Stortinget - Møte onsdag den 28. mai 2008 kl. 10

Dato: 28.05.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Borghild Tenden (V) [12:17:45]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Siden Gjøvikbanen ble konkurranseutsatt under den forrige regjeringen er driften av persontrafikktilbudet forbedret og vi har opplevd en betydelig vekst i reisende, opptil 30 pst. på enkelte stoppesteder. Kongsvingerbanen er en banestrekning som også kunne hatt stor glede av et tilsvarende løft som Gjøvikbanen.

Er statsråden villig til å åpne for konkurranse også på Kongsvingerbanen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:17]: Gjøvikbana har, til liks med andre banestrekningar, hatt ei god utvikling dei siste åra. Talet på reisande har auka. Dette er eg svært glad for. Representanten Tenden seier auken i persontrafikken på Gjøvikbana kjem av konkurranseutsetjinga som den førre regjeringa gjennomførde. NSB Anbod, som no driv persontrafikken på Gjøvikbana, har gjort fleire endringar for å trekkje til seg nye reisande. Dei har bl.a. sett inn nytt materiell og endra rutene, slik at dei no kan by på fleire avgangar til og frå Oslo S. Dei reisande set pris på fleire avgangar og legg noko mindre vekt på at det kan verte trongt om bord.

At ein treng å konkurranseutsetje banestrekningar for å få betre ruteplanlegging og drive nytenking, er eg usamd i. Eg trur det er mykje å hente på å tenkje annleis, utan at ein av den grunn må setje banestrekningar ut på anbod. Ved å ha ei samla og integrert drift av persontrafikktenester kan ein hente ut synergi- og nettverksfordelar som vil kome staten som kjøpar og dei reisande som brukarar til gode.

Eg kjem difor ikkje til å arbeide for å konkurranseutsetje Kongsvingerbana.

Borghild Tenden (V) [12:19:41]: Jeg takker statsråden for svaret. Det var ikke overraskende, for denne regjeringen gikk jo til valg på å stanse konkurranseutsetting.

Så til en statsråd fra Senterpartiet, et parti som påberoper seg å være et sentrumsparti: Statsråden ser at Gjøvikbanen har blitt en suksess, selv om statsråden legger noe annet i det enn det andre ville ha gjort. De har en dyktig direktør, og de har stolte medarbeidere. Er det da kun ideologiske grunner til at ikke også Kongsvingerbanen kan få et løft på lik linje med Gjøvikbanen, og på den måten få flere kollektivreisende og at folk reiser på en miljøvennlig måte?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:20:31]: Eg trur ikkje ein kan trekkje dei generelle slutningane frå konkurransen på Gjøvikbana som representanten Tenden gjer.

Viktige årsaker til at ein fekk auka produksjon og reduserte kostnader på Gjøvikbana, er at ein auka produksjonen på dei tidene av døgnet då materiell og personell ikkje var utnytta. Det er mange fordelar med stive ruter, og dette prinsippet er lagt til grunn for utviklinga òg av rutetilbodet som no vil kome på andre strekningar, ikkje minst når Vestkorridoren står klar.

Framskriving av produktivitetsforbetringar der staten har framforhandla rammeavtalen med NSB, gir om lag 15 pst. auka produksjon til same pris som tidlegare når NSB er oppe på sin produksjon.

Eg ser ikkje at konkurranseutsetjing på Gjøvikbana har ført til at det er det som er årsaka til dei produktivitetsforbetringane som skjer. Eg planlegg elles ein tur med Gjøvikbana i nær framtid for sjølv å sjå på korleis bana fungerer.

Borghild Tenden (V) [12:21:33]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Vi er litt uenige om hva som er årsaken til at Gjøvikbanen har lyktes så bra. Statsråden har selv sagt i denne sal at hun har god dialog med administrerende direktør på Gjøvikbanen. Nå etterlyser administrerende direktør på NSB Gjøvikbanen AS en ny organisering av drift og vedlikehold, hvor man legger større vekt på eierskap til banen, der man organiserer det som et prosjekt, en forretningsenhet i Jernbaneverket. Er statsråden villig - etter å ha hatt en prøvetur med Gjøvikbanen - til å prøve ut en ny organiseringsmodell på driften og vedlikeholdet også, slik at NSB Gjøvikbanen AS kan få et enda større eierskap til banen, og som direktøren sier vil være en suksessfaktor?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:37]: På den nemnde turen med Gjøvikbana kjem eg òg til å snakke med dei styrande for bana, og då får no dette vere eit tema som me får diskutere der, og eventuelt i etterkant. Eg har ikkje noko spesielt å melde om det i dag, for det er eit spørsmål som ikkje har vore oppe på mitt bord. Eg plar ikkje melde rett over bordet i den typen spørsmål.

Det som er viktig for folk, er at det er nok kapasitet og god nok frekvens, og då vert det viktig det som denne regjeringa har gjort, nemleg å halde fullt trykk på utbygginga i Vestkorridoren, slik at NSB, når denne korridoren står ferdig, kan setje i verk sitt ambisiøse rutetilbod, som vil bety ei enorm betring, nesten ein revolusjon, samanlikna med det ein har vore van med når det gjeld tog i Oslo-området. Så eg fokuserer først og fremst på det.

For det andre er eg overraska over at Borghild Tenden frå Venstre - min forgjengar, Skogsholm, var jo pådrivar for konkurranse om større pakkar og togtilbod - no tek til orde for konkurranseutsetjing av Kongsvingerbana. I budsjettet for 2004-2005 orienterte jo Bondevik II-regjeringa om at dei neste trafikkpakkane skulle vere Bergensbanepakken og Sørlandsbanepakken. Så dette er iallfall ikkje heilt i tråd med tidlegare tankegang i Venstre.