Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 2006 kl. 10

Dato: 15.02.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Åge Starheim (FrP) [12:47:11]: Eg ønskjer å stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

«På grunn av manglande planer/regulering vert det ståande igjen ein vegparsell på ca. 1 km på rv. 61 Bryggja–Møre grense med smal og svingete veg som ikkje vert rusta opp når pågåande arbeid vert avslutta i løpet av året. Dette vert ein flaskehals til stor byrde for brukarane.

Kva vil statsråden gjere for at igjenståande vegparsell på rv. 61 Bryggja–Møre grense snarast vert opprusta, utan at det går ut over framdrifta for andre planlagde/påstarta veganlegg i Sogn og Fjordane?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:47:57]: Utbetring av rv. 61 frå Møre og Romsdal grense til Naveosen starta opp våren 2005 og er venta avslutta til sommaren. Dette vil fullføre ein del utbetringar som vart gjennomførte på 1990-talet. Problemet på strekninga har i hovudsak vore svake kantar og låg bereevne og i mindre grad den geometriske utforminga. Kostnadsoverslaget er på 20 mill. kr. Det er varsla kostnadsreduksjonar på strekninga.

For strekninga frå Naveosen til Bryggja vart det utarbeidd ein detaljplan etter veglova i 1980. Vågsøy kommune har nyleg bede Statens vegvesen vurdere om denne planen er tilstrekkeleg plangrunnlag for å utbetre strekninga. Hovudutval for samferdsle i Sogn og Fjordane har bede Statens vegvesen om eit notat om utbetring av rv. 61. Det vart sendt til dei i førre veke.

Strekninga frå Naveosen til Bryggja er ikkje prioritert i handlingsprogrammet for øvrige riksvegar i Sogn og Fjordane i perioden 2006–2009. Kostnadsreduksjonane på strekninga Møre og Romsdal grense–Naveosen vil berre kunne finansiere ein liten del av utbetringa frå Naveosen til Bryggja. Eg vil i arbeidet mitt, her som elles, leggje avgjerande vekt på prioriteringane til Vestlandsrådet og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Åge Starheim (FrP) [12:49:18]: Eg takkar statsråden for svaret.

No er det vel slik at det var Stortinget sjølv som tok initiativ til å få i gang opprusting av det anlegget som ein held på med. Det er litt trist om ein skal kome i den situasjonen at ein opplever det same på dette anlegget som ein gjorde på rv. 620 frå Kjøde til Årsheim, der ein transporterte vekk over 100 000 kubikk masse som ein kunne brukt på anlegget dersom ein hadde valt å køyre bilane den andre vegen i staden for det ein valde. Etter det som eg har registret, legg ein også ut overskotsmasse på veganlegget på rv. 61 Bryggja–Møre grense. Det ville vore interessant å høyre om statsråden kunne tenkje seg at ein greidde å få ordna det slik at ein kunne bruke denne overskotsmassen til å fylle langsmed denne vegen. Det står ikkje på spørsmålet om veggrunnen, for han vart innløyst allereie i 1984.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:50:23]: Eg ber om forståing for at eg ikkje kan gå inn i detaljspørsmål omkring dette prosjektet, men det eg har fått opplyst, er at det ikkje er reguleringsplan for strekninga mellom Naveosen og busetjinga på Maurstad, altså Sollibakkane og Nore. Grunnen til det er sjølvsagt at utarbeiding av reguleringsplan har vore uaktuelt frå Vegvesenet si side, ettersom utbetring av strekninga ikkje har lege inne i handlingsprogrammet. Ein slik reguleringsplan vil det ta om lag eitt år å utarbeide.

Så er det sjølvsagt ingen ting i vegen for at ein i samarbeid med vegkontoret lokalt vurderer den typen løysingar som Starheim etterlyser. Det er eit spørsmål som det ikkje er mogleg for meg å gå inn og svare konkret på frå min stad her. Eg kjenner ikkje prosjektet slik i detalj.

Åge Starheim (FrP) [12:51:21]: Eg takkar på nytt for svaret frå statsråden.

Det som eg håpar og ber om, er at ein kan vere villig til å ta eit initiativ slik at ein kan leggje overskotsmasse langs vegstrekninga som no vert ståande igjen. I og med at ein er eigar av grunnen, burde det kunne la seg gjere, i staden for at ein gjer som på anlegget Kjøde–Årsheim, transporterer vekk brukbar fyllmasse som ein ikkje kan ta igjen. Eg ber derfor om at statsråden bruker sine posisjonar og sine kanalar til å påverke at ein får gjort dette, for det vil i neste omgang kunne bety at ein får eit mykje billegare anlegg enn det som ein vil få om ein skal starte utan noko som helst.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:21]: Det er alltid hyggjeleg med tillit, og det er hyggjeleg å få lyfta inn at eg som statsråd kan bruke den makta eg har på ulike område, ikkje minst i heimfylket og på prosjekt som eg sjølvsagt vil vere med på å lyfte. Eg må likevel, same kva fylke og strekning det dreier seg om, halde meg til dei planane som ligg føre, og dei prosedyrane som vi har å halde oss til.

Strekninga frå brua ved Naveosen til Maurstad er tung og krevjande, etter det eg har fått opplyst, og vil krevje store inngrep. Eg kjenner ikkje til om ei slik mellomlagring rett og slett er mogleg, og kor lang tid det då vil ta å få gjort denne vegstrekninga ferdig. Det vil vere heilt avhengig av korleis Sogn og Fjordane fylkesting prioriterer denne strekninga når dei no på nytt skal inn og vurdere dei resterande riksvegmidlane. Så dette er ein prosess der ikkje minst fylkeskommunen er ein viktig part, som må vere i dialog med kommunen og vegkontoret om ein vil finne ei løysing på dette.