Stortinget - Møte onsdag den 6. februar 2008 kl. 10

Dato: 06.02.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Arne Sortevik (FrP) [11:44:33]: Spørsmålet lyder:

«Forslag til NTP 2010-2019 viser frem et svært stort gap mellom faglige anbefalte investeringer i vei- og jernbane og den økonomiske planrammen som er gitt av Regjeringen. Mer enn tradisjonell påplussing trengs det åpenbart nye finansielle virkemidler for å få gjennomført nødvendige investeringer i transportnettet. Uten slike virkemidler blir rullering av NTP kun en planrullering og intet samferdselsløft.

Hva er statsrådens plan for å få avklart og godkjent nye finansielle virkemidler til rullering av ny NTP?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:45:17]: Som no skulle vere vel kjent, er transportetatane sitt grunnlagsmateriale til NTP 2010-2019 på vanleg måte utarbeidd innan reknetekniske rammer. Desse rammene vart i retningsliner frå Samferdsledepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet sette lik ti gonger framlegget til 2007-budsjettet +/- 20 pst.

Som ein del av sitt planarbeid har etatane òg laga eigne stamnettutgreiingar i eit 30-årsperspektiv. I desse utgreiingane er det m.a. vurdert faglege behov for å oppgradere stamnettet til det ein har kalla «god standard». Ein slik ambisjon vil krevje høgare rammer, noko det er gjort greie for i planframlegget og i mitt svar på spørsmål 547 for 2007-2008, frå representanten Sandberg.

Kva for rammer Regjeringa vil tilrå for Stortinget, vil eg kome attende til i stortingsmeldinga om NTP, som eg tek sikte på å leggje fram mot slutten av året.

Når det gjeld andre finansielle verkemiddel enn budsjettfinansiering, vil dette særleg gjelde bompengefinansiering, noko det er teke høgd for i etatane sitt planframlegg.

Prosjektfinansiering er drøfta nærare i St.prp. nr. 1, Gul bok for 2007. Etatane har i sitt planframlegg på ny teke opp spørsmålet. Desse synspunkta vil eg ta med meg vidare i arbeidet med NTP.

I vegsektoren er det gjort forsøk med Offentleg Privat Samarbeid, OPS, der dei einskilde utbyggingsprosjekta ikkje har vore avhengige av årlege løyvingar over statsbudsjettet i utbyggingsfasen, men sjølvsagt med store utteljingar over statsbudsjettet i ei årrekkje i ettertid. Ei evaluering gjord av Transportøkonomisk institutt og Dovre International viste ingen økonomiske innsparingar samanlikna med tradisjonell gjennomføring, men det vart påvist betydeleg raskare prosjektgjennomføring. Desse funna er noko eg sjølvsagt vil ta med meg i det vidare arbeidet med Nasjonal transportplan.

Arne Sortevik (FrP) [11:47:13]: Jeg takker for svaret.

Det er tydeligere i denne planrulleringen enn det har vært tidligere, at det er et stort gap mellom det som er en faglig anbefalt ramme og det som er gitt som en politisk planramme fra departementet. Gapet er på hele 100 milliarder kr i ny planperiode 2010-2019 bare for vei alene.

For at denne høringsrunden i det hele tatt skal ha noen mening, må vi ikke da ha nye finansielle virkemidler slik at vi kan få tatt et investeringsløft på veisektoren, for i det hele tatt å kunne klare å dekke inn noe av det formidable gapet på veisektoren som fagetatene selv peker på? I utkastet til ny Nasjonal transportplan sier fagetatene selv:

«Innenfor planrammene er det derfor ikke mulig å bygge ut infrastrukturen til et ønsket nivå i overskuelig framtid.»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:19]: Dersom ein ser på Statens vegvesen sitt framlegg på stamvegramma, meiner eg å hugse at + 20 pst. vil gje eit fullgodt stamnett på 35 år, mens det som ligg i stamnettutgreiinga, er eit fullgodt stamnett på 30 år. Det er ikkje store forskjellen på + 20 pst.-alternativet og det såkalla anbefalte forslaget. På jernbane er det vel noko tilsvarande - eg har ikkje åra heilt klart føre meg. Det store gapet trur eg ikkje er mykje større denne gongen enn det har vore før.

Det som er nytt i denne Nasjonal transportplan i framlegget frå etatane, er at ein har teke høgd for den store veksten som er i både veg- og jernbanetrafikk, og at ein har teke høgd for at me er nøydde til å gjere noko med vedlikehaldsetterslepet, som tidlegare regjeringar dessverre har neglisjert.

Arne Sortevik (FrP) [11:49:18]: Jeg vil igjen takke for svaret.

Det er to ting som er annerledes i forbindelse med denne planrulleringen, det ene er tydeligheten av et stort gap, altså et stort behov for veibygging som ikke ser ut til å kunne imøtekommes med den planrammen som er lagt. Og Norge er rikere enn noen gang før. Derfor mener Fremskrittspartiet at det er nødvendig, parallelt med høringsrunden, at Regjeringen avklarer og godkjenner nye finansielle virkemidler, slik at oljepenger kan investeres i moderne infrastruktur og i moderne veinett i Norge. Fremskrittspartiet har pekt på et infrastrukturfond, og vi har pekt på statlige lån til spesielle prosjekter, som både Jernbaneverket og Statens vegvesen foreslår - iallfall peker på - i utkastet til ny Nasjonal transportplan. Her er det viktig å få på plass nye virkemidler.

Men spørsmålet er jo om dette faktisk er totalt avlyst fra Regjeringen, på bakgrunn av statsministerens svar i spørretimen for en uke siden, hvor det igjen ble sagt nei til prosjektfinansiering.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:26]: Som vanleg kommenterer eg ikkje dei interne prosessane i Regjeringa, i alle fall ikkje i ei sak der Regjeringa skal leggje fram ei stor sak for Stortinget før jul, der mange spørsmål skal finne si avklaring. Det er nesten eitt år til. Òg når det gjeld finansieringsspørsmåla, må me kome tilbake til det.

Eg bed representanten merke seg det eg sa om OPS i mitt hovudsvar. For det er rett at det ikkje belastar budsjettet så mykje, og at det ser veldig fint ut. Men det belastar altså dei årlege budsjetta ganske tungt i mange år framover, og det bind opp Stortinget sine moglegheiter til å prioritere i framtidige budsjett. Det er både pluss og minus med det òg, men det positive med OPS er at ein får gjennomført prosjekt raskare. Det er eit element som ein ikkje kan oversjå. Me skal nytte samfunnet sine midlar mest mogleg effektivt, og ei rask gjennomføring av prosjekt er jo ein viktig måte å nå det målet på.