Stortinget - Møte onsdag den 15. januar 2003 kl. 10

Dato: 15.01.2003

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Olav Gunnar Ballo (SV): Jeg har følgende spørsmål til kultur- og kirkeministeren:

«NRK planlegger nedleggelser av distriktskontorene, men signaler så langt tyder på at distriktskontoret i Sogn og Fjordane skal bestå som et kompetansesenter for nynorsk språk.

Ser statsråden at det samme argument har gyldighet i Finnmark knyttet til det samiske språket?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har som generalforsamling for Norsk rikskringkasting motteke styret sitt framlegg til omorganisering av nokre distriktskontor. Lat meg fyrst slå fast at framlegget frå NRK ikkje inneber at distriktskontoret i Finnmark blir lagt ned. Fylket vil framleis få eigne morgonsendingar under eige redaktøransvar. Uansett kan eg ikkje sjå at distriktskontoret i Finnmark i seg sjølv spelar ei avgjerande rolle for det samiske språket. Det heng saman med at NRK har ein eigen redaksjon for samiske radio- og fjernsynssendingar – NRK Sámi Radio. Framlegget frå styret inneber at det skal etablerast eit nært samarbeid mellom Sámi Radio og distriktskontoret i Troms og Finnmark.

Sámi Radio held til i Karasjok og produserer og sender tilbod i radio og fjernsyn på samisk. Radiosendingane dekkjer nyhende, sport, kultur, religiøse program, dokumentarar og eigne program for ungdom. Fjernsynstilbodet inneheld barne-TV, debattar, dokumentarprogram kvar månad og skulefjernsyn. Sámi Radio sender årleg meir enn 1 600 timar i radio og om lag 60 timar i fjernsyn.

Det er NRK Sámi Radio som må sjåast på som kompetansesenter for det samiske språket, ikkje distriktskontoret i Finnmark. Framlegget frå NRK om å omorganisera nokre distriktskontor får ingen konsekvensar for Sámi Radio.

Olav Gunnar Ballo (SV): Jeg takker for svaret.

Jeg har oppfattet ut fra det jeg har kunnet finne ut, at det er tre endringer fra det opprinnelige forslaget som statsråden satte ned foten i forhold til. Det ene er at Finnmark får en egen morgensending. Det andre er at det skal etableres et tettere samarbeid med Sámi Radio, og at det i tillegg skal bli opprettet en ny stilling som flyttes fra Marienlyst og til NRK Finnmark.

Med bakgrunn i de endringer som jeg her beskriver i forhold til NRK Finnmark, hva er det som gjør at statsråden fant grunnlag for å sette ned foten forrige gang, mens de signaler som kommer, så langt tyder på at hun ikke er villig til å gjøre det nå?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Den saka har eg til handsaming i departementet no, og eg har ikkje trekt nokon konklusjon, men eg vil gjerne streka under at eg synest det går i rett retning i forhold til distriktskontora. For meg har det heile tida vore viktig at ein har eit redaksjonsansvar for sine eigne sendingar slik som det no blir oppretthalde i Finnmark. Buskerud, Telemark og Vestfold får òg det same. I tillegg synest eg òg det er positivt at ein styrkjer NRK Finnmark med tre stillingar, ikkje ei, som representanten sa. Det er nemleg ei i Sør-Varanger og to i Hammerfest. Det skjer veldig mykje spennande i Finnmark, og eg trur at mykje av det som skjer der, bør få sendeflate i heile landet og ikkje berre i Finnmark. Så må eg då til slutt vurdera kva eg som generalforsamling skal gjera i forhold til styret sitt vedtak.

Det er òg ei avveging kor mykje eg skal gripa inn når det gjeld styret sitt vedtak. Ifølgje den måten NRK er organisert på, skal det ein god del til før eg grip inn, og den avgjerda har eg altså ikkje teke enno.

Olav Gunnar Ballo (SV): Innledningsvis oppfatter jeg at to av de stillingene er rene omrokkeringer internt, den ene fra Sámi Radio til NRK Finnmark og den andre bare en intern flytting mellom to av lokalkontorene i Finnmark.

Så til det som gjelder selve NRKs distriktsprofil. Vi har jo sett i en rekke saker – jeg vil trekke fram Mehamn-ulykken som et eksempel på det – hvordan man får lokal fokusering på en sak som så får nasjonale dimensjoner. Det er klart at jeg kjenner eksemplene fra mitt eget hjemfylke, Finnmark, best, men jeg går ut fra at det fins slike eksempler fra alle lokalkontor. I det øyeblikket man begynner å slå sammen kontor fra ulike distrikter, slik at man ikke har dette representert fylkesvis, er det også perspektiver knyttet til det fylkesvise i et distriktsperspektiv som kan gå tapt. Ser statsråden at på sett og vis vil en sentralisering av den typen funksjoner også kunne bidra i den generelle sentraliseringsbølgen? Forståelsen for distriktene og det typiske – skal vi si – distriktspolitiske aspektet ved ulike politiske beslutninger kan jo bli mer fraværende dersom vi får færre distriktskontor.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg oppfattar styret sitt vedtak og det ein legg opp til i NRK, slik at ein faktisk slår saman ein del administrative stillingar, men opprettheld og til dels styrkjer dei journalistiske stillingane. Mehamn-ulykka er eit typisk eksempel på ei sak som har nasjonal betydning, og ikkje berre betydning for fylket. At journalistar er til stades der ting skjer, er det som er viktig. Det veit eg òg at NRK-leiinga er oppteken av. Dei ynskjer faktisk å styrkja nærværet for journalistar, men slå saman det administrative. Og som sagt har eg ikkje trekt nokon konklusjon enno. Men eg synest det vedtaket som er gjort denne gongen, går i rett lei. Det er blitt mykje, mykje betre enn dei vedtaka som vart gjorde sist haust.