Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Inger Lise Husøy (A): Jeg stiller følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Kriminalstatistikken viser at 29 pst. av den registrerte Oslo-volden begås i hjemmene. Mørketallene er store. Krisesentrene er overfylte. Innvandrerkvinner er særlig utsatt. Mange barn blir rammet. Rettsapparatet er en belastning for voldsofre. Familie- og likestillingspolitikken bør forebygge familievold. Voksenåserklæringen lovet en forbedret familiepolitikk.

Hva er Regjeringas politikk for å bekjempe og forebygge familievold?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Vald i familien er eit problemområde som langt sjeldnare blir trekt fram enn problemet med gatevald. Det å leva utan vald eller frykt for vald er ein menneskerett, og denne retten skal gjelda både på gata og i heimen.

Å veksa opp med vald gir ikkje berre ein vond barndom, det aukar òg sjansen for å få eit vaksenliv som er prega av vald. Derfor må vi arbeida meir for å bryta valdsspiralen og ta fatt i borna sin situasjon så tidleg som mogleg, i familien, på helsestasjonane, i barnehagar, i skule og i fritidstilbod.

Vi veit enno lite om omfanget av vald i heimen, men av politiet og krisesentra sine statistikkar går det tydeleg fram at valden særleg rammar kvinner og born.

Polititet i Oslo har gjort ei undersøking av åstader for registrert vald i 1997 og fann at privat bustad var den gjerningsstaden som var mest nemnd. Halvparten av desse sakene gjaldt vald i parforhold. Valdsutøvarane i heimen – som på gata – er oftast menn, mens offera er kvinner i alle aldrar. Vi må derfor sjå nærare på samanhengen mellom vald og kjønn. Samanhengen mellom vald og alkohol er òg dokumentert, og eg skulle ynskt at fleire politikarar tok konsekvensen av også denne kunnskapen.

Krisesentra er eit av dei viktigaste tiltaka for valdsramma kvinner og born. Nær 2 500 kvinner og 1 900 born søkte tilflukt til krisesentra i 1997. I dei største byane har ein stadig større del av kvinnene annan etnisk bakgrunn enn den norske. Truleg er det slik at kvinner med utanlandsk bakgrunn har færre alternativ enn norske kvinner når det gjeld å koma seg vekk frå ein valdsmann. Vanskar med språk og bustadmarknaden kan vera stikkord for å forstå desse kvinnene sin situasjon.

Krisesentra er eit tilbod av kvinner for kvinner, men nesten halvparten av dei som bur på sentra, er born. Departementet arbeider med eit utkast til ein handlingsplan for born i krise – som også dreier seg om born på krisesenter. Offentlege styresmakter, og særleg barnevernet, har eit stort ansvar for å følgja opp oppmodingar frå krisesentra slik at borna får den hjelpa dei treng. Barne- og familiedepartementet vil i 1999 starta eit modellforsøk, der ein m.a. skal sjå på samarbeidsformer mellom krisesentra og barnevernet om born på krisesenter.

Vi må òg auka kunnskapen om og tiltak for menn som slår. Mykje tyder på at ein del av dei som slår, har hatt ein oppvekst der dei sjølve vart utsette for vald eller såg mor si bli mishandla. Tiltak som Alternativ til Vold er sentrale i denne samanhengen.

Det er òg viktig å ha eit politi- og rettsvesen som fungerer og gir rettferd for offera – og for tiltalte. For å avdekka familievaldskriminalitet er politiet som oftast avhengig av anmeldingar. Og dette kan i mange tilfelle oppfattast som ei stor påkjenning for valdsoffera. Politiet må legga tilhøva til rette for at anmeldingar av slike lovbrot skal skje med minst mogleg påkjenning for offera. Samstundes må vi sjå på den strafferettslege oppfølginga av slike saker. Slik det er no, fell det dom i berre 7 pst. av dei melde sakene.

Eit viktig førebyggande verkemiddel er valdsalarm. Justisdepartementet gjennomfører no eit prosjekt der personar som er utsette for trugsmål om vald, kan få heimealarm som kan brukast til å varsla politiet i trugande situasjonar. I dag er det over 160 alarmar i aktiv bruk, og 90 pst. av dei som har fått alarm, er kvinner.

Eg er einig med representanten Husøy i at familie- og likestillingspolitikken bør vera med på å førebygga familievalden. Men eg vil òg understreka at for å få best mogleg verkemiddel mot valden i heimane, er det avgjerande å få eit godt samarbeid mellom ulike faggrupper innafor familie- og likestillingspolitikk, sosial- og helsepolitikk og kriminalpolitikk. Derfor er det oppretta ei arbeidsgruppe med politisk deltaking frå Justisdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Barne- og familiedepartementet som skal greia ut og koma med forslag til tiltak mot vald og overgrep mot kvinner. Utvalet ser på problemkomplekset i vid forstand, men vil fokusera på den valden som skjer i heimen. Som eit ledd i kunnskapsinnhentinga vil vi den 15. februar – altså måndag – halda ein idédugnad der ulike aktørar på feltet vil delta. Utvalet sitt arbeid skal resultera i ein handlingsplan i juni i år.

Inger Lise Husøy (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Når det gjelder beskrivelsen av situasjonen, er det jo allmenn enighet om det. Men jeg var ikke fornøyd med den delen som gjaldt tiltak og hva statsråden egentlig gjør. Jeg oppfattet det slik at Regjeringen faktisk ikke har noen ordentlig politikk på dette området. Jeg har også lyst til å benytte anledningen til å si at jeg ble sjokkert tidligere i dag over det jeg oppfattet som en ganske fleipete måte å svare representanten Grethe G. Fossum på – at man ikke kan overvåke familievold gjennom videokamera hjemme hos folk.

Dette er et veldig alvorlig tema, og det er vanskelig. Men det er ikke nytt at det har et stort omfang, og at det er grov vold som foregår i hjemmene. Saken er at Regjeringen ikke har økt innsatsen, den har faktisk vært med på å skjære ned på bevilgningen til forskning og utvikling av tiltak på dette området, og setter oss altså tilbake når det gjelder å ha en offensiv overfor familievolden.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Dersom mitt svar til representanten Grethe G. Fossum i stad vart oppfatta som fleipet, seier eg meg sjølvsagt lei for det, for slik var det ikkje meint. Men eg reiste ei problemstilling. Det er lettare å gjera ting direkte på gata enn å gå inn i heimane. Det har noko med privatlivets fred å gjera og er eit vanskelegare problemområde. Dette er heller ikkje noko nytt problem. Tidlegare regjeringar har òg vore klar over dette, men det er ikkje like lett å finna ut kva vi skal gjera. Det er akkurat derfor denne regjeringa faktisk no gjer noko, vi har sett ned eit utval med representantar frå desse tre departementa som eg nemnde. Vi skal ha ein idedugnad måndag der vi kallar inn dei i samfunnet som har best greie på dette, og som kanskje òg har dei beste ideane om kva tiltak vi skal setta ut i livet for å kjempa mot den private valden. Eg er veldig glad for at vi har fått litt meir fokusering på dette, for det er så lett å ropa meir politi, strengare straffar og ned med den kriminelle lågaldaren, når vi har så mange oppslag om vald i samfunnet. Og eg håpar faktisk at den handlingsplanen skal føra til at vi får sett i gang tiltak. Eg vil imøtegå påstanden om at vi ikkje gjer noko, og at vi set ting tilbake. Vi set ting i gang, og vi skal òg følgje opp dei tiltaka som kjem fram måndag.