Stortinget - Møte onsdag den 5. mars 1997

Dato: 05.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til kommunal- og arbeidsminister Opseth om rettssituasjonen for nokre av dei som ikkje har fulle rettar:

Reglene for opptjening av dagpengerettigheter er endra med virkning fra 1. januar 1997. Etter denne datoen skal ikke inntekt av tiltaka vikarplass, sysselsettingstiltak i offentlig sektor, KAJA og lønn i fase 2 i AMO-bedrifter regnes med i opptjeningsgrunnlaget for nye dagpenger.

Hvordan kan statsråden juridisk forklare og forsvare at arbeidsinntekt som det både blir trukket skatt av og betalt arbeidsgiveravgift for, ikke skal gi de samme rettighetene som annen arbeidsinntekt?

Statsråd Kjell Opseth: Det er reglane i folketrygdlova kapittel 4 som avgjer kva slags inntekt som gjev rett til dagpengar. Med verknad frå 1. januar 1997 er det stadfesta direkte i lova at inntekt frå deltaking i arbeidsmarknadstiltak ikkje tel med i kravet til minste tidlegare inntekt for å få rett til dagpengar. Lova gjev departementet fullmakt til å gje forskrift om kva som blir rekna som arbeidsmarknadstiltak i denne samanhengen.

Framlegget til denne lovendringa vart gjort ved Ot.prp.nr.35 (1995-1996). Stortinget slutta seg til dette framlegget i vårsesjonen 1996. Til grunn for desse endringane låg den vurderinga at dagpengar skal vere ein tidsavgrensa, delvis kompensasjon for bortfall av inntekt frå den ordinære arbeidsmarknaden. Det følgjer av dette at ein ikkje skal få rett til dagpengar som følgje av deltaking på ekstraordinære arbeidsmarknadstiltak. Vidare peika ein i proposisjonen på at det er uheldig at personar som ikkje har hatt ordinært arbeid, skulle kunne tene opp rett til dagpengar gjennom tiltak. Ein såg det òg som uheldig at administrative avgjerder i arbeidsmarknadsetaten om tildeling av det knappe gode som arbeidsmarknadstiltak er, kunne bli avgjerande for om arbeidssøkjar får rett til dagpengar eller ikkje.

Eg vil opplyse om at den tida ein arbeidssøkjar tek del i ymse sysselsetjingstiltak, no kjem i tillegg til dei vekene vedkomande kan få dagpengar. Det gjorde det ikkje tidlegare. Eg vil òg opplyse om at inntekt frå deltaking i arbeidsmarknadstiltak kan inngå i grunnlaget for utrekning av dagpengar, og dermed gje mottakarane av stønaden høgare dagpengar etter at dei har teke del i tiltak.

Erling Folkvord (RV): Eg skal takke for svaret, som jo var eit slags kortfatta resymé av eit kapittel i Ot.prp.nr.35 frå i fjor vår.

RV reiser dette spørsmålet fordi vi bryr oss om rettane til dei som dagleg må betale rekninga for det som blir kalla arbeidslinja eller solidaritetsalternativet. Eg synest det er riktig å samanlikne dette med 1920-talet, før vi fekk arbeidarpartiregjeringane i Noreg. Da sa borgarlege statsrådar gjerne at årsaka til at det var så mange fattige, var at fattigforsorga var for god. Eg synest både argumentasjonen i lovframlegget i fjor vår og statsrådens argumentasjon nå eigentleg berre er ein modernisert versjon av dette. Sjå heller på kjernen i det! Her er det slik at ein viss type arbeid som blir utført på tiltak, er spesielt dårleg betalt. Men kvifor skal ein ha ei B-rangering når det gjeld retten til å opptene dagpengar? Ser ikkje statsråden ulikebehandlinga mellom A og B i reservearbeidsmarknaden?

Statsråd Kjell Opseth: Eg forstår at representanten Folkvord er ute etter ein omkamp frå vårsesjonen 1996. Det har han jo fullt høve til. Eg vil berre seie at det skulle ta seg underleg ut om eg som kommunal- og arbeidsminister og arbeidsmarknadsetaten skulle følgje ei anna linje enn den som Stortinget har trekt opp. Så dersom representanten Folkvord meiner dette er så alvorelge manglar ved det lovverket vi har på dette området, har han jo ei heilt annan moglegheit til å gripe fatt i det problemet enn gjennom eit spørjetimespørsmål til meg. Det er å invitere Stortinget til å endre lova.

Erling Folkvord (RV): Eg er heilt einig med statsråden i det siste. Men eg har ikkje retta nokon kritikk mot statsråden eller nokon av hans etatar for å te seg i strid med den nye lovendringa. Eg har prøvd å appellere til statsråden, få han til å innsjå at vi har fått lovfesta ein urett gjennom den lovendringa som skjedde 11. juni i fjor. Urett blir ikkje rett sjølv om uretten er vedtatt i lovs form i odelstingsmøte både ein og to gonger. Det er også slik at ein statsråd kan kome til den slutninga at ei lovendring som han sjølv har vore med på og gått inn for, bryt med rettferdsprinsippa, likebehandlingsprinsippa, og at det sånn sett er viktig å endre lova. Lovendringsarbeid er jo noko av det som statsråden driv mykje med. Eg vil oppmode statsråden til å sjå på kva verdigrunnlag ein burde stå på her, og gå inn for å få innført likebehandling på dette området.

Statsråd Kjell Opseth: Eg registrerer at representanten Folkvord ikkje har særleg høge tankar om sine kollegaer når han meiner at dei har vedtatt ei lov som er urettvis. Lat meg berre få seie at på dette området greier vi aldri å få den optimale rettferda på plass. Det vil alltid vere nokon som ein kan seie blir urettvist handsama, fordi ein må trekkje grenser. Og når ein skal trekkje grenser, skjer ofte det.

Eg meiner lova så langt det går an, er rettvis, fordi den skil mellom dei som har opparbeidd rett til dagpengar gjennom ordinært arbeid, og dei som ikkje har det, og at dei ikkje gjennom arbeidsmarknadsetaten, som er ein ressurs det er skort på, som eit forvaltingsorgan fordeler, skal skaffe seg denne retten.