Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10

Dato: 16.02.2000

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla følgjande spørsmål til sosialministeren:

«Kvinner i felles verksemd/gardbrukarar fødde etter 1937 står utan pensjonspoeng for åra før 1986. Reglane før 1986 hindra likestilling mellom ektefellar som vart pensjonistar eller uføretrygda. Med minst 40 oppteningsår for å oppfylla folketrygda sitt krav vert derfor desse kvinnene minstepensjonistar endå dei har arbeidd heile sitt vaksne liv i felles verksemd.

Vil statsråden gi pensjonsgjevande næringsinntekt tilbakeverkande kraft for åra 1967-1986?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Pensjonsgjevande inntekt vert fastsett av likningsetaten og er såleis eit spørsmål som høyrer inn under Finansdepartementet.

Reglar for opptening av pensjonspoeng i folketrygda er mitt ansvar, difor følgjande svar frå mi side:

Ektefellar i felles verksemd må setja fram krav om å få likninga fordelt i samband med sjølvmeldinga. Som kjent var det grenser for ei slik fordeling i skattelova før 1986. Det gjorde det vanskeleg for ein del kvinner i jordbruket å få fastsett poeng i forhold til arbeidsinnsatsen sin. Grunna tidlegare kjønnsrollemønster var det elles vanleg at inntekta på gardsbruket i sin heilskap vart kravd av mannen.

For ektefellar med gardsbruk med låge og middels inntekter ville eit større høve til å fordela inntekta i dei aktuelle åra neppe vera nokon pensjonsmessig fordel for ektefellane samla sett. Det kjem av ordninga med særtillegg/minstepensjon. Ved dødsfall får dessutan attlevande ektefelle ein fordel av avdøde si opptening. Ei deling vil likevel alltid vera til fordel for samla inntekter over 12 gonger folketrygda sitt grunnbeløp, fordi det her blir sett tak for kva den enkelte får godskrive på seg.

Ved skilsmisse vil det vera ein fordel for kvinna at den tidlegare felles inntekta frå gardsbruket er fordelt.

Mange kvinnelege gardbrukarar som no nærmar seg pensjonsalderen, ser at dei manglar poeng for åra før 1986, og oppfattar det som diskriminerande samanlikna med mannen, som har fått auka sine poeng på grunn av deira felles arbeidsinnsats.

Eg er kjend med at landbruksorganisasjonane i samband med jordbruksoppgjeret i 1992 sette fram spørsmål om ei frivillig ordning som gav ektefellar høve til å fordela den pensjonsgjevande inntekta mellom seg annleis med tilbakeverkande kraft for åra 1967-1986, men at dei den gongen ikkje fekk medhald.

Organisasjonane har no teke opp spørsmålet med meg i samband med arbeidet med utjamningsmeldinga. Organisasjonane vart i møte i Sosial- og helsedepartementet våren 1999 orienterte om at spørsmålet låg på sida av dei spørsmåla som vart tekne opp der, sidan det handlar om fordeling av pensjonsrettar ektefellane imellom.

Etter ynske frå organisasjonane har departementet arbeidd vidare med spørsmålet i haust. Tidleg på nyåret vart saka send vidare til Finansdepartementet som rette departement med førebels vurderingar og spørsmålsstillingar frå Sosial- og helsedepartementet. Eit hovudspørsmål vil vera om ein kan opna for eit frivillig høve til omfordeling mellom ektefellane utan at dette blir administrativt for komplisert. Eg kan ikkje no seia noko om denne vurderinga, men vil halda kontakt med finansministeren om saka og sjølvsagt koma tilbake med ei oppfølging.

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil takka for svaret og for positiv vilje til å gjera noko her og følgja dette vidare opp.

Dette handlar om rettferd for yrkeskvinner i sjølvstendige næringar. Bedrifta, butikken eller garden kunne vera eigd og driven av begge. Men utan pensjonspoeng før 1986 vart denne yrkesgruppa av kvinner sette utanfor tryggingsnettet i folketrygda, noko som vil få omfattande verknader for deira livssituasjon. Det var lovverket som førte til dette. Om mannen sat i full stilling utanom garden eller bedrifta, kunne han likevel verte sett på som hovudutøvar og få heile inntekta skriven på seg. Resultatet vart inga pensjonsgjevande inntekt for kvinnene. I tillegg vart det seinare gjort store skilnader, alt etter kva likningskontor ein høyrde til.

Denne gruppa kvinner har venta lenge nok, med snart 30 års arbeid for å løysa dette. Kva tidsplan har statsråden for å få denne saka avklara og løyst?

Aud Blattmann hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Av mitt fyrste svar går det fram at eg ikkje på dette tidspunktet vil forskotera noko vi kan kalla ei løysing. Men det vi nå ser på, er spørsmål om å opna for frivillig høve til omfordeling mellom ektefellane, utan at dette administrativt blir for komplisert. Eg har forståing for at organisasjonane på nytt har reist dette spørsmålet, nettopp ut frå tanken om rettferd ektefellar imellom, men òg fordi det har vore ulik praksis, som representanten Aarrestad var inne på, frå likningskontor til likningskontor.

Når det gjeld spørsmålet om tidsplan, vil eg setja mykje inn på at ein får avklara denne saka i løpet av våren.