Stortinget - Møte onsdag den 13. februar 2008 kl. 10

Dato: 13.02.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Arne Sortevik (FrP) [12:32:26]: Spørsmålet er som følger:

«I byene Stavanger, Bergen og Trondheim arbeides det med ulike skinnebaserte kollektivprosjekt. I Stavanger planlegges bybane som delvis bruker jernbanens kjøreveg. I Bergen bygges bybane med egen kjøreveg og NSB har planer om tog til Flesland flyplass. I Trondheim og Trøndelag arbeides det videre med reduksjon av reisetid med tog mellom Trondheim og Steinkjer.

Er statsråden villig til å se nærmere på statlig prosjektfinansiering i en koordinert og forsert utbygging av jernbanebasert kollektivopplegg i disse tre byene?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:33:10]: Eg vil innleiingsvis peike på at prosjekta som vert nemnde i spørsmålet, er av særs ulik karakter. I Stavanger vert det vurdert ein kombibane med delvis bruk av jernbane og delvis ny bane. Dette er på eit tidleg stadium, og det ligg førebels ikkje føre noka skisse til finansieringsplan. I Bergen er ein eigen bybane under bygging. Denne er finansiert innanfor Bergensprogrammet med bompengar og alternativ bruk av riksvegmidlar. Jernbaneprosjektet mellom Trondheim og Steinkjer er eit reint jernbaneprosjekt.

Regjeringa legg til grunn at investeringar i veg og jernbane framleis bør løyvast etter gjeldande prinsipp for budsjettering. Eg viser til at Regjeringa har auka rammene for jernbaneinvesteringar i tråd med NTP-vedtaket, noko som utgjer ein vekst med om lag 50 pst. i 2007 samanlikna med 2006. I 2008 var auken på 5,4 pst. samanlikna med 2007. Dette er eit historisk lyft og viser at regjeringspartia såleis følgjer opp i posisjon det ein gjorde vedtak om i opposisjon. Spørjaren sitt parti derimot stod saman med Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet om NTP-nivået i 2004, men har i sine alternative statsbudsjett no - framleis i opposisjon - ikkje stått ved vedtaket og lovnadene til veljarane, men kutta i jernbaneinvesteringar med til saman om lag 6 milliardar kr i 2006, 2007 og 2008. Regjeringa prioriterer midlane for å sikre mest mogleg rasjonell planlegging, prioritering og framdrift av samferdsleprosjekt. Eg vil elles vise til at Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei evaluering og vurdering av OPS og av andre forslag som er reiste av transportetaten i planforslaget til NTP for 2010-2019.

På bakgrunn av dette vurderer ikkje Samferdsledepartementet særlege opplegg for prosjektfinansiering av jernbanebasert kollektivopplegg i byane. Slik utbygging vil vere basert på eigne opplegg for finansiering i kvart enkelt tilfelle. Opplegga for finansiering vil m.a. vere avhengige av investeringane sin karakter og av kva for finansieringsløysingar det er vilje til lokalt.

Arne Sortevik (FrP) [12:35:15]: La meg først komplettere beskrivelsen av Fremskrittspartiets politikk med å minne om at vi flere ganger har fremmet forslag om et infrastrukturfond som vil gi jernbanen betydelige investeringsmidler. Det er slik at oversikten over Fremskrittspartiets politikk har nok Fremskrittspartiet best selv.

Så til svaret, som jeg takker for, som er et særdeles skuffende svar. Jeg vil gå tilbake til det saken gjelder, nemlig å lage fremtidsrettede løsninger, men som krever en koordinerende hånd. Nettopp det som statsråden svarer, at disse prosjektene er ganske ulike og er kommet ulikt langt, viser hva man mister hvis man ikke har den koordinerende hånden. Dette er en regjering som sier at de vil satse på både jernbane og kollektivtrafikk og er opptatt av gode løsninger i de store byene. Her er det en stor mulighet gjennom statlig koordinering og også statlig prosjektfinansiering til å få på plass gode kollektivløsninger, basert på jernbane eller samarbeid med jernbane i disse tre store byene.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:22]: Regjeringa har ein god dialog med dei nemnde byane om dei prosjekta som her er omtalte, både når det gjeld Bergensprogrammet, når det gjeld dobbeltsporet i Stavanger og eventuell bybane, som vert kopla til det dobbeltsporet. Det same gjeld sjølvsagt jernbaneopplegget som Trøndelag skal få på plass. Så Regjeringa har definitivt ei koordinerande rolle òg når det gjeld finansieringa, i og med at ein i stor grad nyttar alternativ bruk av riksvegmidlar til finansiering av dette saman med lokale finansieringskjelder og bompengar.

Når det gjeld merknaden om koordinering, må det òg sjølvsagt seiast at kollektivtransport, slik det er definert, i utgangspunktet er ei oppgåve for fylkeskommunane. Slik sett er det òg viktig for oss, i ei tid der me arbeider med å leggje fleire oppgåver til fylket, ikkje å ta frå dei oppgåver, men samarbeide tett med byane og fylka om dette.

Arne Sortevik (FrP) [12:37:36]: Jeg vil igjen takke for svaret.

Selvfølgelig er samarbeid viktig, og det skal vi ha. Men det som ofte mangler i norsk samferdselspolitikk, er at noen tar et hovedansvar og et hovedgrep for å få gode, samordnede løsninger på plass. Det gjelder nettopp i de tre byene som er beskrevet. Det er riktig at prosjektene ikke er kommet like langt, og at de har ulik karakter. Det som er en fellesnevner for alle tre, er at de kan knytte jernbane, flyplass og storby sammen på en god måte, og da er vi inne på et av de andre viktige delmålene til den nye nasjonale transportplanen, nemlig å få trafikknutepunkt godt på plass. Mitt tips til statsråden, hvis hun da fortsatt avviser prosjektfinansiering, er å forsøke å kjøre dette frem som miljøprosjekter. Det er jo det det er. Det virker jo som om pengene sitter atskillig løsere for denne regjeringen når det gjelder miljøsatsing. Dette med jernbanebasert kollektivtrafikk i de store byene vil være en god miljøsatsing som kanskje kan løsne noen penger.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:38:46]: Når det gjeld miljøsatsing i dei store byane, har me òg der eit særdeles godt samarbeid med byane. Det er god dialog, både frå Samferdsledepartementet si side og frå andre departement som har eigarskap til det spørsmålet. Eg ser at tida arbeider for det som statsråden har arbeidd for, anten det gjeld køprising eller andre tiltak, som saman med auka satsing på kollektivtransport frå både Regjeringa og lokale styresmakter si side vil bidra til at me får ei meir miljøvenleg uvikling av byane våre. Dei vert betre å leve i, og det er målsetjinga vår. Då vert det betre framkomst i byområda, noko som er særdeles viktig både for fastbuande og for dei som besøkjer byane.

Me kjem til å halde fram med det tette samarbeidet, og eg meiner at vettet ligg minst like godt lokalt som sentralt, og at styringa på dette feltet gjerne skal halde fram med å liggje lokalt, men at me sjølvsagt skal ha ansvar for å bidra både økonomisk og når det gjeld planløysingar.