Stortinget - Møte onsdag den 5. mars 1997

Dato: 05.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Ingvald Godal (H): Eg vil gjerne få stille fylgjande spørsmål til olje- og energiministeren:

Det har lenge vore eit sterkt ynske om å få gass i rørleidning til Austlandet, mellom anna til den store industrikonsentrasjonen i Grenland, for å trygge verksemda der og for å legge grunnlaget for nye impulsar for vekst. Spørsmålet om norske gassleveransar til Sverige er på nytt aktuelt.

Vil statsråden prøve å løyse dette på ein slik måte at det òg kan tene norsk industris langsiktige interesser, ikkje minst i nemnde område, eller finne andre løysingar for ilandføring av gass her?

Statsråd Ranveig Frøiland: Moglegheitene for å transportera gass til Austlandet og nabolanda våre har vore vurderte i over 25 år. Mellom anna i samband med det store norsk-svenske gassprosjektet på slutten av 1980-talet vart det vurdert ei rekkje alternative rørleidningar frå Nordsjøen og Midt-Noreg via Austlandet til Sverige og eventuelt vidare til Finland.

Både styresmakter og kommersielle aktørar har no eit omfattande bakgrunnsmateriale om desse spørsmåla, og problemstillingane er velkjende.

Kostnadene ved å transportera gass over så lange strekningar er store, og det må avsetjast store mengder gass for å få så låge einingskostnader at slik transport kan forsvarast. Vi har tilstrekkelege gassreservar, og GFU er klar til å inngå forhandlingar om sal av gass. Men korkje i Grenland, på Austlandet eller i nabolanda våre finst det kjøparar som er villige til å inngå forpliktande avtalar om å kjøpa så store mengder gass at det gjev grunnlag for å byggje slike rørleidningar.

Situasjonen kan endra seg ved at Danmark etter kvart får behov for å supplera sin eigen produksjon med import av gass, og ved at dei politiske rammevilkåra i Sverige kan verta meir gunstige for overgang til gass.

Med dagens kostnadsbilete er ein rørleidning over Austlandet berre mogleg som ledd i ein større skandinavisk plan. Avsetnadsmoglegheitene på Austlandet er ikkje store nok til å bera kostnadene ved ein eigen rørleidning. Ein eventuell rørleidning må som sagt byggja på salskontraktar for så store volum at investeringane kan forsvarast. Det er GFU som har ansvaret for å forhandla om sal av gass frå norsk sokkel. GFU er interessert i å selja gass både til Austlandet og til nabolanda våre. Styresmaktene følgjer situasjonen og vil sjølvsagt vurdera alle løysingar ut frå norske interesser.

Ingvald Godal (H): Når me no er ein av Europas største gassleverandørar, er det veldig synd at me skal halde fram med å vera ein råvareprodusent, at me ikkje skal greie å få utnytta meir av denne gassen til landbasert industri her i landet. Me er òg i den situasjonen at me f.eks. i Grenland har industri som fort kan tørke inn dersom det ikkje kjem nye impulsar. Det er tilfellet òg andre stader i austlandsområdet, og eg synest det er rart at det ikkje skal gå an saman med svenskane og danskane å få til ei løysing der me kan få eit nordisk gassnett anten direkte frå Nordsjøen eller via Danmark og oppover svenskekysten.

Eg kunne ha lyst til å spørja statsråden om kva ho legg i det ho seier om utviklinga i Danmark og i Sverige, kva slags perspektiv og mogelegheiter ho ser her for at me kan få realisert dette.

Statsråd Ranveig Frøiland: Eg trur vi må vera klare over at det aller meste av den gassen vi produserer, skal gå til eksport. No er det omtrent 100 % som gjer det. Eg har sjølvsagt, som mange andre, eit ønske om at vi kunne bruka litt meir på å gjera meir for både industrien og transportsektoren i Noreg, men det er veldig store volum som skal til for at det er forsvarleg å investera i ein rørleidning. Men eg vil igjen seia at det er forhandlingar på gang med Danmark frå GFU si side om kjøp av gass. Det å ha ein leidning inn til Danmark og la den gå vidare oppover til Sverige vil jo då vera naturleg. Det er klart at den situasjonen følgjer vi nøye, og vi er som Godal opptekne av å få til eit nordisk gassnett. Det ville jo vera i alle si interesse.

Ingvald Godal (H): I samband med avviklinga av kjernekraft i Sverige ser me jo at dette med gass har vorte meir aktuelt. Me kan òg sjå i media at svenskane, så vidt eg forstår, vurderer om dei skal ta gassen frå oss eller frå Russland. Kan statsråden seia noko nærare om denne situasjon. Det er jo tydeleg at svenskane er interesserte? Dersom dette er eit spørsmål om forretningar, vil eg så sterkt eg kan, oppmode den norske regjeringa om å vera veldig aktiv og syrgje for at den løysinga som Sverige landar på, kan bli eit ledd i ei nordisk løysing basert på norsk gass.

Statsråd Ranveig Frøiland: Nordisk Råd har jo for eit år sidan sagt at det er viktig at ein får eit nordisk gassnett som òg kan forsyna Baltikum. Og eg er samd med Godal i at den situasjonen ein no har i Sverige, der det snakk om å bruka meir gass, har påkalla all vår interesse. Men vi må òg ha klart for auga at når ein er i ein slik situasjon som Sverige og har moglegheiter til å få gassforsyning frå to land, er det òg eit ledd i den økonomiske vurderinga - her er det snakk om Russland, og det er snakk om Noreg. Men som sagt følgjer vi situasjonen nøye, for vi ser òg moglegheita for å få til meir i nordisk samanheng.