Laila Kaland (A):
Eg vil få stille
følgjande spørsmål til justisministeren:
Vald mot eldre er eit aukande problem
i vårt samfunn. Dette er ikkje berre eit helse- og sosialpolitisk spørsmål,
men stiller også sterke krav til rettsvernet, og krav om sikkerheit for
eldre.
Vil statsråden medverke til eit nærare
samarbeid mellom helse-, sosial- og politietaten i kampen mot eldrevald?
Statsråd Aud-Inger Aure:
Vald og
trakassering av eldre er eit vanskeleg problem for dei det gjeld, fordi
eldre i langt mindre grad enn andre har gode føresetnader for å verje seg
mot slikt. Eg er einig med representanten Kaland i at dette derfor stiller
særlege krav til rettsvernet.
Kriminalstatistikken har ikkje
opplysningar om offer for kriminalitet, men det er gjort nokre
spesialundersøkingar om kven som bl.a er valdsoffer. Levekårsundersøkingane
til Statistisk sentralbyrå frå 1987, 1991 og 1995 har tatt for seg kor stor
del av befolkninga som blir offer for valdsbruk og tvang, og kva som
særmerkjer valdsoffera. Desse undersøkingane viser at det først og fremst
er unge folk som er utsette for vald - eldre heldigvis i mindre grad.
Gjennom media kan ein få inntrykk av at vald mot eldre har auka i 1990-åra.
Levekårsundersøkingane tyder ikkje på at vald mot eldre er eit aukande
problem i samfunnet vårt, slik representanten Kaland føreset i sitt
spørsmål. Her går det fram at 2 % av menn mellom 67 og 79 år i 1987 vart
utsette for vald i løpet av det siste året før undersøkinga. Tilsvarande
var talet 1 % i 1995. For kvinner var dei tilsvarande tala 4 % og 1 %.
Samtidig er det grunn til å peike på at det er dei eldre som kjenner seg
mest engstelege for å bli utsette for vald, etter levekårsundersøkinga.
Dette gjeld særskilt kvinner, og det er eit problem i seg sjølv som det er
god grunn til å ta alvorleg.
I denne samanhengen vil eg peike på at
det alt blir gjort mykje i kampen mot vald mot eldre, ikkje minst i
samarbeid mellom politiet og sosial- og helsevesenet. Frå 1991 til 1994
vart prosjektet « Vern for eldre » gjennomført i Manglerud bydel i Oslo. I
dette prosjektet var også samarbeidet mellom politiet og sosial- og
helsevesenet i fokus. Prosjektet avdekte at det skjedde fleire ulike typar
overgrep mot eldre frå deira nærståande, men at grov fysisk vald ikkje
skjedde ofte. Her var politiet til hjelp og vern og verka som grensesetjar
i saker der det var vald med i biletet. I slike saker der overgriparen er
nærståande, vil det ofte vere svært vanskeleg for valdsofferet å ta kontakt
med politiet, f.eks med sikte på å melde saka. Prosjektet medverka til at
klientane kunne ta kontakt med politiet slik at løysingar kunne finnast
saman med sosial- og helsevesenet.
Eg vil også nemne at
Justisdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og
familiedepartementet samarbeider om eit prøveprosjekt med valdsalarm. I
dette prosjektet er det naturleg at også eldre - både menn og kvinner - som
er utsette for vald og truslar frå bestemte personar, kan kome med i
ordninga. Vilkåret er at politiet får kjennskap til valden, slik at
tildeling av alarm kan vurderast og setjast i verk.
Også gjennom Kompetansesenter for
voldsofferarbeid samarbeider dei ovanfor nemnde etatane. Her har senteret
særleg tatt føre seg vald mot eldre for å kunne byggje opp kompetansen hos
personell som vil ha med eldre folk generelt og med eldre valdsoffer
spesielt å gjere.
Med desse opplysningane kan eg
eigentleg svare positivt på representanten Kaland sitt spørsmål.
Laila Kaland (A):
Eg vil takke
statsråden for svaret.
Eg er glad for det statsråden sa om at
ein vil få eit prøveprosjekt med valdsalarm. Eg trur det kan hjelpe.
Elles er eg litt ueinig i dei
synspunkta som kom fram i svaret, for eg trur at familievald i Noreg er eit
stort og alvorleg problem. Heile familien blir ramma når det oppstår vald,
og eldre folk blir like hardt ramma som andre i familien. At tala i desse
valdsstatistikkane som statsråden la fram, er låge, trur eg kjem av at dei
eldre ofte har vanskar med å ta kontakt med det offentlege hjelpeapparatet,
likeins med å melde det til politiet når dei blir utsette for vald. Det
kjem ofte av at dei som misbrukar dei eldre eller skadar dei, er nære
pårørande, slik at dei har vanskar med å melde det.
Eg vil be statsråden sjå på nokre
punkt som kan motverke denne utviklinga. Vi må auke kompetansen og
utdanninga av helse- og politietaten. Vi må ha betre kartlegging av
valdsoffera, og vi må auke samarbeidet på tvers av etatane og faggruppene.
Og som statsråden også sa, må ein sjå på om teielovnaden kan fråvikast i ein
del slike saker.
Statsråd Aud-Inger Aure:
Jeg deler
spørsmålsstillerens syn på at det skaper ekstra vanskeligheter når noe av
denne volden begås av nær familie. Forskningen har også vist at i slike
tilfeller har vold gjerne sammenheng med rusmiddelmisbruk eller sosiale
problemer hos voldsutøveren. Det er klart at dette stiller oss overfor
spesielle utfordringer. Kanskje vil et program eller en påvirkning som gjør
at ofrene virkelig tør å komme fram med det som skjer, være det aller
viktigste. Vi skal evaluere virksomheten ved kompetansesenteret i 1999, og
det vil være et naturlig tidspunkt å foreta en grundig gjennomgang på og
også videreutvikle ytterligere det jeg ser som veldig viktig, og som var
påpekt her, nemlig samarbeidet mellom politiet og helse- og sosialetaten,
nettopp for å kunne oppfylle de kravene som stilles i denne sammenheng.
Laila Kaland (A):
Eg fekk berre lyst
til å kome med ein liten tilleggskommentar til statsråden. Ho seier ho vil
følgje opp dette arbeidet vidare. Eg trur rett og slett at i den
familiesituasjonen vi har i Noreg i dag, der dei unge ikkje kjenner dei
eldre, må det bli vist større respekt overfor dei eldre. Og eg trur at
slike haldningar at dei unge viser større respekt for dei eldre, og at dei i
større grad får lære dei eldre å kjenne, allereie må kome inn i barnehagane
og i grunnskulen. Eg trur eit av hovudproblema vi slit med i dag, er at
ungane ikkje kjenner dei eldre fordi ein har ein heilt annan livssituasjon
enn tidlegare.