Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10

Dato: 17.02.1999

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Olaf Gjedrem (KrF): «Vil statsråden endra regelverket slik at fosterforeldre som ynskjer å adoptera eigne fosterbarn, med ein enkel prosedyre kan få dette til?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Adopsjon inneber at alle rettslege band mellom barnet og dei biologiske foreldra blir brotne. Ved adopsjon går såleis alle dei plikter og rettar som biologiske foreldre har, over på adoptivforeldra. Ein adopsjon er endeleg og kan ikkje gjerast om. Nettopp fordi ein adopsjon har slike konsekvensar, skal regelverket sikra at det ikkje blir gjennomført adopsjonar som ikkje er til barnet sitt beste.

Hovudvilkåret for adopsjon etter adopsjonslova er at adopsjon må reknast å vera til gagn for barnet. Adopsjonsbevilling kan i hovudsak berre gjevast til personar som har fylt 25 år, og til adopsjonssøkjarar som er gifte med kvarandre. Dersom dei biologiske foreldra har foreldreansvaret for barnet, er det eit vilkår for adopsjon at foreldra samtykker i adopsjonen. Foreldre som ikkje har foreldreansvar, har rett til å uttala seg. Det kan ikkje gjevast gyldig samtykke til adopsjon før to månader etter at barnet er født. Barn som har fylt 12 år, kan ikkje adopterast utan eige samtykke.

Dersom dei biologiske foreldra sjølve har foreldreansvaret for barnet og sjølve samtykker i adopsjon, og dei som ynskjer å adoptera barnet, fyller vilkåra i lova, kan fylkesmannen gi bevilling dersom han finn at adopsjon vil vera til gagn for barnet. Fylkesmannen si avgjerd kan påklagast til Statens Ungdoms- og Adopsjonskontor. Dersom dei biologiske foreldra ikkje ynskjer å adoptera bort barnet sitt, er det ikkje så enkelt, og det skal det etter mi meining heller ikkje vera.

Men adopsjon kan òg skje utan at dei biologiske foreldra samtykker. Etter barnevernslova kan fylkesnemnda gi samtykke til adopsjon i foreldra sin stad når foreldra er fråtekne omsorg og foreldreansvar for barnet etter reglane i barnevernslova. Adopsjon mot dei biologiske foreldra sin vilje er eit svært alvorleg inngrep og kan derfor ikkje skje ved ein enkel prosedyre. Hovudregelen etter barnevernslova er at born og foreldre har rett til samvær og kontakt med kvarandre også når barnevernstenesta har omsorg for barnet og barnet bur i fosterheim eller institusjon. Som nemnt er det fylkesnemnda som kan gi samtykke til adopsjon i foreldra sin stad. Sakshandsaminga i fylkesnemnda er grundig og skal sikra at alle sider ved saka blir opplyste før det blir tatt ei avgjerd. I ei slik sak er fylkesnemnda sett saman av ein jurist, som er leiar av nemnda, to sakkunnige og to alminnelege medlemer. Det er to alternative hovudvilkår for adopsjon mot foreldra sin vilje. Det eine er at det må reknast som sannsynleg at dei biologiske foreldra varig ikkje vil kunne gi barnet forsvarleg omsorg. Det andre er at barnet har fått slik tilknyting til menneske og miljø der barnet er, at det etter ei samla vurdering kan føra til alvorlege problem for barnet om det blir flytta. Det siste alternativet kan vera aktuelt der barnet i lengre tid har budd i fosterheim og knytt seg til fosterforeldra sine.

I tillegg er det eit vilkår for adopsjonssamtykke at adopsjon vil vera til barnet sitt beste, og at adopsjonssøkjarane har vore fosterforeldre for barnet og vist seg skikka til å oppdra barnet som sitt eige.

Eg meiner at vilkåra for adopsjon mot biologiske foreldre sin vilje skal vera strenge, og at sakshandsaminga i slike høve skal vera grundig. Slik er lova i dag. Eg vil også minna om at Noreg i 1996 vart dømd i Den europeiske menneskerettsdomstolen for brot mot Menneskerettskonvensjonens artikkel 8 i ei sak som nettopp galdt nekting av samvær og fråtaking av foreldreansvar med sikte på adopsjon mot mora sin vilje.

Eg skal ikkje gå nærare inn på denne saka no, men eg vil understreka at å endra regelverket slik at adopsjon kan skje ved ein enkel prosedyre når dei biologiske foreldra er usamde, vil vera i strid med m.a. Menneskerettskonvensjonen. Eg ser derfor ikkje grunn til å endra regelverket på dette området.

Olaf Gjedrem (KrF): Eg føler at me lever i ei tid då barnet sitt behov må tilleggjast stor vekt – barnet sine forventningar og kravet om stabile og gode oppvekstvilkår. Derfor gjorde det eit visst inntrykk då departementet fekk overlevert ein rapport om kunnskapsstatus for fosterheimsarbeid no ved årsskiftet. Der er det eit par ting som blir slått fast som ein hovudkonklusjon. Det største problemet er at situasjonen er mellombels – det er eit problem for barn i fosterheim. Det andre som blir slått fast, er at adopsjon er det best dokumenterte barnevernstiltaket. Eg håpar at departementet kan arbeida vidare med det, sidan det også er samfunnsøkonomisk lønsamt. Hvis det er konstatert eit langvarig behov for fosterheimsplassering, bør det nøye vurderast om foreldreretten må vika, for å gje barn ein betre sjanse til ein mest mogleg trygg barndom – for barndomen er så kort.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er samd i det representanten Gjedrem legg til grunn for sitt spørsmål. Eg veit òg om den rapporten som blir trekt fram her, og er klar over at det er eit problem at barnet ikkje veit at ein kanskje må venta på ei avgjerd. Samtidig har vi òg forpliktingar i forhold til Menneskerettskommisjonen her i Noreg. Vi har fått ein dom mot oss, som eg nemnde i mitt svar.

Det eg kan fylla ut svaret mitt med, er at vi no har sett ned eit utval som skal koma med ein NoU som skal ta for seg barnevernet og fosterheimsproblematikken, og det er opplagt at noko av den problemstillinga som representanten reiste i sitt spørsmål til meg, vil bli teke opp der. Men eg trur òg det er viktig at vi ikkje svekker foreldra si rolle i forhold til å gi borna ein god oppvekst. Eg veit at ein del av nabolanda våre, m.a. Danmark, ser til Noreg fordi vi grip inn med tvang fleire gonger enn dei gjer der. Vi har moglegheit, som eg sa i svaret mitt, til å gå imot foreldra sine ynskje – med to ulike grunngjevingar – og den moglegheita blir brukt. Men eg trur at heller ikkje borna er tente med at ein skal utvida lova på dette området.

Presidenten: Spørsmål 5 vil bli besvart senere, foran spørsmål 36.