Eva R Finstad (H):
Jeg skal få stille
følgende spørsmål til olje- og energiministeren:
I budsjettinnstillingen for 1997 fra
energi- og miljøkomiteen forutsetter flertallet i komiteen at
gjennomføringen av bioenergianlegget på Gardermoen blir sikret. Gardermoen
Fjernvarme har imidlertid bare fått innvilget 1,5 mill. kroner av de omsøkte
3 mill. kroner.
Vil olje- og energiministeren ta
søknaden opp til ny vurdering slik at dette anlegget, som kan betraktes som
et flaggskip for bioenergi, kan bli gjennomført?
Statsråd Ranveig Frøiland:
Norges
vassdrags- og energiverk har handsama søknader om midlar til
bioenergianlegget på Gardermoen to gonger. I 1996 fekk dette anlegget eit
tilskott på 2,5 mill. kr. I februar i år søkte dei NVE om meir pengar.
Samstundes viste dei til at Stortinget sin energi- og miljøkomite hadde ein
føresetnad om at bioenergianlegget på Gardermoen skulle ha forrang framfor
andre bioenergiprosjekt.
NVE fann at dei kunne gje 1,5 mill. kr i
tillegg til dei 2,5 millionane som alt var gjevne. Samla har
bioenergianlegget på Gardermoen motteke 4 mill. kr frå staten.
Selskapet som er ansvarleg for
bioenergianlegget på Gardermoen, har anka avgjerda. NVE vil om kort tid
sende anken over til departementet saman med sine kommentarar. Deretter vil
departementet ta ei avgjerd i saka. Eg kan difor ikkje uttala meg meir om
saka slik den står i dag, men eg skal lova at eg skal ta ei avgjerd så raskt
som mogleg.
Eva R Finstad (H):
Jeg takker olje- og
energiministeren for svaret. Jeg antar at hun er interessert i at dette
anlegget skal fungere så godt som mulig og at vi skal ha et godt grunnlag
for å starte. Anlegget er beregnet å koste 55 mill. kr, og det betyr at
anlegget ennå ikke er finansiert, selv om spaden er stukket i jorda. Disse
1,5 mill. kr ekstra som de hadde håpet å få, betyr en del for dette anlegget.
I og med at olje- og energiministeren
selv var med i komiteen da vi forutsatte at gjennomføringen av
bioenergianlegget på Gardermoen ble sikret i forbindelse med
tilskuddsordningen, har jeg godt håp om et positivt svar. Etter hva jeg
husker, er det vel 94 mill. kr som står på denne budsjettposten, så det burde
kunne la seg gjøre å få til at anlegget kan fungere og få en god start.
Statsråd Ranveig Frøiland:
Eg kan
forsikra representanten Finstad om at eg er interessert i både dette
anlegget og andre anlegg for å få bioenergi meir i bruk i Noreg, og vi har
planar når det gjeld bruken av dei pengane som vi har fått frå Stortinget.
Men eg reknar med at Eva R Finstad frå Høgre og eg sjølv er einige om at
pengane våre må brukast fornuftig slik at vi får mest mogleg miljø ut av dei
- det er der utfordringa ligg. Som sagt kjem ankesaka til departementet, så
eg håpar på forståing for at eg ikkje seier noko konkret om dette no.
Presidenten: Dermed er sak nr. 1 på
dagsordenen ferdigbehandlet.