Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato: 17.12.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 44

Signe Øye (A): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

Mener sosialministeren at det er riktig at norske statsborgere som har bodd mange år i utlandet, men som kommer tilbake til Norge og bosetter seg her resten av livet, ikke har rett på full minstepensjon?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Minstepensjon er summen av grunnpensjon og særtillegg. Desse ytingane får ein ut frå butida i Noreg i perioden mellom 16 og 67 år. Minstekravet er ei butid på tre år. For å få full minstepensjon må ein ha budd i Noreg i 40 år.

Folketrygda byggjer såleis på at ein skal tena opp pensjonsretten gjennom butid og deltaking i norsk samfunnsliv i vaksen alder. Det gjeld berre eitt unntak frå dette: Personar som fyller vilkåra i FN-konvensjonane om flyktningar og statslause, får full minstepensjon.

Personar som har mange år i utlandet, får etter dette liten eller ingen pensjon frå folketrygda. I mange av desse tilfella blir likevel ytingane frå folketrygda supplerte med pensjonar frå utlandet. Trygdeavtalar med einskildland og grupper av land er med og sikrar slike supplerande ytingar. Dette gjer at ein kan greia seg svært godt sjølv om folketrygdpensjonen er redusert.

Eg har ikkje vanskeleg for å sjå at redusert pensjon på grunn av kort butid i Noreg kan vera eit økonomisk problem. Desse problema er likevel individuelle og har si årsak i manglande ytingar frå utlandet. Både ved etableringa av folketrygda i 1967 og ved seinare endringar er det lagt til grunn at det er sosialtenesta som skal koma inn her. Sosialhjelpa er retta mot slike personlege behov, medan folketrygda har som det berande prinsippet at alle med same opptening i Noreg skal ha den same pensjonsretten. Dette gjeld for nordmenn så vel som for utlendingar.

Eg ser klåre innvendingar mot å løysa det aktuelle problemet ved at ein så å seia flyttar sosialhjelpa over til folketrygda. Resultatet kan bli at ein òg gir auka ytingar til folk som ikkje treng det. Av di folketrygda går inn i dei internasjonale reglane for trygdekoordinering, kan det òg vera naudsynt å utbetala slike auka ytingar i utlandet. Som ei fylgje av EØS-avtalen og andre trygdeavtalar står vi ikkje fritt til å avgrensa ytingane som vi vil. Framfor alt kan vi ikkje laga reglar til beste for personar med norsk statsborgarrett.

Det einaste som kan tala for ei løysing i samband med trygda, er etter mitt syn at sosialhjelpa er meint å koma inn berre i tidsavgrensa periodar. Dei personane som har manglande tid i Noreg og manglande ytingar frå utlandet, har eit varig problem. Eg vil difor sjå nærare på om det er løysingar som kan gi auka ytingar til dei som treng det, utan at det samstundes omfattar alle andre.

Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret, som var delvis positivt.

Det tilfellet jeg refererer til, gjelder en person som har bodd i utlandet og har 17 års trygdetid i Norge, som nå gir henne en alderspensjon på 2.400 kr pr. måned. Det betyr at så lenge hun lever, må hun regelmessig søke om sosialhjelp.

Stortinget har nå vedtatt at minstepensjonistene skal få et tillegg på 12.000 kr pr. år. Men denne gruppen, som er på ca 12.000 personer, vil bare oppnå en del av dette beløpet. Samtidig vil de sannsynligvis få kutt i sosialhjelpen fra kommunen, slik at de ikke får noe i tillegg i det hele tatt.

Sosialministeren er opptatt av at forskjellene i samfunnet ikke skal øke. Ville det ikke da være riktig at denne gruppen ble løftet opp på det samme nivå som minstepensjonistene?

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg synest det er interessant at Arbeidarpartiet på den eine sida - med litt ulike vinklingar - framfører motstand mot denne auka minstepensjonen, samtidig som ein, som i dette og i liknande eksempel, ynskjer å utvida denne auken til fleire grupper. Eg er glad for det. Eg er glad for engasjementet frå Arbeidarpartiet her. Vi står saman på nokre punkt for å redusera dei auka forskjellane vi no ser. Eg synest representanten Signe Øye har eit godt eksempel i forhold til ei gruppe som eg ynskjer å sjå nærare på, for her gjeld det personar som er nøydde for å be om supplerande sosialhjelp over tid, ikkje berre som ei mellombels ordning.