Stortinget - Møte onsdag den 23. januar 2002 kl. 10

Dato: 23.01.2002

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Åsa Elvik (SV): Eg håpar dette kan fortsette like bra!

«Bladet Vesterålen skreiv den 17. januar 2002 at fiskeriministeren «løsner grepet om trålfisken». Avisa viser til at statsråden har uttalt at det berre er snakk om å løsne litt på lover og reglar for å betre lønnsemda i næringa.

Kva endringar er det statsråden tenkjer seg i forhold til leveringsplikta for trålarane, og inntil desse endringane er gjorde, vil statsråden følgje opp leveringsforpliktingane som gjeld i dag?»

Statsråd Svein Ludvigsen: Ordninga med leveringsforpliktingar er i det vesentlege knytt til ferskfisk/rundfrysetrålarar og dei såkalla småtrålarane når desse fartya er eigde av fiskeindustribedrifter. Formålet med leveringsvilkåra er å sikre at det råstoffet desse fartya tek opp av havet, skal tilfalle fiskeindustrien og på den måten sikre sysselsetjing og busetjing i distrikta. Ordninga har til ein viss grad vist seg høveleg.

Fiskerinæringa, medrekna tråldrift og drift av fiskeindustrien, har endra seg radikalt dei siste åra, ikkje minst når det gjeld eigarstrukturen. Ordninga med leveringsvilkår har vist seg å fungere dårleg i takt med desse endringane i eigarskapsforholda. Det er derfor grunn til å sjå nærare på ordninga for å sjå om den kan vidareførast i den opphavlege forma, eventuelt om det opphavlege siktemålet betre kan ivaretakast med endringar i leveringsvilkåra.

Den førre regjeringa oppretta eit eigarskapsutval som skal vurdere delar av deltakarlova, og utvalet vil også sjå nærare på ordninga med leveringsvilkår. Eg vil sjå Eigarskapsutvalets vurderingar og anbefalingar før eg trekkjer konklusjonar. Problemstillinga er svært aktuell, og eg ønskjer å medverke til klarare haldningar enn det som har vore praktisert frå myndigheitenes side i dei seinare åra. Likevel vil eg seie at leveringsplikt utelukkande til ein bestemt stad, med dei bindingane det fører med seg, sannsynlegvis ikkje kan fortsetje. Skal ein fremje lønnsemd – og det ønskjer eg å gjere – er verken fiskeindustrien eller fartyeigar og mannskap tente med at råstoffet ikkje blir levert til konkurransedyktige prisar. Og strenge bindingar påverkar sjølvsagt prisfastsetjinga og dermed også inntekta for fiskarane. Plikt til å levere råstoff til ein større region kan gje ein nødvendig konkurranse for alle partar. Det er ein av opsjonane. Om dette er tilstrekkeleg, er det vanskeleg å uttale seg om no, for det skjer no som sagt ein grundig gjennomgang i eit eigarskapsutval, og eg synest det er rimeleg at vi ventar på det. Det vesentlege for meg er at råstoff fiska med dei omtalte trålarane, skal leverast i nærare definerte regionar og i størst mogleg grad bli vidareforedla i desse.

På det konkrete spørsmålet om kva eg vil gjere mens eg ventar på Eigarskapsutvalet, er det å svare at eksisterande leveringsvilkår vil bli følgde opp i tråd med den praksisen som har vore følgd av fleire av mine forgjengarar.

Åsa Elvik (SV): Eg må takke for svaret. Det siste svaret var jo interessant, for praksisen er jo at konsesjonsvilkåra faktisk ikkje har vore følgde opp frå departementet si side. Vi har ein situasjon der kommunar er i konflikt med ulike reiarlag fordi dei ikkje leverer i samsvar med konsesjonsvilkåra. Dette har departementet ikkje følgt opp trass i gjentatte oppmodingar om det.

Som statsråden sa, handlar desse vilkåra om å sikre stabil tilgang til industrien, og det er derfor vi i det heile har trålarar i dette landet. Konsesjonsvilkåra er knytte til at råstoffet både skal leverast og produserast ved visse anlegg eller i visse kommunar.

Det blir ganske absurd at det faktisk er meir lønsamt å levere frosen rundfisk til eit frysehotell på Sortland enn det er å levere fersk fisk til foredling og produksjon på anlegg i t.d. min heimkommune, som er Bø i Vesterålen. Det synest eg er ei absurd problemstilling, og det seier litt om lønsemda i næringa, som statsråden er så opptatt av.

Vil statsråden leggje eventuelle endringar fram for Stortinget?

Statsråd Svein Ludvigsen: Hvorvidt det er absurd, skal ikke jeg gi meg ut på å svare på. Dette har med markedskreftene å gjøre, og vi kan vel være enige om at selv Stortinget kan komme til kort i så måte. Dette handler også i betydelig grad om rekruttering til fiskeriene, om å kunne hente ut en mulig gevinst. Og da må det også være konkurranse om råstoffet.

Det er riktig at det er flere konflikter knyttet til disse fartøyene hvor kommuner og bedrifter er involvert. Når jeg sier at jeg vil følge den praksis som har vært, betyr det at jeg behandler enkeltsaker og vurderer hver enkelt sak ut fra de omstendigheter som er knyttet til den, fram til vi har fått den grundige vurderingen som Eierskapsutvalget legger opp til.

Jeg håper at både Stortinget og Regjeringen er enig i at hvis vi først skal gjøre noe med det – og det er nødvendig å gjøre noe med det – skal vi ha et best mulig grunnlag for det.

Når Eierskapsutvalgets innstilling foreligger, skal jeg vurdere flere hensyn. Det gjelder bl.a. hvordan vi skal kombinere hensynet til en fiskereiet flåte med en tidsmessig eierstruktur, for dette griper inn i det.

Det er også nødvendig å vurdere hensynet til næringens behov for flåtefornyelse, ekstern kapital- og kapasitetstilpasning samt landindustriens behov for tilførsel av råstoff. Så det er flere forhold som vil bli vurdert.

Åsa Elvik (SV): Fiskeridirektoratet gjorde ei undersøking av om konsesjonsvilkåra vart følgde i 2000. Undersøkinga viste at dei i stor grad ikkje vart følgde. I Finnmark er det snakk om at over halvparten av trålarane ikkje leverer der det er meininga at dei skal levere. Eg viser til ein artikkel i Magasinet, Dagbladet sitt helgemagasin, sist laurdag, og eg viser til ein artikkel i Dagens Næringsliv i går som viser at denne problemstillinga er høgaktuell.

Når statsråden støtt og stadig kjem trekkjande med lønnsemda som det overordna målet for norsk fiskeripolitikk, kunne eg tenkje meg – det er sikkert ikkje passande – å spørje om han er klar over dei andre tre måla som Stortinget faktisk har sett for norsk fiskeripolitikk, nemleg berekraftigheit, arbeidsplassar og busetjing. Lønnsemd er eit av fire mål, men Stortinget har aldri sagt at dette er det overordna målet.

Eg skal utfordre statsråden på følgjande: Dersom statsråden gjennomfører dei endringane som han har lyst til, ser han då at dette eventuelt undergrev dei andre måla for norsk fiskeriforvalting som Stortinget har sett?

Statsråd Svein Ludvigsen: For det første: Mangel på lønnsomhet er den største trusselen mot rekruttering og mot å opprettholde bosettingsmønsteret. Hvis vi ikke skaper lønnsomhet i fiskerleddet, er det den største trusselen. Så jeg kan ikke love at jeg skal ekskludere dette ønsket og kravet om lønnsomhet, for hvis vi skulle følge spørreren, ville det være den største trusselen mot bosettingen langs kysten.

Så er jeg enig i at leveringsbetingelsene over en lang periode ikke har vært fulgt opp i tilstrekkelig grad, men jeg håper at jeg får kredit for at jeg var ikke før kommet i departementet før jeg tok tak i det. Jeg syns vi skal ha tålmodighet til vi får det nødvendige grunnlaget som sannsynligvis kommer i løpet av sommeren, nemlig analysen og vurderingen fra Eierskapsutvalget, og at vi da tar den grundige gjennomgangen slik at vi eventuelt får en ny praksis eller blir enige om å opprettholde den nåværende. Men vi må ta innover oss at det har skjedd dramatiske endringer på eierskapssiden, på strukturer, siden de fleste av disse leveringsbetingelsene ble gitt knyttet til båter.