Interpellasjon fra representanten Petter Løvik til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Høgre foreslo i
Dokument nr. 8:8 (1999-2000) å stimulere rekrutteringa av lektorar til den vidaregåande skulen gjennom målretta forbetringar i studiefinansieringa for pedagogisk tilleggsutdanning. Sjølv om framlegget vart avvist, understreka fleirtalet det faglege nivået som lærarar med hovudfag representerer, og at det er viktig å sikre at desse ser skulen som ein attraktiv arbeidsplass.
Kva vil statsråden gjere for å auke tilgangen på lektorar, slik at skulen også i framtida har ein lærarstab med eit sterkt innslag av lærarar med hovudfag?»