Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato: 17.12.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 47

Signe Øye (A): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til sosialministeren:

Fra 1. mai i 1997 år ble friinntektsbeløpet økt fra 1/2 til 1G. Bakgrunnen for denne økningen var at det skulle gis større muligheter for å kombinere arbeid og trygd. Etter dagens regelverk kan en person som er i 50 % arbeid og er 50 % uføretrygdet, ikke delta i politisk arbeid som godtgjøres uten å miste retten til uføretrygd. Regelen om ett års ventetid innebærer at folkevalgte mister retten til uføretrygd, eller må velge ikke å være politisk aktive.

Kan sosialministeren rette opp denne urettferdigheten?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: For å få rett til uførepensjon må evna til å utføra inntektsgjevande arbeid vera sett ned med minst 50 %. Ved vurderinga av kor mykje inntektsevna er redusert - dvs. kor høg uføregraden er - skal inntektsforholda før og etter uføretidspunktet samanliknast. Det skal som hovudregel takast omsyn til all pensjonsgjevande inntekt ved denne vurderinga.

Ein fastsett uførepensjon kan revurderast dersom det skjer ei vesentleg endring i dei høva som vart lagde til grunn ved tilståinga. Pensjonen kan då bli redusert eller falla bort. Pensjonsgjevande inntekt opp til friinntektsgrensa blir ikkje rekna som ei vesentleg endring.

Uførepensjonistar bør stimulerast til å nytta si restinntektsevne og ta del i arbeidslivet. Dette er bakgrunnen for at uførepensjonistar kan ha ei inntekt på inntil 42.500 kr utan å risikera at uførepensjonen blir redusert eller fell bort. Dette gjeld både personar med full og gradert pensjon. Personar med gradert uførepensjon kan ha ei deltidsstilling i tillegg til pensjonen og på den måten nytta si restinntektsevne.

Bakgrunnen for at friinntektsgrensa vart heva frå 1/2 til 1 grunnbeløp i mai i år, var bl.a at personar med politiske verv skulle ha høve til å ta imot vederlag utan at det skulle ha konsekvensar for retten til uførepensjon. Dette var eitt av fleire tiltak som vart vedtekne for å gjera uførepensjonsordninga meir fleksibel og gjera det mogleg for uførepensjonistar å ta del i arbeidslivet i større grad enn tidlegare.

Det som kallast « friinntekt », er ikkje eit fribeløp som alle uførepensjonistar kan ha, men eit « slingringsmonn » ved vurderinga av om det har skjedd ei vesentleg endring slik at uføregraden skal revurderast. Uførepensjonistar har ikkje rett til å ha friinntekt før det er gått eitt år frå uførepensjonen blei innvilga eller endra. Det første året etter uførepensjon er innvilga, reknast all inntekt for å vera ei vesentleg endring. Dersom reglane om friinntekt skulle gjelda alt kort tid etter at uføregraden vart fastsett, ville det kunna medverka til uheldige tilpassingar til regelverket. Dersom uførepensjonistar har ei ubrukt restinntektsevne kort tid etter at dei har fått innvilga eller endra uføregraden, kan det tyda på at uføregraden er fastsett på urett grunnlag.

Ventetida på eitt år før uførepensjonistar får rett til å ha inntekt opptil friinntektsgrensa, fylgde tidlegare av praksis, men vart lovfesta frå 1. mai i år. Det var ingen merknader til forslaget om å lovfesta denne regelen under stortingsbehandlinga.

Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å særbehandla inntekt frå politisk verksemd i høve til anna inntektsgjevande arbeid. Eg kan heller ikkje sjå at reglane rammar personar med politiske verv spesielt hardt, fordi reglane er like for alle uførepensjonistar.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Signe Øye (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg synes man må se litt forskjellig på en vanlig inntekt og en godtgjørelse til dem som er politiske aktive. Vi vet at man verves til politiske verv for fire år av gangen. Det betyr at man må stå over en hel periode hvis man skal komme inn under de reglene som er i dag. Jeg synes ikke det virker særlig rettferdig. Vi vet også at i politikken er det sånn at fire år ute fort kan bli ute for evig.

Jeg hadde håpet at sosialministeren her i dag hadde kunnet meddele at hun var positiv til å kombinere uføretrygd og politisk arbeid. Vi ønsker - og det gjør vi sikkert begge to - at flest mulig, også uføretrygdede, skal kunne delta i politisk arbeid. Jeg ber derfor statsråden se på om det fins en eller annen mulighet som gjør at loven kan endres på det punktet.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Representanten Øye og eg er einige om at vi skal ha eit regelverk som gjer det mogleg å kombinera både delvis uførepensjon og heil uførepensjon med anten politiske verv eller anna inntektsbringande verksemd.

Denne spesielle problemstillinga som representanten no peikar på, blei så vidt eg veit, grundig vurdert i samband med velferdsmeldinga. Når representanten her ber så innstendig om at departementet må sjå på dette på nytt, kan eg godt seia at det skal vi gjera for å sjå om det kanskje er noko som er oversett. Eg vil i utgangspunktet ikkje forskottera noka positiv løysing, for eg trur faktisk at dette allereie er grundig vurdert, og det er brei politisk semje om resultatet.