Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10

Dato: 12.03.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Signe Øye (A) [11:37:55]: Jeg har et spørsmål til kommunal- og regionalministeren:

«Regional utvikling blir en viktig oppgave for fylkeskommunene i framtiden. Fylkeskommunene kan arbeide med regional utvikling på tvers av kommune- og fylkesgrenser og dermed se større regioner i sammenheng. Skal så skje, er det nødvendig at alle fylkene har ressurser til slikt arbeid. I dag er det svært, svært store forskjeller mellom fylkene.

Mener statsråden at dette vil bli viktige oppgaver for fylkeskommunene i framtida, og vil statsråden sørge for at alle tildeles tilstrekkelige ressurser til arbeidet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:38:52]: Regjeringa har i stortingsmeldinga om forvaltningsreforma, St.meld. nr. 12 for 2006-2007, Regionale fortrinn - regional framtid, lagt opp til at fylkeskommunane skal bli sterke regionale utviklingsaktørar. Det kan berre bli ein realitet viss dei får nye verkemiddel og nye oppgåver.

For eit par veker sidan sende Kommunal- og regionaldepartementet ut eit samla høyringsnotat med konkrete framlegg til nye oppgåver innan næringsutvikling, samferdsel, regionale forskingsfond, opplæringsområdet, kultursektoren, fiskeriforvaltninga og miljøvern. Nokre oppgåver innan landbruks- og matområdet og miljøvern skal avklarast seinare. Eg planlegg å leggja fram ein samleproposisjon for Stortinget med konkrete lovframlegg og framlegg til eventuelle endringar i fylkesinndelinga tidleg på hausten 2008.

St.meld. nr. 12 legg til grunn at dei nye oppgåvene i utgangspunktet skal finansierast gjennom rammetilskotet til fylkeskommunane. Når oppgåvene no blir klarlagde, startar det konkrete arbeidet med utarbeiding av kostnadsnøklar i inntektssystemet og avklaring elles med omsyn til finansiering av dei nye oppgåvene. Innhaldet i dette kjem til å bli presentert i kommuneproposisjonen for 2010, som blir lagd fram våren 2009. Dei endelege framlegga frå Regjeringa kjem i statsbudsjettet for 2010.

Når det gjeld den noverande rolla for fylkeskommunane i høve til regional utvikling, vil eg peika på at fylka i stor grad arbeider på tvers av både kommune- og fylkesgrenser, jamvel på tvers av landegrenser, gjennom Interreg-programma. Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve auka løyvingar til distrikts- og regionalpolitikken. Òg fylka på det sentrale Austlandet har fått auka løyvingar. Alle fylka har på den måten fått større moglegheiter nettopp til å driva regional utvikling. Løyvingane til dei typiske distriktsfylka kjem likevel til å vera størst òg i framtida. I dag får særleg Nord-Noreg mykje av midlane innanfor distrikts- og regionalpolitikken. Det har samanheng med at utfordringane både der og i andre distriktsfylke er særskilt store med omsyn til å sikra busetjing og verdiskaping. Slik vil det nok òg vera i framtida.

Signe Øye (A) [11:41:41]: Jeg takker statsråden for svaret.

Vi vet at det er utrolig store forskjeller fylkene imellom når det gjelder regionale utviklingsmidler. Vi har f.eks. Nordland, som har over 200 mill. kr, men Østfold, som er mitt fylke, har 6 mill. kr. Alle fylkene rundt Oslofjorden har veldig lite og ligger på rundt 5-10 mill. kr.

For to år siden ble det tilført nye 100 mill. kr, men det ble ikke noen spesiell økning for de fylkene som lå så lavt. Jeg tror Østfold gikk opp med en million eller to. Jeg er enig i at det skal være en viss forskjell i forhold til distriktskommuner i nord osv. Men forskjellene i dag er altfor store, og hvis vi vil ta på alvor at alle kommunene skal drive med regional utvikling - og det er like viktig i Oslo-området som det er ellers - må vi gjøre noe med den fordelingsnøkkelen.

Vil statsråden ta initiativ til det?

Presidenten: Presidenten vil minne om at all tale skal gå gjennom presidenten.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:42:57]: Lat meg understreka at eg synest representanten reiser eit viktig spørsmål. Ho peikar på den rolla som alle fylkeskommunar har som regionale utviklingsaktørar, og ho peikar òg på det viktige regionale samarbeidet som føregår på tvers av grenser, der det sjølvsagt er viktig at - skal vi seia - dei mest sentrale fylka har midlar.

Det kan kanskje vera ein eigen diskusjon om kor stort omfanget er. I 2008 utgjer 60-posten, som her er relevant, 1 231,85 mill. kr. Av dei trur eg Østfold etter skjønn fekk til saman 18,82 mill. kr, inklusive interregmidlar.

Signe Øye (A) [11:44:06]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Jeg mener at det må skje en endring på dette. Jeg trenger ikke å bruke ordet en «vesentlig endring», men også i østlandsområdet er det utrolig mange utfordringer - innen samferdsel, miljø, med mangel på areal, når det gjelder en tett befolkningsvekst, osv. Det gjør at det samarbeidet som kan skje i de regionene, er det utrolig viktig å få til. Hvis ikke fylkene får økte midler når det gjelder regional utvikling, er det ikke slik at disse fylkene har midler å bruke til slike formål gjennom rammetilskuddet. Der ligger de også lavere enn landet for øvrig.

Derfor spør jeg igjen kommunal- og regionalministeren: Er hun enig i at de i hvert fall må få en minimumsbevilgning, slik at de kan håndtere også disse sakene skikkelig?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:45:11]: Representanten fører ein god argumentasjon for at alle fylkeskommunar bør ha midlar til dei tiltaka som kjem under vignetten «regional utvikling». Eg har late meg imponera av m.a. samarbeidet mellom fleire fylkeskommunar, t.d. Østfold og Akershus, og, ikkje minst, òg i Interreg-samanheng.

Om eg vil ta initiativ til å endra fordelingsnøkkelen, ynskjer eg ikkje å varsla her. Eg synest kanskje at omfanget av midlane vil ha noko å seia i så måte, og òg utviklinga no i retning av ei stadig aukande sentralisering.

For meg er det viktig heile tida å fokusera på at folk skal ha valfridom når det gjeld å busetja seg òg utanom dei mest sentrale austlandsområda.