Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 1997

Dato: 12.03.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Einar Steensnæs (KrF): Jeg vil få rette følgende spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

Yrkeshemmede skal etter den nye dagpengeforskriften ikke lenger få lov til å opparbeide dagpengerettigheter i jobben (fase 2). Dette vil få store konsekvenser, ikke minst fordi mange yrkeshemmede etter regelverket for arbeidsmarkedsbedrifter kun ansettes på toårskontrakter. Mange yrkeshemmede kan dermed havne på sosialkontoret. Det nye regelverket kan få negative følger for AMB-bedriftene.

Hva vil statsråden gjøre for å hindre at de som står svakest på arbeidsmarkedet, rammes?

Statsråd Kjell Opseth: Etter dei nye reglane for dagpengar, som Stortinget vedtok i vårsesjonen 1996, skal ein ikkje ta med inntekt frå arbeidsmarknadstiltak når ein vurderer om kravet til minsteinntekt for rett til dagpengar er oppfylt. Til grunn for denne endringa låg den vurderinga at dagpengar skal vere ein tidsavgrensa kompensasjon for bortfall av inntekt frå den ordinære arbeidsmarknaden. Det følgjer av dette at ein ikkje skal få rett til dagpengar som følgje av deltaking på arbeidsmarknadstiltak. Ein fann det òg uheldig at administrative avgjerder i arbeidsmarknadsetaten om tildeling av det knappe godet som arbeidsmarknadstiltak er, skal avgjere om arbeidssøkjar får rett til dagpengar eller ikkje.

Mellom personar som går ut av fase 2 i arbeidsmarknadsverksemdene, vil mange ferdig attførte gå ut i ordinært arbeid. Arbeidsmarknadsverksemdene har eit eige ansvar for å skaffe arbeid til personar som sluttfører fase 2. Nokre vil vere ferdig attførte utan å ha fått tilbod om arbeid. Desse vil kunne ta opp att attføringspengane eller arbeidsløysetrygda dersom dei mottok slik stønad før dei byrja i arbeidsmarknadsverksemda. Ferdig attførte er òg aktuelle for tiltak med lønstilskot.

For personar som går ut av fase 2, men som ikkje kan reknast som ferdig attførte, er andre arbeidsmarknadstiltak òg aktuelle.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret. Yrkesvalghemmede har ikke alltid den samme kapasitet i arbeidssituasjonen og klarer heller ikke vanligvis å møte de samme krav til effektivitet som arbeidstakerne i det ordinære arbeidsmarkedet, og det er dette som er utgangspunktet for arbeidsmarkedsbedriftene. Der gjøre disse arbeidstakerne en god, målrettet og imponerende innsats innenfor de rammer som yrkesvalghemmingen setter. Det må være bedre at en tilbyr slike personer arbeid enn å henvise dem til trygd eller sosialhjelp. Derfor vil jeg spørre statsråden:

Mener ikke statsråden at offentlige myndigheter gir et helt feil signal i forhold til vurdering, av dette arbeidet når slike arbeidstakere ikke opparbeider de samme rettigheter som ordinære arbeidstakere oppnår gjennom sitt arbeid?

Statsråd Kjell Opseth: La meg igjen få lov til å understreke at det regelverket som vi no følgjer, er vedtatt av Stortinget så seint som for knapt eitt år sidan. Det er det regelverket vi no følgjer.

Det spørsmålet som representanten Steensnæs no tek opp på bakgrunn av spørsmålet frå Hilde Frafjord Johnson, er eit spørsmål som vi har fått i brevs form frå representanten Eirin Faldet for ein god månad sidan, og som vi er i ferd med å sjå på, om det er nokon som fell utanfor gjennom det regelverket som er vedtatt, og eg vil ikkje her og no gå nærare inn på om det blir nokon endringar eller ikkje.

Eva Lian hadde her overtatt presidentplassen.