Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10

Dato: 12.03.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål11

Per Roar Bredvold (FrP) [12:22:04]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Norsk Trafikksenter i Hedmark bygger en ny asfaltbane med dårlig veidekke. Den vil være sporete og slitt, og det vil være forskjellig standard rundt på banen. Dette blir gjort for at den skal være mest mulig lik det trafikantene opplever når de er ute i trafikken.

Hva forteller dette statsråden om den norske veistandarden?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:29]: Dei offentlege vegane har ei samla lengd på meir enn 90 000 km og bind saman landet frå nord til sør og frå kyst til høgfjell. Staten har ansvar for om lag 27 000 km riksvegar. Fylkesvegnettet er om lag like stort og er eigd av fylka, og dei resterande offentlege vegane vert eigde av landets om lag 430 kommunar. Det er såleis ulik standard på vegane, og det er ulike styresmakter som er med på å leggje føringar for korleis dei offentlege vegane vert haldne ved like.

Dei seinare åra har det vore ein sterk auke i trafikktettleiken, samstundes har vegane gjennom mange år ikkje fått godt nok vedlikehald. Eg skjønar at trafikantane synest standarden har vorte dålegare. Dette inntrykket stemmer òg med dei målingane Statens vegvesen utfører, som syner ei negativ utvikling i tilstanden på vegdekket.

Denne regjeringa har difor funne det naudsynt å styrkje drift og vedlikehald vesentleg utover det som er lagt til grunn i gjeldande Nasjonal transportplan. Me satsar sterkt på legging av nytt asfaltdekke og har elles prioritert drifts-, vedlikehalds- og utbyggingstiltak som gir tryggare trafikk, betre flyt i trafikken, reduserer avstandskostnader og betrar transporttilbodet for folk og næringsliv i distrikta. Dette er ei prioritering vi ynskjer å føre vidare bl.a. i arbeidet med Nasjonal transportplan 2010-2019.

Sjølv om det no vert gjort meir for å få til eit godt vegvedlikehald og meir einsarta standard innan dei ulike vegkategoriane, må trafikantane vere budde på forskjellar, m.a. fordi krava til den einskilde vegen dels vil avhenge av trafikkmengda. Eg synest difor det er positivt at Norsk Trafikksenter i Hedmark byggjer ny asfaltbane med ulik standard på vegdekket. Ulukkesanalysane frå 2006 viste at i 75 pst. av ulukkene var manglande førardugleik ei av årsakene. Det er difor viktig at me som førarar lærer oss å takle ulikt føre og ulik vegstandard for å vere best mogleg rusta til ansvaret me tek på oss når me legg ut på vegen.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:24:31]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er koselig at statsråden berømmer Norsk Trafikksenter i Hedmark, det fortjener de absolutt. Det er mye positivt som skjer der. Men det er veldig betenkelig at man lager en ny asfaltbane med masse hull og sporete og ujevn standard, og at man gjør det for å gjenspeile hvordan veistandarden er i Norge.

Det er bra at Regjeringen ønsker å bruke mer penger, og jeg håper at Regjeringen vil bruke mer penger framover. Men det er ikke nok. Samferdselsministeren må få mer penger til samferdsel, for det er ikke bare dårlige førere som medvirker til at det skjer ulykker - statsråden nevnte 75 pst. - det er mange andre ting. Det er klart at det også er samfunnsøkonomi i dette. Trafikken skal fram, varer skal fram, og folk skal trygt fram. Mange av disse tingene kan ikke måles i penger. Statsråden vil selvfølgelig kjempe det hun kan for at det skal bli mer penger til samferdselsbudsjettet, slik at vi slipper å lage baner med huller i.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:25:35]: Eg kan garantere representanten Bredvold at eg skal gjere det eg kan for å sikre større ramme til veg og til samferdsle. Det er jobben min som samferdsleminister å gjere det. Eg er heldig som er samferdsleminister i ei regjering der eg ikkje må stå aleine om å ynskje dette; me har faktisk ei regjering som ynskjer å satse på samferdsle, og som òg har vist det i praktisk handling gjennom å auke budsjettet.

Me har òg auka budsjettet til vedlikehald utover det som ligg i føringane i Nasjonal transportplan, nettopp fordi me ser at vedlikehald var underestimert i den inneverande nasjonale transportplanen. Den førre regjeringa tok ikkje høgd for den trafikkveksten som me har hatt, og hadde difor ikkje lagt inn nok ressursar til vedlikehald. Det har denne regjeringa gjort noko med.

Dette handlar sjølvsagt om fleire vedlikehaldsmidlar, men det handlar òg om at førarane vert sette i stand til å takle ulike vegstandardar, for det vil ta tid før heile det norske vegnettet er oppe på ein standard der me har heilt jamne vegbanar over alt.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:26:44]: Jeg takker igjen statsråden for svaret, og mitt tilleggsspørsmål går videre på dette.

Det er bra at Regjeringen er samlet. Men samferdselspolitikk er ikke bare fly, det er ikke bare tog, det er ikke bare båt, for i dette tilfellet handler det om vei. Det er her jeg ønsker at Regjeringen skal stå sterkere. I mitt fylke, Hedmark, er nemlig veien det viktigste vi har for å transportere oss selv og transportere våre varer - altså når vi skal fra A til B generelt. Derfor sier jeg at samferdsel ikke bare er tog eller fly eller båt. I dette tilfellet er det veien som er det viktigste, det er det viktigste for at Hedmark skal overleve. Det er god distriktspolitikk i god veitrafikk.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:27:31]: Eg er òg her heilt samd med representanten Bredvold. Det er ingen tvil om at uansett kva andre transportformer ein brukar, vil vegen vere viktig. Om vi sender gods på tog, vil vegen vere der i begge endar av distribusjonen. Når det gjeld persontransport, varierer det sjølvsagt med kor ein bur i forhold til jernbanen, men ofte vil ein òg då måtte nytte vegen - i ein ende eller i begge endar. Det same gjeld når ein skal til ein flyplass eller til ein båt.

Vegen er blodåresystemet i det norske transportsystemet. Vegen står for nesten 95 pst. av persontransporten. Jernbanen er utruleg viktig, ikkje minst i dei mest tettfolka delane av landet, som her i Oslo-området, rundt dei store byane og mellom dei store byane, spesielt når det gjeld gods. Difor har Regjeringa ein differensiert samferdslepolitikk der me satsar på tog, på kollektivtransport i og mellom dei store byane, og me satsar på veg der det ikkje er eit kollektivalternativ, altså i distrikta.