Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 1997

Dato: 12.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ifølge oppslag i Aftenposten av 26. februar 1997 viser en landsomfattende rapport fra NIFU at arbeidsgivere velger gutter med middelmådige karakterer fremfor jenter med toppkarakterer ved ansettelse av lærlinger i tradisjonelle guttefag.

Hvilke tiltak vil statsråden iverksette for å motvirke dette?

Statsråd Reidar Sandal: Den rapporten frå NIFU som representanten Frost Sterri viser til, synest å dokumentere at karakterar er viktige ved tilsetjing av lærlingar i nokre fag, men at karakterar spelar mindre rolle i dei faga som er typisk gutedominerte.

Det er i dei gutedominerte faga som elektrofag, mekaniske fag, trearbeidsfag og byggfagg at jentene kjem dårlegare ut enn gutane når det gjeld å få innfridd førsteønsket om læreplass. Samtidig viser det seg at karakterane spelar lita rolle for arbeidsgivarane i desse faga. Forskarane stiller spørsmålet om arbeidsgivarane legg vekt på andre kriterium enn karakterar i fag som er gutedominerte, og om dette faktisk gir gutane ein fordel.

Det er fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda som har ansvaret for fomidling av elevar til lærebedrift. Formidlinga skal skje ut frå prinsippet om lik rett til opplæring på grunnlag av karakterresultata, elevane sine ønske, lærebedriftene sine krav, kjønnsfordeling o.l. Reglar for dette er fastsette i forskrift om inntak.

Det er likevel bedriftene som avgjer om dei vil teikne lærekontrakt med dei elevane som blir formidla av yrkesopplæringsnemnda. Det prinsipielle utgangspunktet for læreforholdet er at det er eit kontraktsforhold mellom to partar, lærlingen og bedrifta. Bedrifta kan på si side stille krav som er grunna i bedriftasi verksemd, men slike krav skal ikkje vere diskriminerande i forhold til reglane i likestillingslova.

I St.meld.nr.22 (1996-1997) Om lærlingsituasjonen, som Regjeringa nyleg har fremma for Stortinget, blir det peikt på eit problem vi har i fagopplæringa. På den eine sida skal styresmaktene syte for lik rett til utdanning. På den andre sida har arbeidsgivarane styringsretten ved tilsetjing av lærlingar, som for andre arbeidstakarar. Det er derfor ikkje mogleg i noverande situasjon å tvinge arbeidsgivarane til å ta inn lærlingar dei ikkje ønskjer.

Det er likevel svært viktig for meg å medverke til ei endring av det kjønnsdelte utdannings- og yrkesvalet som vi har i dag. Eg vil derfor sjå til at fylkeskommunane gjer det dei kan for å følgje opp intensjonane i inntaksforskrifta. Som det går fram at St.prp.nr.1, har departementet òg tatt initiativ til eit treårig prosjekt for å stimulere både jenter og gutar til å velje utradisjonell utdanning. Målsetjinga er å hindre ein for sterk kjønnssegregert arbeidsmarknad. Prosjektet vil involvere både arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og lærar- og elevorganisasjonar. Departementet har utvikla ei eiga rettleiing for rådgivarar i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa. Her er likestilling og yrkesrettleiing sentrale emne. Det vil m.a. vere viktig at likestillingslova blir gjort betre kjend for elevane. Rettleiinga er for tida ute på høyring.

Eg håpar at dei tiltaka som både er planlagde og sette i verk, vil føre til at bedriftene viser større vilje til å tenkje utradisjonelt når det blir teikna lærekontraktar.

Eg vil til slutt understreke at bedriftene har eit særleg ansvar for å syte for at det ikkje blir gjort forskjellsbehandling i strid med gjeldande reglar i likestillingslova.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Problemet knyttet til dette er vel ikke bare at bedriftene skal vise større vilje til å tenke utradisjonelt, de må også vise større evne til å handle utradisjonelt. Og når det gjelder dette treårige prosjektet som er igangsatt, har jeg lyst til å sende en idé med på veien til statsråden, nemlig å vurdere om det her kan legges inn noe ekstra stimulans, med andre ord belønning for arbeidsgivere som bryter tradisjonelt kjønnsbundne grenser ved å tegne lærekontrakter med lærlingen. Spørsmålet er altså: Kan man legge inn en ekstra bonus i dette lærlingtilskuddet? Hvis man bryter kjønnsbarrierene ved inntak av lærlinger, kan det være en idé - og jeg lanserer den. Selv om jeg i mitt forrige spørsmål registrerte at statsråden behendig unngikk å besvare mitt tilleggsspørsmål, prøver jeg allikevel å få en kommentar på dette.

Statsråd Reidar Sandal: Eg er einig med representanten Frost Sterri i at det er viktig å få bedriftene og arbeidsgivarane til ikkje berre å tenkje utradisjonelt, men òg til å handle utradisjonelt. Det opplegget som vi frå Regjeringa har foreslått, og som vi arbeider med å setje i verk, har nettopp dette dobbelte formålet, både å tenkje og å handle på ein slik måte at vi ikkje får ein kjønnssegregert arbeidsmarknad. Den målsetjinga er vi einige om, men oppgåva ligg no på arbeidsgivarane si side.

Når det gjeld moglegheitene for å leggje inn ei økonomisk stimulansordning, vil eg i dag svare at det vil eg ikkje gå inn på no. Eg har faktisk eit håp om at vi gjennom det arbeidet som vi no driv på med, skal greie å snu denne negative utviklinga. Dersom det likevel på litt sikt skulle vise seg å ikkje vere slik, får vi diskutere meir utradisjonelle tiltak.

Presidenten: Spørsmål 22 er framført og svart på.