Stortinget - Møte onsdag den 9. april 1997

Dato: 09.04.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Eva R Finstad (H): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

Utnyttelsen av etablerertilskudd i Oslo og Akershus er stor og gir gode resultater. I Akershus er andelen etablerere som overlever, øket fra 60 til 80 %.

Mener kommunalministeren på denne bakgrunn at det er god næringspolitikk å ta midler fra Oslo og Akershus og fordele jevnt over til de andre fylkene, med det resultat at ytterligere flere søkere i Oslo og Akershus får avslag på søknad om etablerertilskudd?

Statsråd Kjell Opseth: Store delar av Distrikts-Noreg er prega av fråflytting og slit med svakt næringsgrunnlag. Mange distriktskommunar er dessutan for avhengige av sysselsetjing i offentleg sektor. Det er difor spesielt viktig å stimulere til nyskaping og nyetableringar i privat sektor. For å møte desse utfordringane er det naudsynt med ein forsterka innsats i desse områda. Reduksjonen på etablerarstipendrammene til Oslo og Akershus er såleis distriktspolitisk grunngjeven.

Store delar av næringslivet går svært bra i Oslo og Akershus. Det er positivt. Det er òg positivt at mange ønskjer å etablere eiga verksemd. Det må vere mogeleg å hjelpe desse fram gjennom andre ordningar og/eller over fylkeskommunale budsjett. Oslo kommune har tidlegare hatt ei eiga ordning med etablerarstipend for ungdom og arbeidsledige mellom 20 og 30 år. Dette viserat det finst alternativ til den statlege etablerarstipendordninga.

Eg står fast ved årets fordeling av etablerarstipendmidlar. Samstundes vedgår eg at omprioriteringa kom noko seint i budsjettåret. Eg har derfor forståing for at det no vert vanskeleg å gjere omprioriteringar innanfor fylkeskommunane sine eigne budsjett. På denne bakgrunnen har eg vedteke å gje Oslo og Akershus ei ekstraløyving på 2,5 mill. kr kvar. Dette for at m.a. aktiviteten ved dei ulike etablerarsentra skal kunne halde fram.

Eva R Finstad (H): Jeg takker for svaret.

Jeg har lest i avisen at fylkesordfører Kristoffersen har forlangt en forklaring og opplyst til Nationen at han vil ha et møte med statsråden før statsråden om en uke skal i ilden på Stortingets talerstol. Jeg forstår at han har hatt dette møtet, og at det har gitt resultater. Jeg er fornøyd på vegne av Oslo og Akershus, selv om jeg er sterkt kritisk til den vurderingen som kommunalministeren gjør. I Nordland blir nemlig 33 % av prosjektsøknadene innvilget, i Hedmark 25 %, i Akershus mellom 10 og 15 %, og etter denne bevilgningen vil 5-7 % nå bli innvilget i Oslo.

I Hedmark sier næringskonsulenten at problemet ikke er pengemangel, men mangel på gode prosjekter, og konsulenten tviler på at det å øke stipendkvoten alene vil bidra til å stanse fraflyttingen. Jeg synes det burde være et tankekors for statsråden at det er mangel på gode prosjekter rundt omkring. (Presidenten klubber.) God næringspolitikk må bety at man innvilger der man får gode resultater.

Presidenten: Taletiden er omme.

Statsråd Kjell Opseth: Eg og spørjaren er skjønt samde om at vi manglar gode idear i dette landet, og eg ser særdeles positivt på at det finst menneske med idear i Oslo og Akershus. Eg har tenkt å sjå nærare på etablerarstipendordninga i samband med budsjettet for 1998, fordi eg gjerne ser at vi utnyttar dei ideane som finst i alle delar av landet som eit verkemiddel for å sikre hovudtrekka i busetnadsmønsteret, som faktisk alle parti har sagt er ei politisk målsetjing.