Stortinget - Møte onsdag den 29. mars 2006 kl. 10

Dato: 29.03.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Trond Helleland til fornyings- og administrasjonsministeren, vil bli teke opp av representanten Øyvind Halleraker.

Øyvind Halleraker (H) [12:56:28]: Jeg har et spørsmål til fornyings- og administrasjonsministeren:

«13. mars utsatte statsråden MinSide, det elektroniske servicekontoret, på ubestemt tid. Prosjektet var i rute da regjeringen Stoltenberg tiltrådte. De viktigste utfordringene som krever betydelig politisk oppmerksomhet, har også tidligere vært samordningen mellom MinSide og de statsetatene som leverer tjenestene samt utbredelsen av godkjente eID-løsninger.

Hva vil statsråden gjøre for å bedre framdriften i prosjektet, og når kan innbyggerne ta MinSide i bruk?»

Statsråd Heidi Grande Røys [12:57:13]: Lat meg fyrst gi honnør til tidlegare moderniseringsminister Morten Andreas Meyer for eit viktig initiativ til å gi innbyggjarane eit enklare møte med offentleg sektor. MiSide skal gi innbyggjarane ein felles inngang til dialog med og elektroniske tenester frå det offentlege.

For å få til MiSide må ein ha sikker innlogging, og difor er Sikkerhetsportalen etablert som ein felles infrastruktur for heile offentleg sektor, ikkje berre for Altinn, som har vore brukarar sidan desember, eller for MiSide, der vi no har starta pilot. Sikkerhetsportalen opna eg i midten av desember. Portalen er oppe og står, og vi er i gang med å teste MiSide i forhold til Sikkerhetsportalen. Sikkerhetsportalen skal gjere det enklare for både kommunale og statlege verksemder å realisere trygg elektronisk samhandling. Samstundes skal brukarane som allereie har ein elektronisk ID til andre føremål, òg kunne nytte denne på offentlege nettstader.

Regjeringa Stoltenberg har store ambisjonar på dette området, fordi det er viktig for å realisere dei målsetjingane vi har sett i Soria Moria-erklæringa for digitalisering av tenester, og ikkje minst for fornyinga av offentleg sektor.

Den tekniske løysinga for MiSide har vore på plass ei stund, og vi køyrer no pilot for alle dei tilsette i dei sju etatane som leverer tenester til sida, og for dei tilsette i mitt eige departement. Slik får vi luka ut feil, og vi får sett på kva vi må gjere endå betre før vi kan presentere heile sida for innbyggjarane.

Etableringa av MiSide og den felles Sikkerhetsportalen for det offentlege inneber eit ganske komplekst samspel mellom mange offentlege verksemder, marknadsaktørar og ulike tekniske løysingar.

Den førre regjeringa la til grunn at marknadsaktørane skulle forsyne innbyggjarane med elektronisk ID og elektronisk signatur, som òg skulle kunne nyttast til desse offentlege tenestene. Og det er her det har dukka opp utfordringar knytt til marknaden for elektronisk ID i Noreg. Det har altså vist seg meir krevjande enn det ein tidlegare trudde, å få leverandørar til å levere tenestene sine i den felles Sikkerhetsportalen for offentleg sektor. Ute blant innbyggjarane er det ikkje særleg stor utbreiing av elektronisk ID som kan nyttast i Sikkerhetsportalen, og førebelse vurderingar frå pilotdrifta viser at bruken òg må verte enklare. Lanseringa kan altså ikkje skje før vi har fått ei innlogging som er sikker, og som er enkel, slik at innbyggjarane ikkje dett av lenge før dei har fått teke portalen i bruk.

Når ein driv pilotarbeid, risikerer ein at det dukkar opp utfordringar som det tek tid å løyse. Eg meiner at ein har undervurdert kompleksiteten i arbeidet, og ein har vore for optimistisk når ein fastsette tidsplanen.

Eg vil korrigere representanten Halleraker i forhold til at prosjektet skulle vere i rute då regjeringa Stoltenberg tok over. Gjennom heile prosjektperioden har ein jamleg utarbeidd risikoanalysar. Gjennom desse risikoanalysane, både før og etter regjeringsskiftet, har det vore kjent i departementet, og av min forgjengar, at det var høg risiko knytt til tidsplanen og at sjansen var stor for at lanseringa av MiSide måtte utsetjast. Eg minner om at statsråd Meyer sjølv utsette lanseringa med eit halvt år, i fjor sommar.

Det eg no er i gang med, er i samarbeid med Brønnøysundregistra, som forvaltar avtalen om Sikkerhetsportalen, å vurdere forretningsmodellen for Sikkerhetsportalen. Vi er nøydde til å finne ein modell som er meir attraktiv, både for offentlege verksemder som treng løysingar for sikker kommunikasjon, og for leverandørane av elektronisk ID og signatur. Dette kan eg love representanten Halleraker at vi jobbar med døgnet rundt. Til og med i dag sit mi avdeling i møte med dei aktuelle aktørane, så dette har vi eit veldig høgt trykk på og store ambisjonar om. Men vi kan altså ikkje lansere noko som ikkje er godt nok for innbyggjarane våre, for då er på ein måte vitsen vekk. Det må vere sikkert og enkelt å bruke når vi fyrst skal forenkle offentleg sektor.

Øyvind Halleraker (H) [13:01:16]: Jeg takker for svaret.

Det er godt å høre at statsråden holder høyt trykk på dette. Jeg er kjent med at statsråd Meyer, rett før han gikk av, fikk forsikring om at prosjektet var i rute.

Dersom det er slik at samarbeidet mellom bankene og BankID og andre ID-leverandører stopper prosjektet, kan det da være naturlig å vurdere andre muligheter? Viktige IT-prosjekter i offentlig regi kan jo ikke stoppe opp mens vi venter på andre aktører.

Mitt spørsmål blir: Vil statsråden ta initiativ til at det offentlige utsteder egne eID-er og eSignaturer til innbyggerne, slik man har gjort i f.eks. Danmark, og på den måten sørge for at mange kan ta MinSide i bruk så raskt som mulig?

Statsråd Heidi Grande Røys [13:02:17]: No er det den førre regjeringa som har bestemt at ein skulle la marknaden ordne dette med elektronisk ID. Det er ei kjend Høgre-sak at ein ynskjer at marknaden skal ordne opp.

Så ser vi at marknaden ikkje var så vidareutvikla som vi hadde håpa og trudd. Allereie i 1999 hadde data- og IT-pressa oppslag om at ein trudde ein var i gang med å rulle ut elektronisk identitet, og at ein ville ha dette veldig kjapt på plass. No skriv vi 2006, og framleis er det litt slik at leverandørane sit og ventar på tenestene, og dei som leverer tenester, sit og ventar på at vi har nok leverandørar av elektronisk ID.

Vi har sagt at vi no fyrst ynskjer å gå i dialog med både bankane og andre som leverer elektronisk ID, for å sjå om vi ikkje no kan løyse dette. Det er den modellen ein har valt, og ein har jobba med den i fleire år. Vi må sjå på om vi ikkje kan løyse det. Vi har hatt mange møte, og vi skal ha fleire møte. Parallelt med dette ser vi på andre moglegheiter, ja, òg den moglegheita som representanten Halleraker var inne på.

Øyvind Halleraker (H) [13:03:22]: Jeg takker igjen for svaret.

Noe av det mest oppsiktsvekkende er faktisk ikke at prosjektet er utsatt, selv om det gjøres nok en gang fra denne statsråden, og det er alvorlig nok. Det mest oppsiktsvekkende er jo at prosjektet er utsatt på ubestemt tid. Jeg har ikke sett noen antydning om hvilken måned, hvilket kvartal eller hvilket år innbyggerne kan forvente å ta i bruk MinSide. Jeg mener at det er sunt at det offentlige setter frister, og at vi bestreber oss på å prøve å overholde disse. Det gjør det mulig å kontrollere at myndighetene gjør det de skal gjøre, og sikrer at viktige prosjekter ikke dør en stille død, så å si.

Mitt spørsmål blir: Er statsråden enig i at det er viktig å sette frister for ferdigstillelse for viktige prosjekter som MinSide, og kan vi nå få en ny dato for når innbyggerne kan glede seg over MinSide?

Statsråd Heidi Grande Røys [13:04:21]: Det har vorte sett mange tidsfristar knytt til arbeidet med MiSide. Førre minister, Meyer frå Høgre, måtte utsetje sitt eige prosjekt med eit halvt år. Med det same eg tok over, fekk eg ganske fort presentert som ei utfordring at vi måtte ha ei ny utsetjing, av ulike årsaker og avgjerder som vart tekne lenge før mi tid. Vi balar med dei same vedtaka som vart gjorde før mi tid, nemleg val av forretningsmodell og val av aktørar knytt til levering av elektronisk ID. Det er dei to utfordringane vi no jobbar vidare med. Eg er innstilt på å følgje opp dei vedtaka som vart gjorde av førre minister. Eg trur det var gode løysingar. Men ein hadde lagt for stramt tidsløp i forhold til å kunne løyse desse utfordringane.

Så skal vi altså hugse at vi er det fyrste landet i verda som får dette til. Eg er ganske sikker på – eg håpar i alle fall det – at vi skal ha denne sida opp å stå så snart som i det heile mogleg, gjerne før sommaren for min del. Men det er heilt meiningslaust å gi ein ny dato dersom ein ikkje er heilt sikker på at ein faktisk kan levere, for då får ein berre ei ny utsetjing. Det ville vere veldig uheldig (presidenten klubbar). Då er det betre å bruke tid og krefter på å få ei så god løysing opp å stå som i det heile mogleg.

Presidenten: Vi går då tilbake til spørsmål 6.