Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Astrid Marie Nistad (A): Eg stiller følgjande spørsmål til fungerande justisminister:

«I samband med at Kvinnehelseutvalget la fram sin rapport om kvinnehelsa, peika dei på at det bør settast ned eit offentleg kvinnevaldsutval. Stortinget har bedt om det same i handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 4 (1998-99) til Justisdepartementet sitt budsjettforslag for 1999.

Vil statsråden følgje opp Stortinget og Kvinnehelseutvalget med å oppnemne eit kvinnevaldsutval?»

Statsråd Jon Lilletun: Arbeidet mot vald og overgrep er prioritert av Regjeringa. Denne prioriteringa gjeld òg vald og overgrep mot kvinner og den valden som skjer privat.

Vald mot kvinner, truslar om vald og seksuelle overgrep er eit stort problem både for dei det gjeld, og for nærståande. I tillegg kjem redsla for vald, som vil påverke handlefridomen for den einskilde. Valden mot kvinner er eit problemkompleks som er eit resultat av fleire samverkande omstende, med grunnlag i livstilhøva for kvar einskild, og vert påverka av tilhøve som t.d. økonomi, rusproblem og andre personlege problem. Difor vil eg sjå på problemkomplekset i eit samla perspektiv. Dette vil gjere det mogleg å byggje opp eit betre vern mot vald og overgrep mot kvinner i eit samarbeid mellom politiet, påtalemakta og helsestellet, samt frivillige organisasjonar som må trekkjast inn med sin kunnskap.

Regjeringa vil arbeide for langsiktige tiltak som kan redusere valden mot kvinner. Dette er òg bakgrunnen for at det vart oppretta ei arbeidsgruppe med politisk deltaking frå Barne- og familiedepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Justisdepartementet for å greie ut og kome med framlegg om tiltak mot vald og overgrep mot kvinner. Gruppa skal greie ut problemkomplekset i vid forstand. Arbeidet skal munne ut i ein handlingsplan som skal vere ferdig til sommaren. Ein del av gruppa sitt arbeid er difor å utarbeide ei kunnskapsoversikt over forsking og kompetanse på området, i tillegg til å kome med framlegg om tiltak for å ta opp kampen mot vald og overgrep mot kvinner. Det er behov for å utarbeide ei oversikt over den innsatsen som allereie er gjord, slik at vi kan sjå på kva som kan gjerast for å avhjelpe problemet. På grunnlag av dette skal gruppa kome med framlegg om tiltak som anten byggjer på eksisterande ordningar eller nye ordningar.

I samband med handlingsplanen skal det haldast ein idédugnad den 15. februar 1999. Målet med idédugnaden er å få fram synspunkt og innspel frå andre offentlege organ og frivillige organisasjonar når det gjeld konkrete framlegg om tiltak som kan leggjast inn i handlingsplanen. På idédugnaden skal ein særleg fokusere på vald og overgrep i heimen eller der tilhøvet mellom overgripar og offer på annan måte er prega av personleg relasjon.

Som ein del av gruppa sitt arbeid i samband med tiltaksplanen vil det difor vere naturleg å vurdere Kvinnehelseutvalets rapport og framlegg som denne rapporten inneheld. Arbeidsgruppa vil også vurdere spørsmålet om oppretting av eit kvinnevaldsutval er føremålstenleg, sett i samanheng med andre tiltak som gruppa vil foreslå.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Statsråden sa at dette er eit problemkompleks. Eg er vel nøgd med at Regjeringa har sett ned eit politisk utval med deltakarar frå ulike departement for å sjå på dette. Men eg er redd for at det kan få ein politisk karakter, ein karakter av at det kanskje er Kristeleg Folkeparti sin familiepolitikk som er rådande i Regjeringa. Av den gode grunn hadde eg følt meg langt tryggare på at alle sidene ved kvinnevalden og det som skjer i samfunnet, hadde vorte betre utgreidd og hadde fått ei meir seriøs mottaking i forhold til tiltak som skal settast inn når vi skal begynne med behandlinga, dersom utvalet hadde fått den breidda som eg ønskjer eit slikt utval skal ha. Difor oppmodar eg framleis Regjeringa til å ta eit initiativ i tråd med det som Stortinget har sagt om saka, og, slik statsråden no sa, òg Kvinnehelseutvalet har peika på i sin rapport.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er overtydd om representanten Nistads oppriktige engasjement i denne saka. Men eg seier meg lei for at representanten Nistad gjev uttrykk for at det ville vere eit problem om det var Kristeleg Folkepartis familiepolitikk som ville vere sentral i arbeidet med slike spørsmål. Men det kan liggje no. Eg har lista over dei som er inviterte til denne idédugnaden, framfor meg. Det er t.d. Senter for kvinneforsking, Likestillingsombodet, Kompetansesenteret for likestilling, Norsk Krisesenterforbund, Krisesentersekretariatet – ei lang rekkje av alle dei som er opptekne av dette.

Regjeringa har ikkje avvist å opprette eit slikt utval, men eg synest det er klokt å høyre kva ei så brei gruppe representative organisasjonar og personar meiner om dette spørsmålet, før vi konkluderer endeleg. Kanskje vil vi til slutt vere samde, representanten Nistad og eg, om at det er fornuftig, men vi vil altså vente på denne dugnaden.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.