Stortinget - Møte onsdag den 4. juni 1997

Dato: 04.06.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Mitt spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren lyder slik:

I brev av 13. mai 1997 har kommunane fått brev om at investeringskostnader i samband med 6-årsreforma berre blir kompensert for skular med sju 6-åringar eller fleire.

På kva grunnlag har statsråden gitt ei slik melding?

Statsråd Reidar Sandal: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i brev av 13. mai 1997 informert kommunane om dei endringane i kompensasjonen for kostnadene til grunnskulereforma som er lagde fram i samband med revidert nasjonalbudsjett i St.prp.nr.63 (1996-1997) Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1997. Proposisjonen ligg no til behandling i Stortinget. I proposisjonen er det m.a. gjort framlegg om ein auke i kompensasjonen for investeringskostnadene ved grunnskulereforma for skular med 6-åringar som ikkje utløyser ny klasse.

Kommunane er svært opptatt av kva dei vil få i kompensasjon for kostnader i samband med grunnskulereforma i 1997. Departementet har derfor sytt for at kommunane blir informerte om dei framlegga som er gjorde i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dersom Stortinget ved behandlinga av St.prp.nr.63 vedtar endringar i kompensasjonen til kommunane, vil kommunane omgåande bli informerte om dette.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): I B.innst.S.nr.12 (1996-1997) står følgjande å lesa:

Komiteen viser til at det ikke er beregnet noe investeringsbehov for 6-åringer som ikke utløser nye klasser. Komiteen har imidlertid merket seg at i de tilfeller der 6-åringene innebærer en økning av antall elever i klassen, kan det etter særskilt dokumentasjon gis kompensasjon for bygningsmessige tilpasninger eller utvidelse. Økning i investeringsrammen som følge av dette vil bli presentert i Revidert nasjonalbudsjett for 1997.

Et tykkjer ikkje statsråden sitt svar er eit svar på spørsmålet mitt. Eg spurde på kva grunnlag han har sendt ut denne meldinga. Eg kan konstatera at han har sendt denne meldinga ut på eige grunnlag, utan å ta omsyn til at Stortinget har sagt at her kan gjevast kompensasjon « etter særskilt dokumentasjon ».

Statsråd Reidar Sandal: Behandlinga av denne saka må ein sjå i perspektiv, tilbake til det tidspunktet Regjeringa fremma St.prp.nr.39 (1995-1996), Om investeringkostnadene ved grunnskolereformen. Der gjorde ein greie for korleis prosedyren skulle vere. Der heiter det m.a.:

Det kan imidlertid være behov for bygningsmessige tilpasninger eller utvidelser av eksisterende areale i tilfeller hvor det blir en betydelig økning av antallet elever i klassen som omfatter 6-åringer.

Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen hadde i Innst.S.nr.184 (1995-1996) ingen kommentar til dette, utover at fleirtalet føreset at det blir følgt opp av departementet. Dette blei òg lagt til grunn i St.prp.nr.1, og det er sluttarbeidet med denne saka departementet har gjort.

Eg vil understreke at vi har tatt omsyn til dei enkeltsøknadene som er komne inn, innanfor den ramma som er fastsett.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det er verdt å merka seg at komiteen faktisk ikkje har gjentatt det som statsråden skriv i sin proposisjon. Den har ikkje understreka ordet « betydelig ». Den har ikkje eingong gjentatt det. Det er eit signal om at Stortinget ynskjer å gje kompensasjon til dei skulane som har meirkostnader. Det kan ikkje tolkast som noko anna enn det. Då er det grunn til å spørja: Er det Stortinget eller er det stortingsproposisjonen statsråden her skal ta omsyn til?

Her er 1.400 grendeskular. Her er udelte og todelte skular som har undersøkt saka på førehand og fått positivt signal om at dei kan få kompensasjon. Her er 90 kommunar som til no har fått nei på søknaden sin frå departementet.

Dette kan ikkje oppfattast som noko anna enn eit nytt anslag frå statsråd Sandal mot grendeskulane.

Statsråd Reidar Sandal: Eg merkar meg at representanten Meltveit Kleppa brukar sterke ord, men det er det ikkje grunnlag for.

Når vi har informert kommunane om det som er Regjeringa si vurdering av dette spørsmålet, er det for å stette det informasjonsbehovet som kommunane har. Eg er meg sjølvsagt bevisst at saka ligg til behandling i Stortinget og skal vurderast der. Men vi har handtert saka på grunnlag av dei signala vi har fått, og ut frå dei føresetnadene som vi har gjort greie for i behandlinga av heile dette spørsmålet, utan at eit fleirtal i Stortinget har motsett seg denne prosedyren tidlegare.

Eg vil på det mest bestemte avvise at dette er noko « anslag » mot grendeskulane, slik som representanten Meltveit Kleppa prøvde å gje inntrykk av.