blir her gjeve retningslinjer for
utplassering i bedrift i dei alternative VK II-klassane.
Departementet har følgt utviklinga
nøye og har henta inn opplysningar frå fylkeskommunane m.a. om omfanget av
bruk av utplassering i VK II i yrkesfaga. Bruken av utplassering i bedrift
synest ikkje å vere så omfattande som ein kan få inntrykk av frå pressa, men
noko meir omfattande enn ein hadde trudd på førehand. Når det gjeld
utplassering i bedrift i over 50 % av opplæringstida, omfattar det først og
fremst omsorgsarbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Men også her
varierer situasjonen frå fylke til fylke, og det går føre seg eit løpande
arbeid i fylka for å finne fram til ordningar i samsvar med retningslinjene.
Departementet vil på denne bakgrunnen
i nytt skriv til fylkeskommunane presisere føresetnadene for ordninga med
alternativ opplæring i VK II for å unngå misbruk av ordninga.
Øystein Djupedal (SV):
Jeg er glad for
at statsråden er enig i at dette er et alvorlig problem og vil presisere
hvilke forutsetninger som skal legges til grunn, i et nytt rundskriv. Det
som er utfordringen, er hvilke forutsetninger det skal stå i det
rundskrivet. Det vi i dag vet, er at utplassering foregår i langt større
omfang enn det statsråden gir inntrykk av, også i andre fag enn det
statsråden her skisserer. Jeg har dokumentasjon på at det gjelder langt
flere enn de offentlige omsorgsyrkene han refererte til. Men la det ligge.
Min utfordring til statsråden er: Vil
det f.eks. være mulig å presisere i rundskriv at det bare er bedrifter som i
utgangspunktet har lærlinger innenfor det samme fagområdet, som kan motta
utplasserte elever - for å sikre at det foregår en kvalitetsmessig god
utplassering? Det er riktig, som også statsråden er inne på i sitt svar, at
dette foregår til fortrengsel for ordinært lærlinginntak, for det er som
sagt gratis arbeidskraft for bedriftene. Så den største utfordringen til
statsråden er: Vil han ta det inn i det nye rundskrivet?
Statsråd Reidar Sandal:
Eg konstaterer
at representanten Djupedal er tilfreds med den bodskapen som eg målbar,
departementet si handtering av denne saka til no og den vidare oppfølginga
av dette spørsmålet, som eg har vore oppteken av, og som vil bli følgt nøye
opp frå departementet si side òg i tida framover.
Når det gjeld utplassering i bedrift,
viste representanten Djupedal til at det omfattar fleire enn dei to faga som
eg eksplisitt nemnde. Eg vil derfor presisere at eg i svaret mitt
understreka at utplassering i bedrift i over 50 % av opplæringstida først og
fremst omfattar to fag. I den utsegna ligg at det òg kan ha aktualitet for
fleire.
Elles finn eg det lite formålstenleg å
diskutere detaljutforming av eit skriv frå denne talarstolen.
Øystein Djupedal (SV):
La meg starte
med å understreke at storting og regjering sammen med partene i arbeidslivet
har et felles ansvar for at lærlingordningen skal bli god. Det er det som
er utgangspunktet for mitt spørsmål, nettopp å hindre at utplassering går
til fortrengsel for lærlingopptak, så der er vi nok enige, statsråden og
jeg. Men hvis retningslinjene er like tøyelige som dem vi har i dag, så vet
vi at det vil skje til fortrengsel. Derfor er det ikke detaljer når jeg tar
opp hvilke presiseringer som må stå i et sånt rundskriv, når vi også vet at
det fire til fem dager i uken året igjennom utplasseres elever i ordinær
bedrift. Vi vet også at den faglige oppfølgingen fra læreren er mangelfull,
fordi det ikke er mulig å følge opp en kandidat som er utplassert i bedrift,
like tett som på en skole.
Da kommer jeg også inn på hvilken
kvalitet den opplæringen skal ha. Jeg er ikke blant dem som flisespikker på
det - jeg er enig i statsrådens utsagn fra tidligere runder om at vi skal
avvente og prøve å gjøre det best mulig. Men det er altså ikke detaljer vi
her snakker om - vi snakker om klare, entydige presiseringer av hva som skal
være tillatt og ikke tillatt, og ikke minst viktig: Hvordan skal det være
mulig for fylkeskommunen og yrkesskolene å følge det opp, slik at det
faglige ansvaret er plassert der det skal være?
Statsråd Reidar Sandal:
Eg erkjenner
fullt ut det ansvaret som Regjeringa har for å medverke til at
lærlingordninga blir best mogleg, og eg konstaterer med glede at i det
arbeidet har ein sterk støtte frå representanten Djupedal.
Når det gjeld den nærare
detaljutforminga av skrivet, har eg reservert meg mot å drøfte det frå denne
talarstolen. Men dei hovudsignala som er gjevne frå mi side i dag, finn ein
òg i eit skriv av 4. oktober i år som departementet har sendt ut, og som eg
viser til. Der er det veldig klart slått fast at ein føresetnad for
utplassering er at den ikkje skjer til fortrengsel for primærløysinga,
nemleg lærekontrakt i bedrift. Det er òg understreka at det er
fylkeskommunen ved den aktuelle skulen som skal syte for at elevane får
heiltids opplæring under kyndig rettleiing. Eg har sagt at eg ser behovet
for å sende eit brev der vi klargjer og presiserer endå meir, men desse
føresetnadene ligg fast, og det konstaterer eg at Djupedal og eg er einige
om.