Stortinget - Møte onsdag den 24. mai 2006 kl. 10

Dato: 24.05.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Borghild Tenden (V) [12:16:14]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Internasjonal erfaring tyder på at enkle og oversiktlige billett- og takstsystemer fører til økt bruk av kollektivtrafikk. Det bidrar til at det blir enklere for publikum å reise, det er tidsbesparende og publikumsvennlig. Bondevik II-regjeringen la mye arbeid i å gjennomføre såkalt elektronisk billettering.

Hvordan vil den nye regjeringen følge opp det viktige arbeidet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:50]: Enkle og oversiktlege billettsystem er viktig for å få folk til å velje å reise kollektivt.

Det er gjort eit godt arbeid både av den førre regjeringa og òg av mange fylkeskommunar for å kome opp med eit system som skal gje passasjerane eit saumlaust tilbod når ein reiser på kryss og tvers av ulike grenser – ofte fylkesgrenser.

Med verknad frå 1. april 2006 har me vedteke ein standard for grensesnitt i nye elektroniske billettsystem. Standarden sikrar at fylkeskommunar og selskap kan samarbeide om billettar og takstar. Det er no fylkeskommunane og selskapa som må ta i bruk elektroniske billettsystem. Den nye standarden gjer dette mogleg, og eg vil i dei samtalane eg har med fylkeskommunane, oppmode til at ein intensiverer dette arbeidet. Eg veit at det er i veldig godt gjenge i mange fylkeskommunar.

Borghild Tenden (V) [12:17:57]: Jeg takker statsråden for svaret.

Kontant betaling forsinker daglig kollektivtrafikken i folks travle hverdag. Jeg er selv kollektivbruker og er vitne til det hver dag. Store sedler skal veksles, og passasjerene blir stående i kø, noe som virker både gammeldags og tungvint i vår elektroniske verden.

I Oslo og i Akershus er dette et veldig stort problem. Det kommer ikke på plass. Kan statsråden gjøre noe for å hjelpe Oslo og Akershus med dette?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:31]: Me har ei arbeidsdeling som gjer at ansvaret for kollektivtrafikken er lagt til fylkeskommunane. Eg vil vere varsam med å gripe inn i det mandatet som fylkeskommunane har til å utvikle gode system på dette området.

Me har jamlege møte med fylkeskommunane for å drøfte både kollektivtrafikk og andre viktige spørsmål. I eit slikt møte skal eg gjerne drøfte òg dette spørsmålet, men det å påleggje Oslo og Akershus å utvikle eit system synest eg ville vere å gå eit steg for langt med omsyn til å gripe inn i eit ansvarsområde som dei eksplisitt har.

Borghild Tenden (V) [12:19:20]: Jeg takker igjen for svaret.

Samordnet kollektivtransport, SKØ, ble etablert i januar 2004. Dette er et svært viktig organ for å løse kollektivutfordringene i østlandsområdet og vil også være det i forbindelse med elektronisk billettering.

Mitt første oppfølgingsspørsmål er: Er samferdselsministeren enig i det? Og det andre er: Hvor aktiv vil hun være i dette viktige organet for bl.a. Oslo og Akershus?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:55]: Me har nettopp hatt eit møte i SKØ som vart leidd av statssekretæren min, fordi eg var ute og reiste. Det var meininga at eg skulle leie møtet, men eg måtte endre den planen.

I det møtet kom det fram at ein kanskje treng å diskutere korleis dette arbeidet skal gjerast. Ein hadde heilt sikkert gode intensjonar då ein starta dette organet, men det var kanskje ikkje godt nok gjennomarbeidd i forhold til innhaldet i møta.

Det me no er einige om, er at me fram til neste møte på kvar vår plass skal setje oss ned og tenkje igjennom korleis me vil nytte dette organet, slik at det verkeleg skal verte eit organ for handling og ikkje berre eit organ der me på ein måte diskuterer problemstillingar, og så kanskje ikkje kjem så mykje lenger. Dei konkrete resultata så langt når det gjeld SKØ, er kanskje ikkje så gode som ein hadde von om då ein starta dette organet, men eg ser at det er ein viktig møteplass. Eg ser òg at det er viktig at me får konkrete saker og konkrete handlingar ut av dei møta som kjem, og det kjem eg til å følgje opp framover.