Stortinget - Møte onsdag den 23. april 1997

Dato: 23.04.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til kulturministeren lyder slik:

Når vil statsråden leggja fram for Stortinget ei evaluering av stadnamnlova?

Statsråd Reidar Sandal: Lov av 18. mai 1990 om stadnamn tok til å gjelde den 1. juli 1991. Dei forskjellige aktørane som praktiserer regelverket, har derfor snart seks års erfaring med korleis ho verkar.

Departementet er i gang med ei vurdering av korleis viktige element ved regelverket og organiseringa av arbeidet har fungert i denne perioden. Ei arbeidsgruppe er i ferd med å førebu ei spørjeundersøking som skal utgjere ein del av grunnlagsmaterialet for evalueringa. Spørjeundersøkinga vil bli gjennomført i 1997. På bakgrunn av denne og departementet sine eigne erfaringar vil ein så vurdere behovet for endringar, og ein reknar medå fullføre denne gjennomgangen i første halvår 1998.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar for svaret.

Min bakgrunn for å stilla dette spørsmålet er at statsråd Åse Kleveland sa i Stortinget den 14. desember 1994 at stadnamnlova skulle reviderast i 1996/97. Eg konstaterer at dette arbeidet er i gang, og eg vil be statsråden ta med seg til kulturministeren spørsmålet om å setja spesielt søkjelys på § 4 i lova. Det er den som legg vekt på forholdet til lokal uttale, og som seier at skrivemåten skal fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp, men at når særlege grunnar talar for det, kan skrivemåten avvika frå gjeldande rettskriving. Det er frustrasjon i mange lokalmiljø over korleis denne paragrafen blir praktisert. Mange kommunar opplever at Statens kartverk etter råd frå stadnamnkonsulenten ivaretek lokal skrivemåte på ein måte som både synest tilfeldig og har si spesielle tolking av lokal uttale.

Statsråd Reidar Sandal: Som det vil gå fram av det svaret som eg nettopp gav, vil eventuelle endringar først kunne leggjast fram våren 1998. Når det gjeld spørsmålet som blei tatt opp i tilleggsspørsmålet, som særleg knyter seg til § 4, vil eg formidle vidare til kulturministeren dei synspunkta som Meltveit Kleppa gav uttrykk for, utan at eg her og no vil gå inn i realiteten i dei.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Nei, eg forventar ikkje at eg her og no skal få løfte om endring. Men når statsråden fortel at ei arbeidsgruppe er i gang og ei spørjeundersøking blir sett i verk, vil eg nytta høvet til å understreka den uroa som er omkring § 4. Eg trur statsråden vil vera einig med meg i at stadnamn handlar om identitet og tilhøyring. Slik som lovverket er, handlar det faktisk òg om lokalsamfunnet sitt høve til samspel med det offentlege. Eg bur sjølv i eit område der kommunen og lokalbefolkninga har kome fram til ei felles forståing, og det blir opplevt som formynderi at ein instans langt vekk, i dette tilfellet stadnamnkonsulenten, har påverka vedtak som går på tvers av det som kommunen og lokalbefolkninga er einige om.