Eirin Faldet (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål
til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Hedmark fylke har fått en
merkostnad på ca. 3 mill. kroner som følge av
de nye statlige reglene for skoleskyss til elever i videregående
skole.
Hva mener statsråden om dette?»
Statsråd Jon Lilletun: Elevar i den vidaregåande skulen
har i mange år hatt lovfesta rett til gratis skuleskyss
når dei bur i ein viss avstand frå skulen. I 1994 vedtok
Stortinget ei presisering om at dersom ikkje fylkeskommunen tilbyr
gratis skyss, skal elevane ha full skyssgodtgjersle. Den gongen
stod desse reglane i velferdslova. Bakgrunnen for lovendringa var
ein dom frå Eidsivating lagmannsrett som slo fast at praksisen
i enkelte fylkeskommunar med å krevje eigendel ved skyss var
i strid med lova. Stortinget sitt fleirtal føresette den gongen
at òg kostnadene til skuleskyss for elevar i den vidaregåande
skulen skulle dekkjast av den einskilde fylkeskommunen innanfor
vedtekne rammer.
Då velferdslova vart oppheva, vedtok
Stortinget i 1998 at lovreglane om gratis skyss og full skyssgodtgjersle
skulle leggjast inn i den nye opplæringslova. Sjølv
om opplæringslova, som tok til å gjelde 1. august 1999,
var ei ny lov, var altså reglane om skyss ikkje nye, men
berre ei vidareføring av dei lovreglane vi hadde hatt i
fleire år.
Fordi fylkeskommunane sjølve tolka
lovreglane om full skyssgodtgjersle så ulikt, og ein dermed
fekk ein vedvarande debatt om kva som var deira forpliktingar, bad
Kommunenes Sentralforbund departementet om å presisere
reglane i forskrift.
Etter ei brei høyring tok ny forskrift
til å gjelde frå 12. august 1999. Forskrifta
er ei presisering innanfor lovretten til gratis skyss eller full
skyssgodtgjersle når elevane bur meir enn 6 km frå skulen.
På denne bakgrunnen skulle ikkje den nye forskrifta innebere
auka kostnader for fylkeskommunane. Den satsen som fylkeskommunane
skal nytte for skyssgodtgjersle, er i forskrifta sett lik den satsen
ein i 1997 fekk forskriftsfesta for dekking av utgifter ved reise
for undersøking og behandling i folketrygdsamanheng. Eg
vil minne om at denne satsen berre gjeld når ein fylkeskommune
ikkje sjølv vel å stå for transporten.
Elevane kan altså ikkje krevje å få godtgjersle
framfor gratis skyss.
Eg er kjend med at fylkeskommunane før
forskrifta tok til å gjelde, gav ulik skyssgodtgjersle.
Somme av fylkeskommunane gav skyssgodtgjersle ut frå ein
pårekna rutebiltakst for dei strekningane der det ikkje
er offentleg transporttilbod. Dette dekte ikkje fullt ut kostnadene
ved eigen skyss. Andre gav skyssgodtgjersle etter høgare
satsar. Etter mi vurdering skulle altså ikkje forskrifta
føre til auka kostnader for fylkeskommunane i forhold til
den retten som følgjer av lova. Om Hedmark fylkeskommune no
meiner at dei har fått auka utgifter til elevskyss på grunn
av dei nye forskriftene, kan det skuldast at Hedmark i tida før
vi fekk den nye forskrifta ikkje har halde seg til lovregelen om
full skyssgodtgjersle for elevar i den vidaregåande skulen.
Det vil seie at elevane i Hedmark har fått eit betre tilbod
enn før, eit tilbod som no tilsvarar det ein har i andre
fylkeskommunar.
Eirin Faldet (A): Jeg takker statsråden for svaret, men
må si at det egentlig samsvarer ganske dårlig
med det virkelige liv i Hedmark. Fylkeskommunen er gjennom opplæringsloven
pliktig til å skaffe skyss. Dersom elever ikke kan kjøre
selv eller har foreldre eller foresatte som kan kjøre,
er fylkeskommunen pliktig til å skaffe drosje eller annen
skyss.
Hedmark gav tidligere elevene skyssgodtgjørelse
tilsvarende månedskorttakst på buss, det utgjorde
ca. 80-90 øre pr. km. I dag er utgiftene økt fra
80-90 øre til 1,55 kr pr. km med eget skyssmiddel og fra
80-90 øre til 6 kr pr. km for drosje. I beste fall blir
de økte utgiftene til denne ordningen 3 mill. kr, i verste
fall kan Hedmark fylkeskommune bli påført en merkostnad
på 20 mill. kr. Jeg mener at dette er statsrådens
ansvar. Vil han ta det ansvaret?
Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg presisere at det er Kommunenes
Sentralforbund som har bede om denne forskrifta, då det
var ulik tolking av lova og ein del rettssaker gav som resultat
at fylkeskommunen fekk dramatisk høge utgifter nokre stader
i landet. Det var grunnlaget for at dei bad oss om å lage
ei forskrift.
Når det gjeld Hedmark fylkeskommune,
må representanten Faldets påstand byggje på ei
misforståing, for det er jo ikkje slik at vi endrar noko
som helst der fylkeskommunen sjølv syter for skyss via
eigne transportmiddel, buss e.l. Dette dreier seg om dei tilfella
der det er dei føresette sjølve som står
for skyssen, det er der ein har fått tilsvarande takst
som f.eks. folketrygda nyttar. Eg skal ikkje påstå at
det ikkje i dette tilfellet kan slå ut på ein
slik måte at det kan bli auka utgifter, då eg
ikkje kjenner til kva takst ein har hatt før, men den forståinga
representanten Faldet hadde av forholdet, må byggje på ei misforståing.
Eirin Faldet (A): Hamar Arbeiderblad kan i dag avdekke at enkelte
elever faktisk får mellom 70 000 og 100 000
kr i året i tilskudd for å kjøre bil
til og fra skolen, og andre bruker drosje til 6 kr. pr. km når
de ikke har egen bil og fylkeskommunen ikke har noe ordinært
busstilbud. Det er bekymringsfullt at staten nå har endret
reglene for skoleskyss slik at fylkeskommunen påføres
store økonomiske uttellinger uten at det følger
penger med fra staten. Denne forskriftsendringen vil medføre
så store kostnadsøkninger at det vil måtte
gå ut over det ordinære busstilbudet i fylket.
Når Hedmark fylke nå kan dokumentere at fylket
får en økonomisk belastning – for det kan
de – vil jeg be statsråden på nytt se
på konsekvensene av forskriftsendringen og sørge
for at Hedmark fylkeskommune får en samtale hvor man kan
dokumentere dette og legge det fram for statsråden, slik
at det kan ryddes opp i eventuelle misforståelser.
Statsråd Jon Lilletun: Det siste kan sjølvsagt imøtekomast.
Vi tek alltid gjerne samtalar for å sjå om der
er misforståingar. Men eg gjentek at grunnen til at denne forskrifta
kom, eine og aleine var at Kommunenes Sentralforbund bad om klarare
presiseringar for å unngå det uføret
som ein del fylkeskommunar hadde kome i i forhold til dei rettssakene
dei hadde vore oppe i ut frå si tolking av lova. Vi følgde
opp det som Kommunenes Sentralforbund bad om, og det har vi gjort
ved å setje takstane lik takstane til folketrygda. Det
kan slå ulikt ut fylkeskommunane imellom, men som eg starta
med: Vi er sjølvsagt opne for å ha ein samtale
med Hedmark i forhold til praktiseringa og konsekvensane av denne
forskrifta.
Presidenten: Presidenten konstaterer at statsråden
foretrekker mange små samtaler fremfor den store samtalen.