Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 2006 kl. 10

Dato: 15.02.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 29

Kari Lise Holmberg (H) [13:59:55]: «I statsbudsjettet for 2006 vedtok regjeringspartiene å videreføre ventelønnsordningen for statsansatte. Ordningen har i praksis vært brukt til å skyve eldre arbeidstakere ut av arbeidslivet. I Bergens Tidende 15. januar sto flere ventelønnsmottakere frem og fortalte at de opplever ordningen som uverdig, at de blir parkert på et sidespor, ja endog at livet deres er ødelagt.

Hvilke seniorpolitiske tiltak vil statsråden gjennomføre for å kompensere for den negative effekten av at ventelønnsordningen blir videreført?»

Statsråd Heidi Grande Røys [14:00:36]: Ordninga med venteløn i staten har ei historie som viser at dei tilsette kan få økonomisk tryggleik og verksemdene føreseielege rammevilkår i samband med omstillingar.

Dei tenestemannsrettslege ordningane med venteløn og fortrinnsrett til statleg stilling har vore brukte som verkemiddel for å sikre større grad av oppslutning om omstillingsprosessane og bidra til større medverknad frå dei tilsette sine organisasjonar.

Statistikken viser at det er eit relativt høgt tal på eldre som tek imot venteløn, samanlikna med dei som tek imot dagpengar. Det kan vere eit teikn på at ordninga dekkjer eldre sitt behov for økonomisk tryggleik. Samtidig inneber det ein fare for «innelåsing» i ein stønadssituasjon.

Som representanten Holmberg sikkert er kjend med frå media dei siste dagane, møter eldre ofte negative haldningar når dei søkjer jobb. Ei undersøking som MMI har gjort for Senter for seniorpolitikk, viser at halvparten av norske leiarar ikkje eingong ville vurdere ein arbeidssøkjar som har mindre enn ti år igjen av yrkeskarriera si. Eg meiner det er tal vi ikkje kan leve med. No kom ikkje staten på nokon måte verst ut i den undersøkinga. Men det er heilt opplagt at skal vi få seniorane våre i arbeid, anten dei er på venteløn eller på ordinære dagpengar – og vi treng dei i arbeid i nasjonen Noreg – så har vi ein jobb å gjere i forhold til arbeidsgivarar når det gjeld haldning til seniorane: Det må på ingen måte vere diskvalifiserande å vere 57 år når ein søkjer utlyste stillingar. Det er både ei utfordring som eg som statleg arbeidsgivar må ta på vegner av Regjeringa, og det er ikkje minst ei utfordring som heile arbeidslivet må ta, både i privat sektor og i kommunal sektor.

Når det gjeld det konkrete spørsmålet om kva eg vil gjere for å kompensere for eventuelle negative verknader av ventelønsordninga, vil eg gjere merksam på at eg allereie har varsla Stortinget om at eg vil setje i gang ein ny gjennomgang av tenestemannslova. Det er eit arbeid eg skal gjere i lag med organisasjonane. I samband med den gjennomgangen vil òg ventelønsordninga verte vurdert, og eventuelle negative konsekvensar av den noverande ventelønsordninga må på bordet og diskuterast.

Så vil eg understreke at for å oppfylle vilkåra for å motta venteløn, må ein vere reell arbeidssøkjar. Om ein ikkje er det, fell retten til venteløn bort i ein periode. Det er Aetat som har ansvar for og plikt til å følgje opp det.

Så har eg, som sagt, sett i gang ei rekkje tiltak. Vi jobbar no i samband med konkretiseringa av målet for IA-arbeidet for at både staten som arbeidsgivar og ikkje minst det generelle arbeidslivet skal fokusere på seniorane. Det skal ikkje vere slik at det er seniorane som må gå, anten det er staten som skal omstille, eller det er andre bedrifter som skal omstille. Der har vel den førre regjeringa eit like stort ansvar som den noverande regjeringa, knytt til dei omstillingane som er gjorde i statleg sektor.

Kari Lise Holmberg (H) [14:03:49]: Jeg takker statsråden for svaret. Vi kan nok være enige om at det ikke er negativt å være 57 år og skulle ut i arbeidslivet. Jeg har likevel lyst til å uttrykke forundring over at denne saken er så lavt prioritert, og at den nye regjeringen så langt har snakket så lite om den.

Seniorpolitikk er viktig. Det er viktig for det enkelte mennesket, og det er viktig for landet vårt. Ikke minst er det viktig å understreke det på bakgrunn av den spontanspørretimen vi hadde i dag, der næringsministeren uttalte at vi har «den arbeidskraften vi har i dette landet». Hvis vi ikke kan være mer konstruktive enn å se på den arbeidsstokken vi har i landet pr. i dag, må vi i hvert fall kunne forvente at Regjeringen straks legger på bordet en rekke tiltak for å få seniorene ut i arbeidslivet. Å videreføre ventelønnsordningen er reversering av en politikk.

Da blir spørsmålet en gang til: Når vil Regjeringen ta tak i arbeidet med å være konstruktiv og få flere av den eldre garde ut i jobb?

Statsråd Heidi Grande Røys [14:04:56]: Det tok Regjeringa fatt i frå dag ein. Er det noko vi verkeleg har jobba med, så er det det. Blant anna gjekk vi rett inn i arbeidet med å få på plass ein ny IA-avtale. Førre periode med IA-avtale hadde som siktemål at vi skulle få auka avgangsalder. Under den borgarlege regjeringa fekk vi altså redusert avgangsalder i arbeidslivet. Det betyr at den førre regjeringa hadde eit vesentleg ansvar for at vi i dag har låg avgangsalder i det generelle arbeidslivet. Vi har sagt at vi må ha eit mål, og i staten har vi klart å flate dette ut. No er målet å få avgangsalderen til å gå oppover.

Vi har ei rekkje tiltak på gang. Helse- og omsorgsministeren jobbar med ei stortingsmelding om seniorpolitikk. Eg har som statleg arbeidsgivar sett i gang ei rekkje tiltak, bl.a. på kompetanseutvikling, der ein forpliktar leiarane i staten til gjennom personalpolitikken å jobbe med kompetanse, ikkje berre når folk er blitt pensjonistar, men gjennom eit heilt yrkesliv, slik at ein framleis er attraktiv på arbeidsmarknaden anten ein er 57 eller 62 år. Spesielt gjeld dette i forhold til dataopplæring. Ein fjerdedel av staten sine pensjonistar oppgir nytt dataprogram som grunn til å gå av med AFP. Vi er no i gang med eit arbeid med spesiell dataopplæring for alle seniorane i departementet og underliggjande etatar, bl.a. for at ikkje manglande kompetanse her skal vere ein grunn til at våre seniorar går ut av arbeidslivet. Det er ei rekkje tiltak i gang, og på veg til å kome i gang, slik at dette er noko vi jobbar med kvar einaste dag.

Kari Lise Holmberg (H) [14:06:28]: Statsråden nevnte i sitt første svar at man ville gå gjennom ventelønnsordningen en gang til. Derfor vil jeg litt tilbake til den ordningen, som man nå har videreført. Da Bondevik II-regjeringen ville fjerne ventelønnsordningen, var det for å få en likebehandling av arbeidstakere i arbeidsmiljøloven og tjenestemannsloven. Men det som da skjedde, var at de statsansattes organisasjoner utviste sterkt press, og man møtte stor motstand. Den rød-grønne regjeringen har jo nettopp tatt det til følge og derfor videreført ventelønnsordningen, som i mine øyne ikke er noen konstruktiv løsning.

Da blir spørsmålet mitt nå når man står foran en ny gjennomgang: Vil Regjeringen denne gangen fortsatt ta mer hensyn til LO enn til landets beste og til innbyggernes beste?

Statsråd Heidi Grande Røys [14:07:21]: Vi høyrer stadig vekk frå diverse representantar her på Stortinget at vi tek omsyn til LO i eitt og alt. Vi har eit samarbeid med organisasjonane som Regjeringa legg stor vekt på. Ein av fordelane i norsk næringsliv og norsk arbeidsliv er at vi har ryddige forhold i arbeidslivet. Vi har god kontakt med arbeidsgivarsida, og vi har god kontakt med arbeidstakarsida, det vere seg LO, Unio, YS – alle organisasjonane. Det legg eg òg vekt på i forhold til det arbeidet som vi no skal gjere. Eg samarbeider med alle dei fire organisasjonane i staten i samband med den gjennomgangen av tenestemannslova som eg har varsla, noko den førre regjeringa ikkje gjorde, fordi dei gjennomførte kutt utan å ta organisasjonane med i arbeidet i det heile. Det vi skal vere klåre over, er at ventelønsordninga og fortrinnsrett til stillingar er framforhandla rettar ut frå eit ynske frå staten om at vi skal ha dei tilsette med i viktige omstillingar som staten treng å gjere, medan den førre regjeringa berre kutta ein opparbeidd rett, utan å ha ein dialog med partane i det heile på førehand. Vi har tenkt å gå i dialog med alle partar, og håpar å kome ut med ei tenestemannslov som er oppdatert og god for både arbeidsgivar- og arbeidstakarsida.