Anneliese Dørum (A):
Jeg vil få
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Når vil kirke-, utdannings- og
forskningsministeren rydde opp i forholdene omkring Kautokeino menighet,
slik han har bebudet?
Statsråd Jon Lilletun:
Saka som
vedgår tilhøva i Kautokeino kyrkjelyd, er ei vond og vanskeleg sak. Den må
òg til ein viss grad verte sett i samanheng med andre saker som har sitt
utspring i det såkalla Strandebarm prosti.
Eg gav den 7. november 1997
soknepresten i Kautokeino, Olav Berg Lyngmo, saman med ein del andre
prestar, ei åtvaring. I veka fram mot 8. mars var biskop Steinholt på
visitas i Kautokeino. Eg har hatt eit møte med biskopen om dette. Det ligg
òg føre rapport frå biskopen om visitasen og sokneprestens åtferd i høve
visitasen. Eg har motteke førespurnad om møtet frå soknerådet i Kautokeino.
Som kjent stør fleirtalet her soknepresten.
Eg hadde i går, den 28. april, møte
med fleirtalet og mindretalet i soknerådet samt med ein representant for dei
andre tilsette i kyrkjelyden, som har svært vanskelege arbeidstilhøve i den
noverande situasjonen.
Eg ventar no på ein rapport frå biskop
Ola Steinholt om soknepresten i Gamvik som også må sjåast i samband med
situasjonen i Kautokeino og åtvaringa frå meg.
Eg vil arbeide så raskt som mogleg med
desse sakene, men òg så grundig som det er turvande.
Då delar av saka er ei personalsak,
finn eg det ikkje rett å gå nærare inn på enkeltdetaljar på dette
tidspunktet.
Anneliese Dørum (A):
Jeg takker
statsråden for svaret.
For folk flest synes det uforståelig
at presten i Kautokeino skal få lov til å dele et lokalsamfunn, ødelegge en
hel menighet og arbeidsmiljøet til de ansatte i Kirken bare fordi han ikke
aksepterer at biskopen hans anerkjenner folk som er homofile.
Jeg hørte statsråden i Redaksjon 21 i
går, og det kan virke som statsråden har stor forståelse for sokneprestens
handlemåte. Betyr dette at statsråden ikke vil følge Kirkens råd i denne
saken?
Statsråd Jon Lilletun:
Når det gjeld
programmet som representanten Dørum synte til, har eg fått andre reaksjonar
tidlegare i dag der det vart sagt at eg i altfor stor grad la opp til ein
kritikk av sokneprestens handlemåte og ikkje det motsette, så det kan
tydeleg sjåast på to forskjellige vis.
Dessverre er det ikkje slik at denne
saka er løyst om det skulle verte ei avskjedssak, for store delar av
kyrkjelyden vil opplagt òg, slik fleirtalet i soknerådet seier, på ein måte
fylgje med i ein slik situasjon, og kløyvinga vil nok i stor grad verte
halden ved lag. På direkte spørsmål frå representanten Dørum om eg vil
høyre på Kyrkjas råd, er det heilt klart at eg i sterk grad vil høyre på
Kyrkjas råd, men eg er samstundes nøydd til å behandle denne saka ansvarleg.
Det er eg i ferd med. Og eg skal love representanten Dørum at her skal det
ikkje brukast meir tid enn strengt turvande.
Anneliese Dørum (A):
Så vidt jeg vet,
har ti av landets elleve biskoper anbefalt at det reises avskjedssak mot
presten, og det samme gjør så vidt jeg vet, også Kirkens
arbeidsgiverforening. I forbindelse med den såkalte bispevigslingen av
Børre Knudsen gav statsråden selv beskjed om at nye aksjoner ville føre til
at det ble reist avskjedssak. Så statsråden har tidligere markert at han er
opptatt av å følge Kirkens råd. Jeg forstår det da slik at han også nå vil
følge Kirkens råd i denne saken, men jeg fikk ikke svar på spørsmålet mitt
om statsråden har forståelse for sogneprestens handlemåte.
Statsråd Jon Lilletun:
Det eg har
sagt, er at soknepresten skal ha ein sjølvsagd rett til å kritisere både sin
biskop og statsråden og forkynne slik som han finn er i samsvar med Kyrkja
si lære. Men når det gjeld det å etablere ei kyrkje innafor Kyrkja, slik
som han har vore med på, finn ikkje statsråden det akseptabelt. Så her må
ein skilje mellom meiningsfridom for presten og det å etablere ein
alternativ kyrkjeleg struktur innafor Kyrkja.
Eg prøvde å seie at desse sakene må
sjåast i samanheng, og no ventar vi altså på ein rapport i forhold til ein
av dei andre prestane som har fått same typen åtvaring. Det er faktisk slik
at vi må saksbehandle dette ferdig, og som kjent hadde eg så seint som i går
møte for ytterlegare å gå inn i djupna i saka. Dessverre vert ho vondare og
vanskelegare desto djupare ein går inn i ho. Men eg gjentek ein gong til:
Det skal ikkje gå lengre tid enn høgst turvande.